Strilen / Beste / Veit du om ein god butikk?
Brukernavn 
Passord 
 
Veit du om ein god butikk?

Veit du om ein god butikk?

Del | |

Er dette Nordhordlands beste butikk?

Publisert 24.01.11 15:31
Endret 24.01.11 15:33

I februar vil Strilen kåra Nordhordlands beste butikk, og no er me på jakt etter gode kandidatar.

Fleire har alt nytta sjansen til å fremja sin butikk, deriblant Sølvi Helen K. Mjøs. Ho vil gjerne ha Bunnpris i Bøvågen (bildet) med i konkurransen. Det har ho grunngitt med desse flotte versa:

Me har ein butikk her på Hordabø
der BUNNPRIS tilboda står i kø.
betjening som smiler og hjelper til
ja der er de alle sånn orntleg snill.
 
Her kan me senda POST til venn og kjær
og levera kupongen for å bli millionær
brød og melk, og frukt so fin
eg er glad i butikken MIN.
 
Om været er dårlig du er litt sur
so hjelpe da alltid med ein butikktur
for Frode og staben e alltid glade,
og visst ikkje da hjelpe, so sel de sjokolade..
 
Ja dette e butikken for små og for store
og treng du hjelp ber de varene  heilt heim på kjøkkenbordet
du finn det du treng til kvardag og fest
ja butikken vår den er nok BEST!!


Mange nominete

Blant forslaga Strilen har mottatt er også Feste Nærkjøp, Charisma Klesbutikk på Frekhaug, Tekstilstova, apoteket og ElleMelle på Mastrevik torg og Nille, Brio, Cmyk, Lindex og Rema 1000 i Knarvik.

Synest du at nokre av desse butikkane er ein god kandidat, eller veit du om andre som bør vera med må du skunda deg å senda ein e-post til beste@strilen.no.

Ei god grunngjeving aukar sjansen for at akkurat din favorittbutikk er blant dei som får vera med vidare i konkurransen.

Siste frist for å nominera butikkar til konkurransen er søndag 30.januar.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




«Halve» bygda stiller som nattevandrarar

«Halve» bygda stiller som nattevandrarar

MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

    Meland veks fortast

    Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.

      Hamstra brød i Knarvik

      Hamstra brød i Knarvik

      Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.

        Foten ned for full utbygging

        Foten ned for full utbygging

        AUSTRHEIM: Dersom planar om bustadfelt på Solesjøen skal få grønt lys, må utbyggjaren redusera talet på bustader kraftig.

          Vil du vera reiseleiar i sommar?

          Vil du vera reiseleiar i sommar?

          Er du reiselysten og samstundes interessert i å jobba med born? Då kan du få hjelpa Astrid, Mille, Sander og Eilif med å få oppleva sitt livs eventyr i sommar.

            Bøndene aksjonerer

            Bøndene aksjonerer

            LINDÅS: Vakne bilistar har sett «traktoregg» og banner fleire stader i distriktet i dag. Dei er del av bøndene sin aksjon mot jordbruksoppgjeret.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler