– Ikkje gløym hunden
Tilsette i Knarvik Senter reagerer på bruken av hundeparkeringa.
Endret 16.06.10 20:00
– Det er heilt forferdeleg. Det har site ein hund i bur her og bjeffa i alle fall i to timar. Fleire kundar har kome inn i butikken og spurt om me ikkje kan gjera noko, seier tilsette i ein butikk i Knarvik Senter.
Butikken er nær nabo til hundeparkeringa i senteret og dei som jobbar her vil gjerne koma med ei oppfordring til dyreeigarar.
– Ikkje la hunden sitja i hundeburet i lengre tid, seier dei.
Då Strilen var ved hundeparkeringa i 13-tida onsdag, sat det ein hund i bur og bjeffa når folk gjekk forbi.
I butikken er dei bekymra for velferda til hundane.
– Me er fleire naboar her som har snakka om dette. Ingen av oss kan forstå at hundeeigarar kan forlata eit dyr i ein slik boks i fleire timar. Bruken av hundebur som dette bør avgrensast til eit minimum. I dag er det heldigvis ikkje så varmt, men ein del hundar vert stressa av å sitja. Me veit ikkje om dei har tilgang til vatn, men uansett synest me ikkje at hundar bør verta sitjande på ein slik stad. Det er ikkje kjekt verken for hunden eller folk rundt, seier butikkpersonalet.
Onsdag ringte dei senterkontoret for å få hjelp.
– Me jobbar med å finna hundeeigaren. Eg trur det skal gå bra. Dersom me ikkje får kontakt, vil me opna buret og få hunden ut derifrå. Me finn nok ei løysing på det, får Strilen vita når avisa ringjer senterleiar Åge Torsvik.
Tilsette i butikkane gjev uttrykk for at det fleire gongar har vore problem med hundeparkeringa, men det kjenner ikkje senterleiaren til.
– Det går stort sett greitt. Det er svært sjeldan me har problem som dette, seier Torsvik.
«Halve» bygda stiller som nattevandrarar
MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.
Meland veks fortast
Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.
Hamstra brød i Knarvik
Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.
Foten ned for full utbygging
AUSTRHEIM: Dersom planar om bustadfelt på Solesjøen skal få grønt lys, må utbyggjaren redusera talet på bustader kraftig.
Siste kortnytt
- Trafikkulukke på Hagelsundbrua [16.05.12 16:18]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
- Mistenkjer promillekjøring [03.05.12 15:02]
- Bråk på busstopp og legevakt [03.05.12 15:00]
- Brannvernet sløkkte, mann tente på [03.05.12 14:59]
- Bråk i badevika [30.04.12 10:31]
- Har du mista pengane dine? [30.04.12 10:30]
- Mobilinnsamling heile veka [30.04.12 09:01]
Mest lest
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Bygg som nesten er for lite [20.04.12 21:48]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Til alters etter 28 års prøvetid [14.04.12 15:48]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Tok Roald på senga [18.04.12 11:24]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]












