– Folk på Fedje er skuffa og sinte
Det var ikkje dette ordføraren ønskte. Ho opplever at Fedje-folket er sinte over at hevinga av U-864 er utsett på ubestemt tid. (Foto: Carina Øien)
Endret 05.03.10 14:36
– Nokre er skuffa, andre er sinte av dei eg har nådd å snakka med.
Det seier ein blåfrosen ordførar Kristin Handeland fredag etter å ha vore med på utefotografering for TV2 og NRK.
Ho ville ikkje kommentera før etter at regjeringa kom med si grunngjeving for å utsetja ubåthevinga på ubestemt tid. Grunngjevinga kom i ei pressemelding frå Fiskeri- og kystdirektoratet.
– Ting tar tid
– Kav sinnstilstand er du sjølv i?
– Det var ikkje dette eg ønskte mest, er Ap-ordføraren sitt svar på at fiskeriministeren frå eige parti ikkje vil heva ubåten sommaren 2011 slik regjeringa tidlegare har lagt opp til.
Handeland er likevel nøgd med at vedtaket om heving ikkje er rokka ved.
– Men diverre viser det seg at ting tar tid. Og no er det den kritiske rapporten som kom før jul som spelar inn, seier Handeland.
– Men er saka verkeleg ikkje nok utgreidd?
– Det må du spørja fagfolka om.
– Føler du at den førre fiskeriministeren var meir positiv til heving enn den noverande?
– Det vert feil å påstå det. Den noverande legg vekt på å vera heilt sikker på at heving kanskje er trygt både for folk og miljø, seier Handeland.
– Har du eit tips for kva årstal ubåten vert heva?
– Nei, det tør eg ikkje å koma med.
«Ikkje endra standpunkt»
– Regjeringa har ikkje endra standpunkt. Ubåtvraket skal handterast på ein miljømessig best mogleg måte, både av omsyn til tryggleik, våre produktive hav- og kystområde og folk som lever langs kysten, uttalar fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen gjennom pressemeldinga frå Fiskeri- og kystdepartementet.
Der vert det vist til at «Den eksterne kvalitetssikringa av hevinga av U-864 påpeikar uvisse på fleire område. Eit uhell knytt til kviksølvlasta kan skada hav- og kystmiljøet. Hevingsalternativet skal difor utgreiast grundigare, for å sikra at hevingsoperasjonen er godt nok planlagt og akseptabel med tanke på miljøhensyn og risiko», er ordlyden frå departementet.
Dermed er det klart at regjeringa legg stor vekt på den kritiske rapporten om tryggleiken, kompetanse og økonomi levert av Dovre Group i desember i fjor.
Ny høyring?
Etter det BT kjenner til, går det mot ei ny brei høyring omkring U-864 i Stortinget.
«Når utgreiinga er gjennomført, vil regjeringa koma tilbake til Stortinget på ein eigna måte», heiter det i pressemeldinga.
Kor vidt regjeringa prøver å halda att på pengebruken, er ikkje sagt noko om. Men Finansdepartementet vert kopla inn i vurderinga av selskap som skal delta i utgreiingsarbeidet, går det fram av pressemeldinga.
– Utgreiingsarbeidet vert sett i gang så raskt som mogleg. Kvalitetssikringsrapporten slår fast at me ikkje er i tidsnaud. Me må bruka den tida me har til rådvelde for å koma fram til ei best mogleg løysing for korleis me skal handtera kvikksølvforureininga, seier fiskeriminister Berg-Hansen.
– Er det nødvendig å bruka så lang tid?
Aksjonen for heving av U-864 har vanskeleg for å akseptera ei utsetjing.
– Eg ser at vedtaket om heving av ubåten står ved lag, men er bekymra over at ein skal bruka så frykteleg lang tid når det er sagt at det lek ut fleire kilo kvikksølv kvart år.
Det er Lisbeth Stuberg i Aksjonen for heving av U-864 sin første reaksjon etter å ha lese pressemeldinga om utsetjing på ubestemt tid, slik regjeringa i statsråd gjekk inn for fredag.
Stuberg er med på at hevinga må vera trygg, men ho har store problem med å akseptera at det skal vera nødvendig å nullstilla utgreiingane av ei heving, slik det ser ut til at regjeringa vil.
– Det ligg på bordet grundige utgreiingar og tilbod om heving. Då må ein heller ta fatt i hevings-tilbodet og forbetra dette, seier Stuberg.
I første runde ser ho ikkje grunnlag for nye fakkeltog på Fedje, men ho seier at aksjonen vil samla seg og drøfta den nye situasjonen så snart det er praktiske mogeleg.
Protesterer mot «tvilsam» ankring
MASFJORDEN: Dei siste månadene har det stadig lege båtar oppankra ved Haugsøytangen i Masfjorden. Det vil kommunestyret ha slutt på.
Mar Christina, som hadde ein eksplosjon ombord ved kai i Sandfjord i fjor, er ein av båtane som skal ha ankra opp her. (Foto: Atle Møller, Sandefjord Blad)
Går for rekorden
KNARVIK: Tysdag og torsdag i neste veke skal Knarvik-elevane samla inn pengar til Aserbajdsjan.
– Tenk nytt, ikkje nedlegging!
Nytenking og spissing av tilbodet var rådet frå dei som skal bestemma. Støttegruppa vil like mykje ha eit breidt tilbod og nybygg ved Austrheim vidaregåande.
Siste kortnytt
- Pågripen med narkotika [03.02.12 15:29]
- Stoppa tvilsam mopedist [03.02.12 12:57]
- Kjørte utfor [03.02.12 10:05]
- Truleg hjartesvikt bak dødsulukke [03.02.12 14:51]
- Kjerringslepp fredag [02.02.12 13:05]
- I fjellveggen på E39 [02.02.12 09:33]
- Rolls Royce måtte evakuerast [01.02.12 14:49]
- Hadde 94 i 60-sona [01.02.12 14:50]
- Raud jolle på frifot [31.01.12 15:31]
- Ikkje slepp hundane fri [31.01.12 12:26]
- Bølla seg rett i kasjotten [30.01.12 10:37]
- Innbrot i rådhuset [30.01.12 10:37]
- Travel helg for politiet [29.01.12 19:20]
- Lindåshallen opnar måndag [29.01.12 19:07]
- Ope møte om Austrheim VGS [29.01.12 19:22]
- Truga med kniv [26.01.12 10:51]
- Bilbrann på Mongstad [26.01.12 10:50]
- Stadig færre vil driva kvalfangst [26.01.12 10:49]
- Endå ein båt på rek [25.01.12 15:46]
- Kjørte på rullestol [23.01.12 13:02]
Mest lest
- Leiteaksjon ved Haglsundbrua [17.01.12 14:19]
- Lindås-dame millionær på Joker [16.01.12 12:45]
- 63 Lotto-millionar til Austrheim-mann [19.01.12 10:12]
- «Heilt utruleg» [13.01.12 20:55]
- Maks gøy å få møta Jan Thomas [09.01.12 17:09]
- Redda jenter med handjern [21.01.12 11:53]
- Kranbil i grøfta [22.01.12 10:05]
- Tom båt låg midt i skipsleia [21.01.12 16:02]
- Ekstremt glatte vegar [22.01.12 10:05]
- 130 let seg inspirera [14.01.12 16:23]
- Redda av BKK [22.01.12 11:12]
- Kjøpefest med sur svie [06.01.12 18:22]
- Massivt nei til vindkraft [18.01.12 09:36]
- Til toppjobb i Bergen [26.01.12 10:47]
- Snøvêr og godt humør [08.01.12 12:58]
- Omkom i dykkarulukke [30.01.12 11:33]
- Spurte biskopen om alkohol, abort og homofili [18.01.12 16:28]
- – Dette får de til viss de berre vil [13.01.12 17:40]
- Har overteke Bestefarstova [31.01.12 11:44]
- Bil på taket på Sletta [13.01.12 20:52]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]









