Vestnorsk utvandringssenter - ein smak av Amerika
Stad: På Sletta i Radøy
Type attraksjon: Museum
Endret 17.08.11 17:06
Mange rista nok på hovudet då Asbjørn Ystebø lanserte ideen om å flytta ei heil kyrkje frå prærien i USA til ei lita bygd på Radøy. Men han fekk bygda med seg, og 4. juli 1997 vart Emigrantkyrkja på Sletta tatt i bruk. Seinare har fleire bygningar kome etter. No består museet av fem gamle præriehus i tillegg til kyrkja.
– Utvandringa til Amerika har hovudfokuset hjå oss, men me arbeider også med migrasjon og kulturmøter generelt, seier Ida Dyrkorn Heierland.
Ho er avdelingsleiar på Utvandringssenteret som er ein del av museumssenteret i Hordaland.
Senteret er blant dei største turistattraksjonane i Nordhordland og godt besøkt.
– Me har opplevd ein fin auke i besøket, og i den seinare tid har me også begynt å jobba mot nye grupper. Tidlegare har me nådd best ut til vaksne, men no arrangerer me også familiedagar og andre aktivitetar retta mot born og unge, seier Dyrkorn Heierland.
På neste familiedag skal folk få prøva seg som nybyggjarar. Då kan borna mellom anna besøkja indianartelt, skyta med pil og boge, laga reiskapar av stein og sy skinnposar.
I tillegg til å vandra rundt på området til senteret og sjå på bygningane, kan besøkande også sjå ei permanent utstilling i kjellaren, delta på temakveldar og andre arrangement i løpet av året. I år er mellom anna opninga av Knarvikmila lagt til utvandringssenterer der Heimalanne skal ha utandørskonsert. Kvar sommar arrangerer senteret også sin eigen Utvandringsfestival med ulike aktivitetar for små og store, foredrag, festmiddag med meir.
– Me jobbar stadig med å utvikla senteret vidare. Akkurat no jobbar me mykje med planane om eit nytt visningsbygg, som mellom anna kan husa utstillingar, bibliotek, kontor, café og museumsbutikk i tillegg til magasin. Me meiner det er avgjerande for vidare vekst.
Det vert også jobba med å utvikla undervisningsopplegg for skulane i Nordhordland der kontakt mellom skular her heime og i USA står sentralt.
– Emigrantkyrkja, dei andre bygningane og alle andre gjenstandar og materielle levningar som er samla ved senteret er viktige. Dei gamle gjenstandane, og miljøet me har plassert dei i, gjev oss sterke impulsar til tankar om fellesskap mellom tider og folk, men også om at ting og omgivnadar stendig endrar seg. Noko av det vi har rundt oss lever vidare, noko anna blir ruiner eller samleobjekt og får ny meining på den måten. Utvandringssenteret fungerer i dag som ein levande møteplass– både sosialt og kulturelt; det er blitt en del av lokalsamfunnet og det sosiale rommet på Sletta. Mange har langt ned ein enorm dugnadsinnsats for Utvandringssenteret, og utan denne innsatsen hadde me aldri vore der me er i dag, seier ho.
«Halve» bygda stiller som nattevandrarar
MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.
Meland veks fortast
Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.
Hamstra brød i Knarvik
Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.
Foten ned for full utbygging
AUSTRHEIM: Dersom planar om bustadfelt på Solesjøen skal få grønt lys, må utbyggjaren redusera talet på bustader kraftig.
Siste kortnytt
- Trafikkulukke på Hagelsundbrua [16.05.12 16:18]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
- Mistenkjer promillekjøring [03.05.12 15:02]
- Bråk på busstopp og legevakt [03.05.12 15:00]
- Brannvernet sløkkte, mann tente på [03.05.12 14:59]
- Bråk i badevika [30.04.12 10:31]
- Har du mista pengane dine? [30.04.12 10:30]
- Mobilinnsamling heile veka [30.04.12 09:01]
Mest lest
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Bygg som nesten er for lite [20.04.12 21:48]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Til alters etter 28 års prøvetid [14.04.12 15:48]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Tok Roald på senga [18.04.12 11:24]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]





