Gravla «strilen»
BERGEN: Motsetninga bergensar – strilen er ikkje særleg aktuell lenger, meiner Hogne Haugsdal. Han ønskjer at heile regionen må samarbeida.
Endret 10.02.12 18:13
– Eg kjenner meg ikkje som ein stril, meir som ein bergensar. Heile bergensregionen er avhengige av kvarandre. Me må slutta å trekkja fram dei kulturelle motsetnadene og heller konsentrera oss om kva type samarbeid me kan få til mellom Bergen og resten av regionen, sa Hogne Haugsdal då han innleidde på møtet som Studentersamfunnet, Bergens Næringsråd og Bergens Tidende arrangert i Bergen torsdag.
Der var temaet om Bergen er ein ekskluderande kommune som er seg sjølv nok, og ikkje er oppteken av å samarbeida med kommunane rundt.
Haugsdal er tilsett som samfunnsutviklar og næringssjef i Austrheim og Lindås.
Fire ting
– Me er avhengige av Bergen som motor, og må leggja bort særinteresser og rollar, og konsentrera oss om løysingar som gjer at noko vert gjort, sa Haugsdal vidare.
Han etterlyste eit samarbeidsforum med reell makt til å ta avgjerder, og der ein konsentrerte seg om tre-fire saker som ein verkeleg satsa på å få gjennomført, i staden for å spreia seg på mange område.
– Og me må opptre som ein region overfor sentrale styresmakter, meinte han.
Den nye Bergensalliansen kan vera eit slikt forum, trudde han.
Som døme på område der Bergen og omlandet kan verta flinkare å spela på lag, trekte han fram reiseliv og oppleving. Han etterlyste og politikarar som snakka heile regionen si sak og ikkje berre var opptekne av sin kommune.
Ei utvikling
Byrådsleiar Monica Mæland vedgjekk at samarbeidet mellom Bergen og omlandet kan verta betre. Men ho meinte det har vore ei klar utvikling til det betre dei seinare åra.
Ho viste mellom anna til kraftlina frå Mongstad til Kollsnes, der Bergen har støtta Nordhordland sine krav om kabling.
Men Mæland meinte at heile Vestlandet må samarbeida meir mot sentralmakta i Oslo, og viste til arbeidet med å få til ferjefri veg mellom Bergen og Stavanger.
Som positive døme på at ein kan få noko til, viste Mæland til bygginga av Odontologen i Bergen, Høgskolen på Kronstad og Gulating lagmannsrett.
Gode på noko
– Bergen må verta flinkare på nokre få ting, der me kan hevda oss på topp i Europa, meinte Trine Eilertsen, sjefsredaktør i Bergens Tidende.
Det manglar ikkje på dyktige folk i Bergen, men ein har vore for lite opptekne av å byggja opp omdømet sitt på nokre område.
– Viss Bergen til dømes greier å verta medie-byen i Norden, kan me trekkja til oss dei beste hovuda på dette området og få til spennande nyskaping, sa Eilertsen.
Risikokapital
Ein viktig veikskap i Bergen er mangelen på risikovillig kapital, meinte finansrådgjevar og samfunnsdebattant Thorstein Selvik, som var den fjerde av innleiarane.
Han meinte dei som sit på pengane i Bergen, er veldig tradisjonsbundne.
– Viss dei har litt pengar til overs, kjøper dei eigedommar, sa han.
Dette er ein stor minus for gründerar, som treng kapital for å koma i gang med noko nytt.
Hogne Haugsdal meinte det same prega næringslivet i Nordhordland. Difor utmerkar heller ikkje denne regionen seg på nyskaping og innovasjon, sa han.
Vorte betre
– Eg meiner med dei siste åra har lært at me oppnår meir med samarbeid, sa Radøy-ordførar og regionrådsleiar Jon Askeland, som hadde ordet frå salen.
Han trudde den nye Bergensalliansen kan verta eit nyttig samarbeidsorgan mellom Bergen og kommunane rundt.
– Elles trur eg det vert skapte litt for store forventningar til kva ein kan få til på kort tid, sa han og etterlyste litt meir tolmod.
– Mykje samarbeid er på plass, sa han og meinte at motsetninga bymann – stril ikkje lenger er så viktig, men at ein del kulturelle motsetnader nok framleis er til stades.
«Halve» bygda stiller som nattevandrarar
MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.
Meland veks fortast
Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.
Hamstra brød i Knarvik
Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.
Siste kortnytt
- Trafikkulukke på Hagelsundbrua [16.05.12 16:18]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
- Mistenkjer promillekjøring [03.05.12 15:02]
- Bråk på busstopp og legevakt [03.05.12 15:00]
- Brannvernet sløkkte, mann tente på [03.05.12 14:59]
- Bråk i badevika [30.04.12 10:31]
- Har du mista pengane dine? [30.04.12 10:30]
- Mobilinnsamling heile veka [30.04.12 09:01]
Mest lest
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Bygg som nesten er for lite [20.04.12 21:48]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Til alters etter 28 års prøvetid [14.04.12 15:48]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Tok Roald på senga [18.04.12 11:24]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]













