Etterlengta Manger-siger
Manger Musikklag vann med minste margin føre Eikanger-Bjørsvik Musikklag under NM i brass i Grieghallen.
Endret 08.02.10 17:05
Heile 75 korps og nærare 2500 deltakarar spelte under noregsmeisterskapen i brass i helga. Dette var ny deltakarrekord. Eikanger-Bjørsvik var tittelforsvarar, og mange trudde dei kom til å henta heim sigeren også i år. Det klarte dei ikkje, då det var Manger Musikklag med dirigent Peter Szilvay som stakk av med sigeren. Berre eit halvt poeng skilde dei to beste korpsa i landet.
Godt nøgd
– Dette var vanvittig stort, fortel Nils-Arne Træland til Strilen etter å ha fått vita resultata. Træland er leiar i Manger Musikklag, og var strålande nøgd. For Manger Musikklag har heile helga vore ein stor opptur. Den førre sigeren til Manger Musikklag var i 2002, og totalt har dei åtte sigrar i brass-NM.
Høgt nivå
– Det er eit utruleg høgt nivå på dei som deltek under brass-NM, fortel Træland.
Mest imponert er han over korpsrørsla i Nordhordland som er heilt enorm samanlikna med andre stader. Det var med tre korps frå Radøy kommune og seks frå Lindås. I tillegg hevda dei fleste seg høgt oppe på resultatlistene. Berre det at dei to beste korpsa i landet kjem frå Nordhordland, snakkar for seg sjølv.
– Det er god breidde, og veldig kjekt å vera ein del av korpsrørsla i Nordhord-land, fortel Træland til Strilen.
Mykje øving
Det ligg mange timars arbeid bak kvart korps sin prestasjon i NM-helga. Etter litt rekning kom Træland fram til at Manger Musikklag har hatt 17-18 samlingsdagar sidan nyåret starta.
Det gjev eit gjennomsnitt på om lag éi øving annakvar dag.
– Det er det som må til for å kjempa på dette nivået. Får ein ikkje øvd nok, fell ein fort igjennom, fortel Træland.
Det vesle ekstra
Manger Musikklag ønskjer alltid å gje publikum ei god oppleving, og klarte dette med glans under årets meisterskap.
Mange av dei Strilen var i kontakt med, meinte det var velfortent at Manger Musikklag vann konkurransen.
Nokon meinte også det var William Kay som utgjorde den vesle forskjellen. Organisten var med under framføringa av «...Dove Descending».
Lokaloppgjer
Vandrepokalen som Manger Musikklag vann, flyttar seg ikkje lange vegen. Eikanger-Bjørsvik Musikklag må no gje han vidare til Manger Musikklag.
– No er i alle fall NM-pokalen på rett side av fjorden, fortel Træland til Strilen.
I?tillegg til pokalar, gode dommarkommentarar og heider og æra, bringer også sigeren pengar i kassa. Vinnaren i elitedivisjon får 50.000 kroner.
Solistpris
Birgitte Bjørnsdatter Bruget fekk solistprisen i elitedivisjonen på trombone. Ho spelar også i Manger Musikklag, og er gift med Nils-Arne Træland.
Han ønskjer også å retta ei spesiell takk til William Kay, dirigentane Martin Winther og Peter Szilway.
No ser Manger Musikklag fram til å representera Noreg i EM i Montreux i 2011.
Toppa tredje
Striledominans var det også i toppen av tredjedivisjon. Nyopprykka Bjørsvik Brass trona øvst, føre Manger Old Star Brass frå Radøy og Lindås Brass.
Folkefest for Manger musikklag
Sigeren til Manger Musikklag skal feirast, og i ei melding frå Radøy kommune vert det invitert til NM-fest på Manger Folkehøgskule, tysdag 9. februar på kvelden.
– Alle er velkomne for å feira våre ferske musikkheltar. Her vert det musikk, helsingar og kake!, heiter det i meldinga frå kommunen. Arrangementet er eit spleiselag mellom Manger Musikklag, Manger Folkehøgskule og Radøy kommune.
– Velkomen alle som vil, og som det er plass til, heiter det vidare.
Protesterer mot «tvilsam» ankring
MASFJORDEN: Dei siste månadene har det stadig lege båtar oppankra ved Haugsøytangen i Masfjorden. Det vil kommunestyret ha slutt på.
Mar Christina, som hadde ein eksplosjon ombord ved kai i Sandfjord i fjor, er ein av båtane som skal ha ankra opp her. (Foto: Atle Møller, Sandefjord Blad)
Går for rekorden
KNARVIK: Tysdag og torsdag i neste veke skal Knarvik-elevane samla inn pengar til Aserbajdsjan.
– Tenk nytt, ikkje nedlegging!
Nytenking og spissing av tilbodet var rådet frå dei som skal bestemma. Støttegruppa vil like mykje ha eit breidt tilbod og nybygg ved Austrheim vidaregåande.
Siste kortnytt
- Pågripen med narkotika [03.02.12 15:29]
- Stoppa tvilsam mopedist [03.02.12 12:57]
- Kjørte utfor [03.02.12 10:05]
- Truleg hjartesvikt bak dødsulukke [03.02.12 14:51]
- Kjerringslepp fredag [02.02.12 13:05]
- I fjellveggen på E39 [02.02.12 09:33]
- Rolls Royce måtte evakuerast [01.02.12 14:49]
- Hadde 94 i 60-sona [01.02.12 14:50]
- Raud jolle på frifot [31.01.12 15:31]
- Ikkje slepp hundane fri [31.01.12 12:26]
- Bølla seg rett i kasjotten [30.01.12 10:37]
- Innbrot i rådhuset [30.01.12 10:37]
- Travel helg for politiet [29.01.12 19:20]
- Lindåshallen opnar måndag [29.01.12 19:07]
- Ope møte om Austrheim VGS [29.01.12 19:22]
- Truga med kniv [26.01.12 10:51]
- Bilbrann på Mongstad [26.01.12 10:50]
- Stadig færre vil driva kvalfangst [26.01.12 10:49]
- Endå ein båt på rek [25.01.12 15:46]
- Kjørte på rullestol [23.01.12 13:02]
Mest lest
- Leiteaksjon ved Haglsundbrua [17.01.12 14:19]
- Lindås-dame millionær på Joker [16.01.12 12:45]
- 63 Lotto-millionar til Austrheim-mann [19.01.12 10:12]
- «Heilt utruleg» [13.01.12 20:55]
- Maks gøy å få møta Jan Thomas [09.01.12 17:09]
- Redda jenter med handjern [21.01.12 11:53]
- Kranbil i grøfta [22.01.12 10:05]
- Tom båt låg midt i skipsleia [21.01.12 16:02]
- Ekstremt glatte vegar [22.01.12 10:05]
- 130 let seg inspirera [14.01.12 16:23]
- Redda av BKK [22.01.12 11:12]
- Kjøpefest med sur svie [06.01.12 18:22]
- Massivt nei til vindkraft [18.01.12 09:36]
- Til toppjobb i Bergen [26.01.12 10:47]
- Snøvêr og godt humør [08.01.12 12:58]
- Omkom i dykkarulukke [30.01.12 11:33]
- Spurte biskopen om alkohol, abort og homofili [18.01.12 16:28]
- – Dette får de til viss de berre vil [13.01.12 17:40]
- Har overteke Bestefarstova [31.01.12 11:44]
- Bil på taket på Sletta [13.01.12 20:52]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]









