Strilen / Beste / Vil vera tett på det lokale
Brukernavn 
Passord 
 
Vil vera tett på det lokale

Bjarte Vatnøy

Vil vera tett på det lokale

Del | |

«Bjarte Vatnøy står på for kommunen. Han har god lokalkunnskap, lyttar til innbyggjarane, gjer ein flott jobb for kommunen og framstår som ein god ordførarkandidat», skriv karen som meiner dette er politikaren Strilen leitar etter.

Publisert 17.09.11 13:34
Endret 17.09.11 13:15

•    Fødd: 1976
•    Bur: I Knarvik
•    Partitilknyting: Frp

Bjarte Vatnøy melde seg inn i Fremskrittspartiet i år 2000.

– Eg begynte å engasjera meg fordi eg var mot bompengar. Så oppdaga eg at det var også var mange andre gode saker eg ville jobba for, seier Bjarte til Strilen. Han er no klar for sin tredje periode i kommunestyret.

– Eg synest det har vore veldig spennande å sitja i kommunestyret, og veldig kjekt å vera varaordførar i siste periode. Eg har fått vore med på mange interessante saker. Lindås kommune var jo på Robek-lista over kommunar, og økonomien var dårleg. Me har måtta tatt ein del tøffe val, men eg føler også at me har fått til mykje bra. Det har vore spennande å jobba med kommuneøkonomien og framtidsplanar. Tilbod til dei unge og dei eldre opptek meg. Av saker eg hugsar spesielt godt, så har me hatt ein del spennande namnesaker. Altså stadnamn. Det er slikt som engasjerer folk veldig, og ein del vegsaker, og så har du sjølvsagt skulesaka. Den har vore viktig og vanskeleg.

– Ja, ditt parti har jo stemt for skulenedlegging. Korleis har det vore å skulla forsvara eit slikt synspunkt?

– Det er ikkje så lett, men ein må våga å stå for det ein meiner. Som lokalpolitikar har eg møtt ein del som meiner at eg burde meint noko anna om saker og ting, og ein del som er glad for at eg meiner det eg meiner. Og slik er det jo, men når du sit i kommunestyret for eit parti, må du jobba for dei sakene partiet meiner er viktige, og eg må seia at eg føler at eg er kome i riktig parti. Eg er veldig einig med Frp sin politikk og når ein må ta vanskelege val, er det viktig å føla at dette er noko det er brei einigheit om i partiet, seier Vatnøy.

Han har hatt ein del verv både i Lindås Frp, Hordaland Frp og utsending i KOMPOL- eit kommunepolitisk utval. Privat har han også engasjert seg litt for idretten.

– Då eg var yngre, spelte eg ein del fotball og som student var eg mellom anna med å starta ein fotballklubb for utflytta strilar. Den fekk namnet SK Mann og lever framleis i Bergen, og eg har engasjert meg i Regncon ein årleg spelfestival i Bergen, men i dei seinare år er det familie og politikk som har tatt mesteparten av fritida mi, seier Bjarte. Medan mange politikarar ønskjer seg til Stortinget, er han klar på at det er lokalpolitikken som er viktig for han.

– I samband med valet dukkar det gjerne opp historier om folk som har site i kommunestyre og hatt ulike verv i 40-50 år og eg håpar eg kan verta ein av dei. Eg har ingen ambisjonar om å sitja i Oslo. Det er det som skjer her lokalt som engasjerer meg mest og eg håpar eg framleis er aktiv i politikken om både 20 og 30 år, seier Bjarte Vatnøy. 


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




«Halve» bygda stiller som nattevandrarar

«Halve» bygda stiller som nattevandrarar

MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

    Meland veks fortast

    Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.

      Hamstra brød i Knarvik

      Hamstra brød i Knarvik

      Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.

        Foten ned for full utbygging

        Foten ned for full utbygging

        AUSTRHEIM: Dersom planar om bustadfelt på Solesjøen skal få grønt lys, må utbyggjaren redusera talet på bustader kraftig.

          Vil du vera reiseleiar i sommar?

          Vil du vera reiseleiar i sommar?

          Er du reiselysten og samstundes interessert i å jobba med born? Då kan du få hjelpa Astrid, Mille, Sander og Eilif med å få oppleva sitt livs eventyr i sommar.

            Bøndene aksjonerer

            Bøndene aksjonerer

            LINDÅS: Vakne bilistar har sett «traktoregg» og banner fleire stader i distriktet i dag. Dei er del av bøndene sin aksjon mot jordbruksoppgjeret.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler