Fann sex-leikeplass i skogen sin
Endret 15.11.07 13:52
- Det var ein times tid før det vart mørkt søndag at eg var ute på tur og kom over dette. Eg kvapp ganske kraftig, og lurte på om det kunne vera folk her, seier Ivar Askvik.
Etter kvart kunne han telja opp ei betydeleg mengd med verktøy og remedier. Over førti hengelåsar. Avbitartang og diverse småverktøy. Ein elektrisk vinsj som var festa til ein kraftig furulegg. Ein brakett festa på ei anna furu. Ei talje hengande i ei grein. Ein klatresele. Metervis med kjetting. Eit fotostativ. To speil med tau for oppheng. Ei sag. Leidningar for vinsjen, med både fjernstyring og påkopling for batteri. Handjern og fotlekkjer.
- Husk batteri
- Batteri til vinsjen var det ikkje her. Men det låg ein lapp med melding om å hugsa batteri neste gong, fortel Askvik.
Batteriet vert det neppe bruk for, for no er heile spelplassen rydda vekk.
Først tenkte Askvik på jakt og slakting, men det var ingen spor på staden som tyda på det. Og sidan vegen er så nære, ville det vera meir uansett praktisk å dra ein hjort ned til parkeringsplassen for slakt der eller transport vidare.
- Kva trur du at dette kan vera, seier Askvik undrande når Strilen er innom i Totland-marka for å sjå på den noko uvanlege tiurleik-plassen.
Som grunneigar er han lite nøgd med at andre tek seg til rette på eigedomen. Mange brukar området til turar, løypa i marka passerer ikkje langt unna.
- Me er også oppe her for å hogga ved, og i samband med jakt, seier han, og likar ikkje heilt tanken på at nokon har romstert oppe i skogen.
Men ikkje lenge etter råka han på nettopp denne nokon.
Handlelapp
Ingen ting av verktøyet og utstyret er merka, så det heile er heller anonymt. Det einaste sporet i skogen er ein handlelapp frå Loddefjord, der det er kjøpt fire handtak på ein jernvarehandel.
- Handtaka er kjøpt 22. oktober, så nokon må ha vore her ganske nyleg, seier Askvik.
I det heile tatt er det ein nokså spesielt plass Strilen får sjå tysdag, midt inne i Totland-skogen. Etter å døma på kor nedtrakka marka er, skal ein tru at det har vore ein del aktivitet. Og det sjølv om plassen ikkje er heilt skjult frå vegen.
- Ein ser liksom ikkje opp her når ein kjører forbi, så det vert ikkje sett, meiner Askvik.
Etter at han fann spelplassen har han lurt litt på ein bil som litt vel ofte har vore parkert på parkeringsplassen ved skogsvegen.
- Den bilen har eg sett fleire dagar, og seinast i dag, seier Askvik.
Og så dukka «tiuren» opp!
Ring, ring. Ein time etter at Strilen var på Totland og fotograferte vinsj og fotlekkjer, er grunneigaren på tråden.
- Ein halvtime etter at du var her kom det ein kar i svarte skinnklede. Først gøymde han seg bak ein stein, og så sprang han og gøymde seg i bilen sin, seier Ivar Askvik.
Askvik var i skogen for å rydda vinsj og kjetting vekk frå familien sin eigedom, og medan han arbeidde kom altså mannen som har montert det opp.
- Eg gjekk til bilen og spurde kva det var han driv med i skogen vår. Då svarte han at det kunne eg vel tenkja meg til sjølv, seier Askvik.
Nærare ville ikkje mannen gå inn på dette, men han sa at han hadde vore i skogen for å få utløp for seksuelle frustrasjonar.
Mannen i skinnkleda hadde med seg eit digert batteri, men det får han ikkje bruk for på Totland.
No er nemleg «spelplassen» rydda heilt.
- Det er ikkje godt å seia kva han har gjort på, seier grunneigar Askvik.
- Det er no litt ekkelt og, med slike galningar oppe i marka.
Mannen i skinnkleda forklarte at han hadde vore i Totland-skogen mest kvar dag den siste månaden.
Dit kjem karen neppe igjen.
Protesterer mot «tvilsam» ankring
MASFJORDEN: Dei siste månadene har det stadig lege båtar oppankra ved Haugsøytangen i Masfjorden. Det vil kommunestyret ha slutt på.
Mar Christina, som hadde ein eksplosjon ombord ved kai i Sandfjord i fjor, er ein av båtane som skal ha ankra opp her. (Foto: Atle Møller, Sandefjord Blad)
Går for rekorden
KNARVIK: Tysdag og torsdag i neste veke skal Knarvik-elevane samla inn pengar til Aserbajdsjan.
– Tenk nytt, ikkje nedlegging!
Nytenking og spissing av tilbodet var rådet frå dei som skal bestemma. Støttegruppa vil like mykje ha eit breidt tilbod og nybygg ved Austrheim vidaregåande.
Siste kortnytt
- Pågripen med narkotika [03.02.12 15:29]
- Stoppa tvilsam mopedist [03.02.12 12:57]
- Kjørte utfor [03.02.12 10:05]
- Truleg hjartesvikt bak dødsulukke [03.02.12 14:51]
- Kjerringslepp fredag [02.02.12 13:05]
- I fjellveggen på E39 [02.02.12 09:33]
- Rolls Royce måtte evakuerast [01.02.12 14:49]
- Hadde 94 i 60-sona [01.02.12 14:50]
- Raud jolle på frifot [31.01.12 15:31]
- Ikkje slepp hundane fri [31.01.12 12:26]
- Bølla seg rett i kasjotten [30.01.12 10:37]
- Innbrot i rådhuset [30.01.12 10:37]
- Travel helg for politiet [29.01.12 19:20]
- Lindåshallen opnar måndag [29.01.12 19:07]
- Ope møte om Austrheim VGS [29.01.12 19:22]
- Truga med kniv [26.01.12 10:51]
- Bilbrann på Mongstad [26.01.12 10:50]
- Stadig færre vil driva kvalfangst [26.01.12 10:49]
- Endå ein båt på rek [25.01.12 15:46]
- Kjørte på rullestol [23.01.12 13:02]
Mest lest
- Leiteaksjon ved Haglsundbrua [17.01.12 14:19]
- Lindås-dame millionær på Joker [16.01.12 12:45]
- 63 Lotto-millionar til Austrheim-mann [19.01.12 10:12]
- «Heilt utruleg» [13.01.12 20:55]
- Maks gøy å få møta Jan Thomas [09.01.12 17:09]
- Redda jenter med handjern [21.01.12 11:53]
- Kranbil i grøfta [22.01.12 10:05]
- Tom båt låg midt i skipsleia [21.01.12 16:02]
- Ekstremt glatte vegar [22.01.12 10:05]
- 130 let seg inspirera [14.01.12 16:23]
- Redda av BKK [22.01.12 11:12]
- Kjøpefest med sur svie [06.01.12 18:22]
- Massivt nei til vindkraft [18.01.12 09:36]
- Til toppjobb i Bergen [26.01.12 10:47]
- Snøvêr og godt humør [08.01.12 12:58]
- Omkom i dykkarulukke [30.01.12 11:33]
- Spurte biskopen om alkohol, abort og homofili [18.01.12 16:28]
- – Dette får de til viss de berre vil [13.01.12 17:40]
- Har overteke Bestefarstova [31.01.12 11:44]
- Bil på taket på Sletta [13.01.12 20:52]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]









