Trafikkulukke på Hagelsundbrua

KNARVIK: Like før klokka fire onsdag ettermiddag small det på Hagelsundbrua, men ingen vart skadde.

 

[16.05.12 16:18]

Pågreip rusa bråkmarkar

ALVERSUND: Ein 27 år gamal mann vart tysdag kveld pågripen og sett i drukkenskapsarresten for trugsmål og ordensforstyrring i Alversund.

[16.05.12 09:14]

Vil ha vekk etterlaten bil

LINDÅS: Nokon har gløymt att golfen sin like nord for Kjevikdalen.

[16.05.12 09:13]
Brukernavn 
Passord 

Pdf-avis

Kjøp Strilen i
pdf-utgåve HER.

http://static.buyandread.com/thumbnail/strilen/strilen.jpg

Tida vil visa

«Ein milepæl» - på engelsk «milestone» - var ordet statsminister Jens Stoltenberg sette på testsenteret som han opna på Mongstad måndag.

Last ned Jubileumsavisa
for Nordhordland
Handverk- og industrilag:


Strilen vert redigert i samsvar med norsk lovgivning, redaktørplakaten og dei prinsipp som er nedfelte i Vær Varsom-plakaten av Norsk presseforbund.

Om lesarar føler at Strilen har begått overtramp, bed vi dei kontakta konstituert redaktør Hans Egil Storheim

Ellevill NM-jubel

Ellevill NM-jubel

Del | |

Eikanger-Bjørsvik Musikklag tok alt av prisar i elitedivisjonen og Manger Musikklag sikra seg andreplassen.

Publisert 11.02.12 22:44
Endret 14.02.12 09:17

– Det var svært nervepirrrande under premieutdelinga, melder Strilen sin journalist frå brass-NM i Grieghallen laurdag kveld.

EBML tok sigeren med 98 + 98 poeng for pliktnummer og sjølvvald, mot 94 + 97 for Manger Musikklag. Stavanger Brass tok tredjeplassen.

Eikanger-Bjørsvik sikra seg dessutan både solistprisen og gruppeprisen.

Harm Christian Tolden tok i mot pokalen for EMBL, og sjølv om korspet har vunne NM tre av dei siste fire åra, var jubelen like stor som tidlegare.

Ordførarane i Lindås og Radøy kommune sat på første rad då vinnaren vart annonsert, og Lindås-ordførar Astrid Aarhus Byrknes spratt opp av stolen og gav EMBL sin mann ein solid klem.

– Det er heilt fantastisk. Eg har spelt i korps sjølv i mange år og følgd dei lokale korpsa i helga. Nivået er utruleg høgt. Å få to korps frå Nordhordland på dei to øvste plassane er berre heilt fantastisk bra, strålte ho.

Også årets eldsjelpris gjekk til ein representant for korpsmiljøet i Nordhordland. Eirik Helland fekk prisen for framifrå innsats og engasjement gjennom mange år.

Vinnaren av 1. divisjon vart Tertnes Brass. Blant nordhordlandskorpsa i denne divisjonen vart plasseringa slik: Bjørsvik Brass på 3.plass, Oster Brass på 4. plass og Radøy Brass fekk 7. plass.

Askøy Brass stakk av med sigeren i 2. divisjon. I same divisjon kom Manger Old Star Brass på 5. plass og Lindås Brass hamna på 13 plass.

Strilen har vore følgd  dei lokale korpsa i helga og i avisa tysdag kan du lesa meir om kva som skjedde.

 


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




«Halve» bygda stiller som nattevandrarar

«Halve» bygda stiller som nattevandrarar

MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

    Meland veks fortast

    Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.

      Hamstra brød i Knarvik

      Hamstra brød i Knarvik

      Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.

        Foten ned for full utbygging

        Foten ned for full utbygging

        AUSTRHEIM: Dersom planar om bustadfelt på Solesjøen skal få grønt lys, må utbyggjaren redusera talet på bustader kraftig.

          Vil du vera reiseleiar i sommar?

          Vil du vera reiseleiar i sommar?

          Er du reiselysten og samstundes interessert i å jobba med born? Då kan du få hjelpa Astrid, Mille, Sander og Eilif med å få oppleva sitt livs eventyr i sommar.

            Bøndene aksjonerer

            Bøndene aksjonerer

            LINDÅS: Vakne bilistar har sett «traktoregg» og banner fleire stader i distriktet i dag. Dei er del av bøndene sin aksjon mot jordbruksoppgjeret.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler

              Webkamera

              Klikk på biletet nedanfor for å sjå bilete frå den nye rundkjøringa akkurat no.