Heidra av «halve bygda»
Ordføraren og «halve bygda» dukka opp då Kløvheim Skulekorps fekk beviset på at dei kan smykka seg med tittelen Nordhordlands beste lag.
Endret 08.04.11 17:45
– Eg må støtta Strilen-redaktøren i at alle må pussa tennene godt i kveld! kom det med eit smil frå ordførar Astrid Aarhus Byrknes.
Ho var glad for å få gratulera Kløvheim Skulekorps med tittelen «Nordhordlands beste lag», kåra av Strilen sine lesarar.
At ordføraren var opptatt av musikantane sine tenner, har ei munter forklaring. Musikantane vart nemleg heidra med snop opp og snop i mente.
Posar med egg
Først dukka Strilen-redaktøren opp for å gratulera korpset. Han hadde med seg blant anna diplom, som vart overlevert til korpsleiar Norunn Åkernes Jordal og dirigent Magnus Brandseth.
– Korpset kneip sigeren med bra margin, etter at det ei stund var jamn kamp med «Strilongane» frå Rossland, fekk korps og kring 70 frammøtte vita.
Som premie til korpset fann Strilen ut at det ikkje passa så godt med ein «kjedeleg» blomsterbukett. Så frå ein Rema-1000 pose og ein Kiwi-pose henta redaktøren fram to store påskeegg fulle i snop.
Då ordføraren fekk ordet, måtte ho vedgå at «dette vert nokså komisk». Frå ein ICA-posen drog ho opp si helsing til korpset - kva anna enn eit fullt påskeegg! Nummeret var eit hakk mindre enn egga frå Strilen, men ein beæra dirigent tok smilande imot.
Både koprsleiaren og dirigenten takka bygdefolket for utruleg god støtte, både ved avstemminga og elles.
– Spel Kløvheim, spel!
– Me vil høyra dekå spela! forlangte Kløvheim-patriot Ivar Nesbø frå tilhøyrarbenk i gymsalen på skulen.
Dermed vart bygdefolk og andre frammøte, imponerande 70 personar, servert eit godt døme på Lindås sine solide korpstradisjonar.
For eit par år sidan takka Knut Harald Rydland av som mangeårig Kløvheim-dirigent. Då var det og ein del musikantar som gjekk av for alderen, så no er snitt-alderen nede i 13 år. Men korpset hevdar seg både i Hordablæsten og på andre måtar, og aspirantane står i kø.
– Dette var flott. Det passa veldig godt med ei slik kåring når Lindås har vore med i finalen som ein av landets beste kultur-kommunar, syntest ordføraren.
Resultat:
Fedje Teaterlag 87 stemmer
Kløvheim skulekorps 447 stemmer
Lindås Ungdomslag 85 stemmer
Lindåstunet 79 stemmer
Nordhordland Røde kors 140 stemmer
Nordhordland Turlag 71 stemmer
Strilongane 332 stemmer
Årås sanitetslag 51 stemmer
«Halve» bygda stiller som nattevandrarar
MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.
Meland veks fortast
Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.
Hamstra brød i Knarvik
Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.
Siste kortnytt
- Trafikkulukke på Hagelsundbrua [16.05.12 16:18]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
- Mistenkjer promillekjøring [03.05.12 15:02]
- Bråk på busstopp og legevakt [03.05.12 15:00]
- Brannvernet sløkkte, mann tente på [03.05.12 14:59]
- Bråk i badevika [30.04.12 10:31]
- Har du mista pengane dine? [30.04.12 10:30]
- Mobilinnsamling heile veka [30.04.12 09:01]
Mest lest
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Bygg som nesten er for lite [20.04.12 21:48]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Til alters etter 28 års prøvetid [14.04.12 15:48]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Tok Roald på senga [18.04.12 11:24]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]













