– Dette får de til viss de berre vil
MELAND: Fullt hus og klar melding på folkemøte om snøggbåten.
Endret 13.01.12 17:40
– Dette får de til viss de berre vil, var meldinga frå pendlarlaget og privatpersonar som møtte på folkemøte på Frekhaug torsdag.
Neste veke skal samferdselsutvalet i Hordaland fylke ta stilling til ei sak som vedkjem snøggbåten mellom Knarvik og Bergen. På folkemøtet på Meland rådhus fekk båtpendlarar og andre interesserte sjansen til å møta nokre av fylkespolitikarane som skal bestemma framtida til snøggbåten. I panelet sat også lokale ordførarar og ein representant frå pendlarlaget.
– Kva vil de gjera?
Møteleiar Johan Myking utfordra kvar enkelt i panelet til å svara på: Kva dei vil gjera i båtspørsmålet og for kollektivtrafikken på kort sikt og lang sikt?
Representantane frå kommunane var tydelege på at dei ønska ei båtrute, men peika alle på at framtida til båten ligg i hendene på fylkespolitikarane. Tre fylkespolitikarar stilte i panelet. Dei var alle samde om at snøggbåten er ein god ting for distriktet, men var ueinige om kor langt dei meiner at fylket kan strekkja seg for snøggbåt til og frå Nordhordland
– Ikkje redd for det juridiske
Pål Kårbø (KrF) sa at dei fleste partia er samde om at dei vil ha båten, og at det først og fremst er på det juridiske ting buttar i mot.
– Eg er vanlegvis oppteken av at det juridiske skal vera i orden, men eg er ikkje så redd for det juridiske i denne saka. Eg meiner at me kan ordna det praktiske med båten først, og så ta det juridiske i etterkant, sa han. Samordning av månadskort på buss og båt er eit tema dei fleste meiner er avgjerande for passasjertala på båten.
– Eg forstår godt at ein ikkje kan forventa at folk skal vera villege til å betala dobbelt så mykje for å ta båten som for å ta bussen. Eg ser også at det er eit par hinder i vegen som gjer det vanskeleg å få til full fleksibilitet her, men eg har tidlegare fremja eit forslag om at pendlarar skal kunna betala nokre hundrelappar ekstra for månadskortet og på den måten kunne bruka det både på buss og båt. Det fekk eg ikkje fleirtal for i sist møte, sa Kårbø.
– Kan ikkje sjå vekk frå jussen
Torill Eidsheim som er fylkespolitikar frå Høgre understreka at ho også er oppteken av kollektivtilbodet i fylket, men at ho ikkje ser at ein kan oversjå juridiske spørsmål i denne saka.
– Me må løysa det juridiske først. Me må følgja dei reglar som gjeld for anbod. Me kan ikkje berre gje ein privat aktør økonomisk stønad utan at det har vore ute på anbod, og dersom ruta skal ut på anbod betyr det at det vert eit opphald for snøggbåten. Dette er ei sak med mange gode hensikter og mykje frustrasjon. Det er så mange faktorar og avtalar som er inngått tidlegare som gjer dette vanskeleg, var tilbakemelding hennar.
Også Alf Helge Greaker frå Venstre stilte i panelet. Han prata varmt om partiet si interesse for miljøet og kollektivtransport og kunne fortelja at han hadde tatt båten for å koma seg til møtet på Frekhaug.
– I valprogrammet vårt har me nemnt båtbussar spesielt. Strekninga Knarvik-Bergen er eit døme på ei passande båtbussrute, sa Greaker, men la til at han opplever det som vanskeleg å gje tilskot til BNR utan at ruta har vore ute på anbod.
– Dei har søkt om å driva ei kommersiell rute og kome og bede om tilskot i etterkant. Den rettslege usikkerheita i denne saka gjer at me ikkje kan støtta noko slikt, sa han.
– Forventar ei løysing
Publikum lytta nøye til det som var sagt, og fleire sa si meining.
– Eg har tatt båten frå første dag og er kjempefornøgd. Denne båtruta må me berre ha. De er lite tillitsvekkjande at politikarane famlar på denne måten, sjølv om jussen er i vegen. De er flinke til å snakka om kva det vil, men det hjelper ikkje oss. Me forventar at de finn ei løysing. Trøkk gjennom ei løysing no, sa Stian Lavik.
Vivian Husa har vore ein ivrig forkjempar for båten. Ho kunne fortelja at ho og ein kollega har sagt opp parkeringsplassar på bysida og satsar fullt og heilt på båten. Ho hadde fått med seg at fylkesrådmannen meiner at båt er mindre miljøvennleg enn buss, men bad politikarane om å ikkje kjøpa slike påstandar.
– Eg har rekna litt på det og lurar veldig på korleis dei har hamna på ein slik konklusjon, sa ho og gjorde greie for kva ho hadde kome fram til.
Marie Morken og Johan Myking i pendlarlaget peika på planlagt utbygging i Åsane som argument som talar for at ei båtrute kjem til å bli eit minst like verdifullt tilbod i framtida.
– Den trafikken i dag er ingenting imot den trafikken ein kan rekna med i framtida, sa Myking, som alt i dag opplever at bilar og bussar står i stampe.
– Tenk på ungdommen?
Kø var det fleire som kunne fortelja at dei var møkkleie av.
– Eg har budd i Meland og pendla til byn i 10 år. På dei ti åra har trafikken endra seg enormt. Faktisk har det vore ein stor auke berre etter sommaren. Eg fekk heilt sjokk då eg kom tilbake etter ferien. No er det jo verre enn nokon gong, sa Nina Mowinckel, og fleire i salen nikka samd i hennar observasjonar. Ho kunne fortelja at ho bur 1,2 kilometer frå hovudvegen, og ofte plukkar opp ungdom som går langs vegen for å koma seg til nærmaste busstopp.
– Eg har i alle fall snakka med 12 ulike ungdommar som alle seier at dei kunne tenkja seg å sykla til båten, ta sykkelen med seg på båten og sykla til skule og aktivitetar i byn. Men billettprisen ein opererer med i dag er alt for dyr for dei. Har de tenkt på det?, spurte ho.
– Eit godt innspel, meinte Marie Morken i pendlarlaget. Ho fortalde at det er nokre vaksne pendlarar som har begynt å kombinera sykkel og buss for å koma seg på jobb.
– Det går fint å ta med sykkel på båten, men prøver du det same på bussen får du fort problem. Eg veit at folk er vorte nekta å ta med sykkel på bussen, sa ho.
Tilbakemeldingane frå pendlarane som tek båten i dag var at dei er godt nøgde med servicen til BNR, men at det eigentleg ikkje er så viktig kven som driv båtruta. Det viktigaste er at båten går som den skal, og at billettprisane ikkje er så mykje høgare enn bussen at det skremmer folk frå å velja båten. Politikarane vart også oppfordra om å sjå på båtruta som meir enn ei pendlarrute, men også noko som kan utviklast til å bli eit tilbod folk flest kan nytta til og frå Bergen.
«Halve» bygda stiller som nattevandrarar
MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.
Meland veks fortast
Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.
Hamstra brød i Knarvik
Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.
Foten ned for full utbygging
AUSTRHEIM: Dersom planar om bustadfelt på Solesjøen skal få grønt lys, må utbyggjaren redusera talet på bustader kraftig.
Siste kortnytt
- Trafikkulukke på Hagelsundbrua [16.05.12 16:18]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
- Mistenkjer promillekjøring [03.05.12 15:02]
- Bråk på busstopp og legevakt [03.05.12 15:00]
- Brannvernet sløkkte, mann tente på [03.05.12 14:59]
- Bråk i badevika [30.04.12 10:31]
- Har du mista pengane dine? [30.04.12 10:30]
- Mobilinnsamling heile veka [30.04.12 09:01]
Mest lest
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Bygg som nesten er for lite [20.04.12 21:48]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Til alters etter 28 års prøvetid [14.04.12 15:48]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Tok Roald på senga [18.04.12 11:24]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]












