Pågripen med narkotika

LINDÅS: Ein mann midt i tjueåra er pågripen og sett i fengsling forvaring mistenkt for omgang med narkotika.

[03.02.12 15:29]

Stoppa tvilsam mopedist

LINDÅS: Utan førarkort, og på ein moped utan lys og bremser og med slarkete framhjul, møtte ein bilførar torsdag ettermiddag politiet i Mundalsbergtunnellen.

[03.02.12 12:57]

Kjørte utfor

LINDÅS: Ingen vart skadd då ein bil kjørte utfor vegen mellom Mongstad og Lauvås på FV57 fredag morgon.

[03.02.12 10:05]
Brukernavn 
Passord 

Pdf-avis

Kjøp Strilen i
pdf-utgåve HER.

http://static.buyandread.com/thumbnail/strilen/strilen.jpg

Må få orgel!

Lindås kommunestyre skal neste torsdag avklara den økonomiske ramma for den nye kyrkja i Knarvik. Frå formannskapet kjem det ikkje mindre enn tre tilrådingar:

Last ned Strilen sine
næringssider 260112


Strilen vert redigert i samsvar med norsk lovgivning, redaktørplakaten og dei prinsipp som er nedfelte i Vær Varsom-plakaten av Norsk presseforbund.

Om lesarar føler at Strilen har begått overtramp, bed vi dei kontakta konstituert redaktør Hans Egil Storheim

– Knarvik nord vil dø ut

– Knarvik nord vil dø ut

Knarvik nord og Hellestveit går til frontalangrep mot det utvida industriområdet ein ny plan legg opp til.

Publisert 12.02.10 17:46
Endret 12.02.10 17:34

– Vert dette forslaget til ny kommunedelplan for Lindåsneset vedtatt, vil Knarvik nord og Hellestveit langsamt dø ut.
Etter eit bygdemøte tysdag føler talsmann Jostein Hellestveit at han har heile bygda med seg i å protestera kraftig mot forslaget som no er ute til høyring.
– Me vil seia klart ifrå på det opne møtet om planen på Lindås tysdag, seier Helles-tveit til Strilen.
Også grunneigarlaget i regionen er på bana og hadde møte i går kveld etter at Strilen gjekk i trykken.

– Klar stemning
– Om det er grunneigarar som ser at dei kan få ei inntekt ved sal, er det ei ærleg sak. Men for bygdene Knarvik nord og Hellestveit synest stemninga heilt klar mot det nye industriarealet, seier Hellestveit.
Det er den sørlege delen av planen, kring 1000 mål, dei nærmaste bygdene varslar kraftig motstand mot. Det er område E på kartet, ved Hellestveit og sørover forbi Knarvik, mot Risa og Lauvås.
Det utgjer om lag halvparten av planen. Forslaget seier dette skal vera framtidig areal for industri av regional og nasjonal interesse. Dei nye områda kan knytast mot den eksisterande industrien på Mongstad via ein tunnel gjennom åsen som skil områda.
– Det som kan koma, vert neppe noko søndagsskule-prega område for kontorbygg. Området er flatt og me ser ikkje for oss at storindustri i dette området vert til å leva med støymessig. Til dømes vert innmarka av Hellestveit-garden innestengt av industri på tre sider og riksvegen på den fjerde. Om det ikkje skjer i mi tid, vil det å opna for industri her, bety slutten for ei gardsdrift, seier Hellestveit.

Belasta frå før
Han viser til at bygda frå før er belasta med baseområdet på Mongstad sør stadig tettare innpå.
– I tillegg kjem belastning med stadig forureining av sjøområda, seier Hellestveit.
– Eit vedtak i kommunestyret frå 1983 seier dessutan at det skulle koma ei sone med planting mellom basen og Knarvik nord. Men denne sona er no utplanert, så me har tynnsliten tillit til at kommunen innfrir det som tidlegare har vore edle tankar, seier Hellestveit.
Han peikar òg på at planen informerer om at gjeldande reguleringsplan enno har 1800 mål ledig industriareal på Mongstad Nord og Sør.
 Blant anna har Statoil Mongstad kring 1000 ledige mål, og det er ledig areal på Mongstad Sør.
– Då bør ein vel heller oppmoda om at dette arealet vert nytta framfor å be innbyggjarar i nærmiljøet gje slepp på nye areal, seier Hellestveit.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Skodvin-klasse best i avislesing

Skodvin-klasse best i avislesing

Ingen andre sjuande­klassar var like flinke til å hugsa detaljar.

    Protesterer mot «tvilsam» ankring

    Protesterer mot «tvilsam» ankring

    MASFJORDEN: Dei siste månadene har det stadig lege båtar oppankra ved Haugsøytangen i Masfjorden. Det vil kommunestyret ha slutt på.

    Mar Christina, som hadde ein eksplosjon ombord ved kai i Sandfjord i fjor, er ein av båtane som skal ha ankra opp her. (Foto: Atle Møller, Sandefjord Blad)

      Går for rekorden

      Går for rekorden

      KNARVIK: Tysdag og torsdag i neste veke skal Knarvik-elevane samla inn pengar til Aserbajdsjan.

        – Tenk nytt, ikkje nedlegging!

        – Tenk nytt, ikkje nedlegging!

        Nytenking og spissing av tilbodet var rådet frå dei som skal bestemma. Støttegruppa vil like mykje ha eit breidt tilbod og nybygg ved Austrheim vidaregåande.

          «Folk ved fjorden» på kino i Oslo

          «Folk ved fjorden» på kino i Oslo

          Øyvind Sandberg sin siste dokumentarfilm opnar på to kinoar i hovudstaden denne helga.

            Skøyteis på Fossemyra

            Skøyteis på Fossemyra

            «Skøytebana» på Fossemyra opnar i kveld

              Siste kortnytt

              Eldre artikler

              Webkamera

              Klikk på biletet nedanfor for å sjå bilete frå den nye rundkjøringa akkurat no.