Allsidig innsats æra med pris
GULEN: Bjarne Dåe fekk Gulatingsprisen torsdag, overrekt av ordførar Hallvard S. Oppedal, og det ligg ein mangeårig og allsidig innsats bak.
Endret 17.12.11 16:33
– Du har vore eit samfunnsengasjert menneske som har vore involvert i det meste, sa ordførar Hallvard S. Oppedal då han delte ut prisen under kommunestyret sin julemiddag på Eivindvik Fjordhotell.
Og lista vart lang då ordføraren skulle nemna alt som Dåe har vore involvert i.
Brekkestafetten
– Du har vore leiar og styremedlem i Brekke Idrettslag, og det var du som fekk i stand Brekke-stafetten og fekk ordna med grasmatte på fotballbana, sa Oppedal, som sjølv hadde vore med og lagt gras på bana då han var elev ved Brekke skule.
Både skirenn, hopprenn og friidrettsstemne hadde Dåe vore med på å arrangera.
Han har og vore både leiar og instruktør i Brekke Ungdomslag og medlem i Brekke Mannskor i over 35 år. Også i Sogn Songlag har han hatt verv. No er han leiar i Brekke pensjonistlag.
Bjarne Dåe er utdanna lærar, og han var i mange år skulesjef i Gulen.
Meiningar
Bjarne Dåe er og ein mann som er kjend for sine velformulerte meiningar og mange innlegg i avisene. Han har og gjeve ut to diktsamlingar og omsett fleire dikt og musikalar frå andre språk.
Og ikkje minst er Dåe kjend for arbeidet i Brekke sogenemnd og sogelaget. Han har og ført bygdeboka for Brekke i pennen.
– Du er eit ja-menneske som har vore ei stor drivkraft i mange samanhengar, sa ordføraren.
Takka
Bjarne Dåe takka for prisen. Han meinte det var mange eldsjeler rundt om som hadde gjort seg fortent til ein pris. Som ei motyting for prisen gav han eit hefte til alle i kommunestyret. Heftet er skrive av ein russar, og handlar om kontakten mellom Noreg og Russland i vikingtida.
Dåe deklamerte og utanboks heile Per Sivle sitt dikt «Tord Foleson» («Merket det standa») på vossemål.
«Halve» bygda stiller som nattevandrarar
MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.
Meland veks fortast
Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.
Hamstra brød i Knarvik
Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.
Foten ned for full utbygging
AUSTRHEIM: Dersom planar om bustadfelt på Solesjøen skal få grønt lys, må utbyggjaren redusera talet på bustader kraftig.
Siste kortnytt
- Trafikkulukke på Hagelsundbrua [16.05.12 16:18]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
- Mistenkjer promillekjøring [03.05.12 15:02]
- Bråk på busstopp og legevakt [03.05.12 15:00]
- Brannvernet sløkkte, mann tente på [03.05.12 14:59]
- Bråk i badevika [30.04.12 10:31]
- Har du mista pengane dine? [30.04.12 10:30]
- Mobilinnsamling heile veka [30.04.12 09:01]
Mest lest
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Bygg som nesten er for lite [20.04.12 21:48]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Til alters etter 28 års prøvetid [14.04.12 15:48]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Tok Roald på senga [18.04.12 11:24]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]












