Pågripen med narkotika

LINDÅS: Ein mann midt i tjueåra er pågripen og sett i fengsling forvaring mistenkt for omgang med narkotika.

[03.02.12 15:29]

Stoppa tvilsam mopedist

LINDÅS: Utan førarkort, og på ein moped utan lys og bremser og med slarkete framhjul, møtte ein bilførar torsdag ettermiddag politiet i Mundalsbergtunnellen.

[03.02.12 12:57]

Kjørte utfor

LINDÅS: Ingen vart skadd då ein bil kjørte utfor vegen mellom Mongstad og Lauvås på FV57 fredag morgon.

[03.02.12 10:05]
Brukernavn 
Passord 

Pdf-avis

Kjøp Strilen i
pdf-utgåve HER.

http://static.buyandread.com/thumbnail/strilen/strilen.jpg

Må få orgel!

Lindås kommunestyre skal neste torsdag avklara den økonomiske ramma for den nye kyrkja i Knarvik. Frå formannskapet kjem det ikkje mindre enn tre tilrådingar:

Last ned Strilen sine
næringssider 260112


Strilen vert redigert i samsvar med norsk lovgivning, redaktørplakaten og dei prinsipp som er nedfelte i Vær Varsom-plakaten av Norsk presseforbund.

Om lesarar føler at Strilen har begått overtramp, bed vi dei kontakta konstituert redaktør Hans Egil Storheim

17.maistemning for over/undergang

17.maistemning for over/undergang

LINDÅS: Det var reine 17.maistemninga på Hundvin i dag etter at fylkestinget i går, tysdag, løyvde 15 millionar kroner til gang- og sykkelveg ved butikken på Konglevoll.

Publisert 10.03.10 14:45
Endret 10.03.10 17:39

– Dette er ein stor dag for oss. Me har kjempa for dette i nesten 20 år, seier ei lukkeleg Irmelin Seljelid Larsen.

Tysdag vart det klart at fylkestinget løyver 15 millionar kroner til gang- og sykkelveg på Konglevoll.  Pengane skal både rekkja til ein overgang ved tunnelen på Konglevoll og ein undergang under vegen. Ny avkøyrsle til butikken skal og liggja inne i prosjektet.

Den tidlegare leiaren i Hundvin bygdelag fortel at så snart nyheita vart kjend, gjekk det meldingar rundt til folk i bygda.

 

Over tre år

Fylkestinget løyver fire millionar kroner neste år, ni millionar i 2012 og to millionar i 2013.

– Eg håpar dei begynner med overgangen ved tunnelen, for då kan dei som bur på vestsida av vegen, koma seg til skule, ungdoms- og bedehus utan å måtta kryssa riksvegen, seier Seljelid Larsen.

I dag har borna skuleskyss, men viss dei skal på aktivitetar på skulen eller andre stader utanom skuletid, må stort sett foreldra køyra fordi det er for farleg for borna å kryssa Fv57.

– Rett nok er fartgrensa no sett ned til 60 km/t, men mange respekterer ikkje den, seier Seljelid Larsen.

 

- Vår tur

– Mange vil kanskje seier at 15 millionar kroner er mykje til ei lita bygd som vår, men dette er kjempa for i lang tid. No er det vår tur, seier Janne Steinsund.

Ho er mor til to og har sjølv vakse opp i bygda.

– Eg har vore borti farlege episodar når eg skulle kryssa vegen, fortel ho.

Når trailerar dundrar forbi, vert det laga eit kraftig luftsug som kan vera farleg for gåande og syklande.


Også barnehagen

– Me er også veldig glade for overgangen som skal koma, seier Charlotte Nordahl Grimstad, som er styrar i barnehagen på Bruvoll.

– Når me får overgangen, kan me ta i bruk Dalheim til innandørs aktivitetar, seier ho.

Då vil dei og kunna koma seg til butikken.

Både born og vaksne hadde møta fram då Strilen skulle ta bilde i samband med saka.

– Du må få med at dette kan vera med på å sikra skulen og, vert det sagt.

Politikarane i Lindås har fleire gonger truga med å leggja ned Skodvin skule.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Skodvin-klasse best i avislesing

Skodvin-klasse best i avislesing

Ingen andre sjuande­klassar var like flinke til å hugsa detaljar.

    Protesterer mot «tvilsam» ankring

    Protesterer mot «tvilsam» ankring

    MASFJORDEN: Dei siste månadene har det stadig lege båtar oppankra ved Haugsøytangen i Masfjorden. Det vil kommunestyret ha slutt på.

    Mar Christina, som hadde ein eksplosjon ombord ved kai i Sandfjord i fjor, er ein av båtane som skal ha ankra opp her. (Foto: Atle Møller, Sandefjord Blad)

      Går for rekorden

      Går for rekorden

      KNARVIK: Tysdag og torsdag i neste veke skal Knarvik-elevane samla inn pengar til Aserbajdsjan.

        – Tenk nytt, ikkje nedlegging!

        – Tenk nytt, ikkje nedlegging!

        Nytenking og spissing av tilbodet var rådet frå dei som skal bestemma. Støttegruppa vil like mykje ha eit breidt tilbod og nybygg ved Austrheim vidaregåande.

          «Folk ved fjorden» på kino i Oslo

          «Folk ved fjorden» på kino i Oslo

          Øyvind Sandberg sin siste dokumentarfilm opnar på to kinoar i hovudstaden denne helga.

            Skøyteis på Fossemyra

            Skøyteis på Fossemyra

            «Skøytebana» på Fossemyra opnar i kveld

              Siste kortnytt

              Eldre artikler

              Webkamera

              Klikk på biletet nedanfor for å sjå bilete frå den nye rundkjøringa akkurat no.