Pågripen med narkotika

LINDÅS: Ein mann midt i tjueåra er pågripen og sett i fengsling forvaring mistenkt for omgang med narkotika.

[03.02.12 15:29]

Stoppa tvilsam mopedist

LINDÅS: Utan førarkort, og på ein moped utan lys og bremser og med slarkete framhjul, møtte ein bilførar torsdag ettermiddag politiet i Mundalsbergtunnellen.

[03.02.12 12:57]

Kjørte utfor

LINDÅS: Ingen vart skadd då ein bil kjørte utfor vegen mellom Mongstad og Lauvås på FV57 fredag morgon.

[03.02.12 10:05]
Brukernavn 
Passord 

Pdf-avis

Kjøp Strilen i
pdf-utgåve HER.

http://static.buyandread.com/thumbnail/strilen/strilen.jpg

Må få orgel!

Lindås kommunestyre skal neste torsdag avklara den økonomiske ramma for den nye kyrkja i Knarvik. Frå formannskapet kjem det ikkje mindre enn tre tilrådingar:

Last ned Strilen sine
næringssider 260112


Strilen vert redigert i samsvar med norsk lovgivning, redaktørplakaten og dei prinsipp som er nedfelte i Vær Varsom-plakaten av Norsk presseforbund.

Om lesarar føler at Strilen har begått overtramp, bed vi dei kontakta konstituert redaktør Hans Egil Storheim

Breiflabb  i verdsklasse

Breiflabb i verdsklasse

Denne breiflabben på 99,4 kilo vart fanga på Leknes. Det er verdsrekord.

Publisert 10.02.10 09:58
Endret 10.02.10 17:25

Flabben var stor, men dei to hobbyfiskarane Kåre Haugland og John Arne Mostraum skjønte ikkje at dei hadde sett verdsrekord med utysket som dei tysdag føremiddag drog opp frå Hjelmåsvågen.
– Me såg at det var noko svært nedi sjøen, og me skjønte ganske snart kva det var. Me kjempa i rundt ein halvtime med å få den svære breiflabben om bord i 19-fotingen som me fiskar med, fortel John Arne Mostraum frå Leiknes.

 

Utenkeleg

Tysdagen var han ute på Hjelmåsvågen for å trekkja fire-fem garn saman med fiskekompisen Kåre Haugland som bur i nabolaget. Ingen av dei to drøymte om kor spesiell denne dagen skulle verta. Etter at rekorden var klarlagt, braka det laus i telefonen.

– Me tenkte at det sikkert var nokre andre som hadde teke ein breiflabb i same storleik, men det var det altså ikkje. Sonen til Kåre ringde til Havforskingsinstituttet for å spørja kor store andre slike fiskar som var registrert, og då viste det seg at me låg rundt 20 kilo over den gamle rekorden.

Den inntil tysdag største breiflabben som vog 79 kilo, hadde rundt 20 kilo rogn, medan flabben til Mostraum og Haugland nesten ikkje inneheldt rogn. Det gjer rekorden berre endå meir strålande.

 

Mykje baks

Storfiskaren fortel at det ikkje var berre enkelt å få kjempeeksemplaret opp av sjøen og over ripa. Båten har ein liten hydraulisk garnhalar, men den kunne ikkje brukast. Garnet ville berre ha rivna tvers av.

– Fisken har to svære finnar, og me måtte prøva på å få eit tau rundt ein av dei. Det fekk me til, og stakk også båtshaken inn i kjeften på breiflabben. Den beit skikkeleg til, og heldt godt fast. Me følte oss sikre på at fisken ikkje ville sleppa båtshaken.

– Men storfisken kunne kanskje hatt kraft til å bita den av?

– Det har eg ikkje tenkt på. Me fekk iallfall fisken inn i båten på denne måten. Då me hadde hovudet over ripa, var i grunnen det meste gjort. Denne fisken er jo veldig mykje hovud og kjeft.

– Og dei var ikkje redde for å verta beten av den svære kjeften?

– Eg er ikkje redd for sånt. Men det er klart at ein skal vera litt forsiktig, og ikkje akkurat stikka fram neven. Den kjeften er svære saker, men ein så stor fisk er ganske seig i rørslene, så det var ikkje nokon fare med å ha fisken i båten.

 

Digital veging

Mostraum fortel at breiflabben var i live til ei stund etter at den hadde kome på land. Der slokna den etter kvart.

Rekordflabben vart teken ein stad inne på Hjelmåsvågen der det er 20-25 meter djupt. Vegen derifrå og inn til kaien på Leiknes er ikkje lang, og der har Arilds Port ein truck som fisken vart heisa i land med. Breiflabben vart også nøyaktig vege på bedrifta si digitale vekt som viste 99,4 kilo.

På Leikneskaien vart utysket partert, og beina gjekk på sjøen. Etterpå ville Havforskingsinstituttet ha tak i beinstrukturane for å kunna byggja opp fisken og bestemma lengda på den, men morgonen etter hadde straumen teke alt med seg.

Hovudet til fisken er uansett vel bevart på instituttet som skal undersøka skapningen nærare.

 

Fin fisk å eta

Sånn kan det altså gå når to fiskeelskande karar berre skal ha seg litt lyr, hyse og anna fisk. John Arne Mostraum hadde i går enno ikkje smakt på breiflabben, men det skal snart skje.

– Den er fin å eta, trass i storleiken. Dette er ikkje ein type fisk som vert særleg grov i fiskekjøtet, sjølv om den veks seg veldig stor.

– Og du er ikkje redd for at fisken har hatt eit så langt liv at den har fått i seg ein del miljøgifter?

– Eg skal eta den for det. Ikkje noko problem. Dette er eit eksemplar eg vil eta ein gong, seier Mostraum, som fortel at han stort sett et fisk heile året.

Han har tidlegare opplevd å få breiflabb på garn, men ikkje akkurat på Hjelmåsvågen. Det forundrar ikkje Mostraum at sværingen vart teken såpass inn under land. Han veit at det kan finnast skikkeleg stor fisk også her, og reknar med at sværingane fer vidt omkring på sine matvandringar.

Tippar at fisken var 20-25 år

Forskar Otte Bjelland ved Havforskingsinstituttet tippar at den eksepsjonelt store breiflabben var 20 til 25 år. I går gjekk han i gang med å undersøka mellom anna alderen.

Havforskingsinstituttet har fått hovud og slo frå breiflabben, men forskaren skulle gjerne også hatt beina. Onsdag morgon var han i dykkarutstyr i sjøen utanfor Leiknes kai, men søket vart resultatlaust.

 

Mest muleg info

– Eg klandrar ikkje fiskarane for at dei heiv beina på sjøen. Dei måtte jo kvitte seg med beina, men me skulle gjerna hatt virvlane, både til å fastslå alderen og for å kunne stadfesta lengda på fisken. Me er ute etter alt som kan gje informasjon om dette eksemplaret.

Bjelland fortel at ein breiflabb veks jamt heile tida, og difor treng ikkje fisken å vera så kolossalt gammal. Dei tidlegare største eksemplara som har vorte fiska, har vore 13 til 15 år gamle.

 

Djupt i Osterfjorden

– Eg må berre gjenta at me er svært interesserte i slike store breiflabbar, av di det stadig er ein del forhold med denne arten som me ikkje kjenner særleg godt til. Me veit på grunnlag av merking at breiflabben kan vandra over veldig store område, men det treng ikkje å gjelda for denne fisken. Det kan godt ha vore ein fisk som heldt seg i Osterfjord-området der det er djupner på rundt 600 meter.

Bjelland har levra til fisken, og vil i samarbeid med instituttet Nifes får undersøkt innhald av miljøgifter.

 

Var litt forventa

Forskaren er ikkje overraska over at den eksepsjonelt store fisken dukka opp i Hjelmåsvågen. Han har heller gått og venta på ei slik hending.

– Eg har jo høyrt rykte frå tidlegare tider om at folk har sett breiflabb på to meters lengd. No har me altså kome over ein fisk som eg vil tippa er like under to meter. Det kan eg seia ut frå breidda til kjeften.

– Men kan ein slik rugg vera farleg for folk?

– Det er klart at ein relativt stor unge ganske greitt hadde gått inn i kjeften på denne fisken, men ein skal veta at breiflabben ikkje sym rundt og jaktar på store bytte som annan fisk. Difor ser eg ikkje for meg at den skal leggja seg etter små eller store menneske som måtte vera i vatnet. Denne fisken ligg i ro og viftar med «fiskestanga» si, og lokkar på den måten til seg bytte, seier Otte Bjelland.

Han fortel at breiflabben frå Hjelmåsvågen hadde ein relativt stor torsk i magen.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Skodvin-klasse best i avislesing

Skodvin-klasse best i avislesing

Ingen andre sjuande­klassar var like flinke til å hugsa detaljar.

    Protesterer mot «tvilsam» ankring

    Protesterer mot «tvilsam» ankring

    MASFJORDEN: Dei siste månadene har det stadig lege båtar oppankra ved Haugsøytangen i Masfjorden. Det vil kommunestyret ha slutt på.

    Mar Christina, som hadde ein eksplosjon ombord ved kai i Sandfjord i fjor, er ein av båtane som skal ha ankra opp her. (Foto: Atle Møller, Sandefjord Blad)

      Går for rekorden

      Går for rekorden

      KNARVIK: Tysdag og torsdag i neste veke skal Knarvik-elevane samla inn pengar til Aserbajdsjan.

        – Tenk nytt, ikkje nedlegging!

        – Tenk nytt, ikkje nedlegging!

        Nytenking og spissing av tilbodet var rådet frå dei som skal bestemma. Støttegruppa vil like mykje ha eit breidt tilbod og nybygg ved Austrheim vidaregåande.

          «Folk ved fjorden» på kino i Oslo

          «Folk ved fjorden» på kino i Oslo

          Øyvind Sandberg sin siste dokumentarfilm opnar på to kinoar i hovudstaden denne helga.

            Skøyteis på Fossemyra

            Skøyteis på Fossemyra

            «Skøytebana» på Fossemyra opnar i kveld

              Siste kortnytt

              Eldre artikler

              Webkamera

              Klikk på biletet nedanfor for å sjå bilete frå den nye rundkjøringa akkurat no.