Folkemøte om prestestriden

Fredag kveld er det kalla inn til eit folkemøte i ungdomshuset på Eknes, om prestesaka på Ostereidet. Det har vore mykje strid rundt denne saka, med lesarbrev og utspel både for og mot sokneprest Vilhelm Overå.

[01.09.10 18:21]

Vurderer 50-sone

Statens Vegvesen vurderer å setja ned fartsgrensa på strekninga mellom Dale og Tveit i Meland. I dag er det ikkje skilta fartsgrense på staden, dermed er det den generelle fartsgrensa på 80 km/t som gjeld.

[01.09.10 18:20]

Havsportveka skjenka mindreårige

AUSTRHEIM: Skjenkekontrollen avdekka at fem mindreårige drakk alkohol under Havcamp-arrangementet ved Austrheim samfunnshus laurdag 14. august.

[01.09.10 18:19]
Brukernavn 
Passord 

Kvar og ein har eit ansvar

Bergens Tidende har nyleg starta ein serie der avisa viser det store omfanget av dødsulukker i trafikken, og korleis dette særleg råkar ungdommar.

Last ned Strilen si
sommaravis her.


Strilen vert redigert i samsvar med norsk lovgivning, redaktørplakaten og dei prinsipp som er nedfelte i Vær Varsom-plakaten av Norsk presseforbund.

Om lesarar føler at Strilen har begått overtramp, bed vi dei kontakta konstituert redaktør Hans Egil Storheim

Fanga fisk på parkeringsplassen

Fanga fisk på parkeringsplassen

LINDÅS: Sindre Ånneland og Filip Vik, begge 14, vart litt forundra då dei oppdaga ein fisk under isen som har lagt seg på dammen på parkeringsplassen ved Bikuben i Isdalstø.
Publisert 15.11.07 16:34
Endret 15.11.07 17:37

– Me dreiv berre på og leika oss litt på isen her på parkeringsplassen, og då oppdaga med at det var ein fisk under isen, fortel dei to fjortenåringane til Strilen.
Dette skjedde i går ettermiddag om lag klokka halv tre. Gutane hadde fått litt tidleg fri frå skulen fordi dei hadde hatt tentamen. Då nytta dei høvet til å skeisa litt på skoa på isen som har lagt seg på restane av dammen som laga seg på parkeringsplassen i det kraftige regnet i førre veke.

Levande
Og fisken var levande.
– Då me knuste isen, begynte  han å sprella kraftig, fortel Sindre.
Det var ikkje vanskeleg å fanga fisken, for det var ikkje mykje vatn under isen. Det viste seg at fisken var ein fin liten aure på vel 20 centimeter. Gutane tok fisken opp, og då Strilen var på plass, gapte han berre litt med munnen.
– Det er berre rykningar, seier Sindre, som har budd i Gulen og har vore borti fiske før.
Når Strilen spør kva dei skal gjera med fisken, veit dei ikkje heilt.
– Kanskje eta han rå, smiler dei.
Sushi er jo in i tida.


Frå elva
Gutane veit ikkje heilt kor fisken kan ha kome frå, men den mest sannsynlege forklaringa er at fisken har sumt opp frå den vesle elva som går langs parkeringsplassen. Lokalkjende seier at det er fisk i den elva.
Då flaumen var på det største, gjekk elva og dammen på parkeringsplassen meir og mindre i eitt. Fisken har nok følgt litt dårleg med i timen då flaumen gjekk tilbake, slik at han vart fanga inne i den vesle dammen som låg att på parkeringsplassen.
Den vesle dammen ved Bikuben har vorte reine opplevingsparken i det siste. Førre veke kunne Strilen skriva om ei svane som la seg til i dammen i fleire dagar, og som fleire lesarar tipsa om.  Dammen ved Bikuben lagar seg kvar gong det er kraftig regnver. Det har vore snakk om at dreneringa skal betrast, slik at ein unngår at dammen dannar seg, men no vil kanskje butikken ha dammen som ein ekstra attraksjon?


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Brua er på plass

Brua er på plass

GULEN: Brua over Brandangersundet er løfta på plass.

    Rockefest i Austrheim

    Rockefest i Austrheim

    Laurdag 11. september vert det rockekonsert for alle i Austrheimhallen.

      Mindre hytteavfall, men framleis ofte overfullt

      Mindre hytteavfall, men framleis ofte overfullt

      Avfall frå andre enn hyttebrukarane fyller opp konteinarane.?

        Riisnes går  til filmen

        Riisnes går til filmen

        MASFJORDEN: Erik A. Riisnes vert å sjå i NRK Fjernsynet neste år.

          Tanita i X Factor

          Tanita i X Factor

          LINDÅS: Fredag kan du kanskje sjå Tanita Kolås frå Seim i ­talentkonkurransen X Factor på TV 2. (Foto: Øyvind Ganesh Eknes)

            BBC filma på Fedje

            BBC filma på Fedje

            – Nordsjøen er like viktig for Storbritannia, som den er for Noreg. Me er verdsborgarar og naboen sitt problem kan fort bli ditt, seier BBC-reporter Roderick Munro. I framgrunnen kaptein Oddvar Nilsen Husa på «Olavson» som tok filmteamet ut på staden der U-864 ligg senka.

              Siste kortnytt

              Mest lest

              Eldre artikler

              Webkamera

              Klikk på biletet nedanfor for å sjå bilete frå den nye rundkjøringa akkurat no.