Fire beltegebyr på Fedje

FEDJE: Fedjingane rakk nok ikkje å varsla kvarandre fort nok tysdag då politiet kom med ferja.

[22.02.12 15:38]

Fekk dårleg samvit

KNARVIK: Ein bilførar melde seg til politiet natt til laurdag og sa han hadde vore borti ein parkert bil utanfor Rema 1000 i Knarvik tidlegare på kvelden.

[22.02.12 15:38]

Fyrverkeri på bensinstasjonen

ALVERSUND: Nokre ungdomar i ein bil fyrte søndag kveld opp fyrverkeri like ved pumpene på bensinstasjonen i Alversund.

[21.02.12 10:22]
Brukernavn 
Passord 

Pdf-avis

Kjøp Strilen i
pdf-utgåve HER.

http://static.buyandread.com/thumbnail/strilen/strilen.jpg

Må takast meir på alvor

Strilen har dei siste avisene peika på to saker som gjeld lokal rasfare. I Gulen tilrår ein konsulent at eit tun i Brekke må sikrast med ein skredvoll. Ein rapport peikar også på behov for sikring i eit hyttefelt i Sollibotn.

Last ned Strilen sine
næringssider 260112


Strilen vert redigert i samsvar med norsk lovgivning, redaktørplakaten og dei prinsipp som er nedfelte i Vær Varsom-plakaten av Norsk presseforbund.

Om lesarar føler at Strilen har begått overtramp, bed vi dei kontakta konstituert redaktør Hans Egil Storheim

«Heilt  utruleg»

«Heilt utruleg»

IKKJE WIEN, MEN FREKHAUG: Etter to og ein halv times musikalsk fyrverkeri gav publikum klar melding: «Me kjem att neste år».

Publisert 13.01.12 17:47
Endret 13.01.12 20:55

Ståande og sitjande trampeklapp. Trakkande full storstove. Eit svært så variert program, som vart til litt etter kvart, med ei herleg blanding av lokale og importerte artistar av høg klasse.

Kortversjonen av årets nyttårskonserten i regi av Meland Musikklag går inn på få linjer. Kanskje sakna enkelte «Sjam­panjegaloppen» som avslutning på ei litt lang andre avdeling.

Men for eit fyrverkeri av eit program!

Bjørn Sagstad skuffa ikkje fullsette benkerader frå han tok trappa opp til scena i to steg. Den utflytte helten tynte godlåtar på rekkje og rad ut frå Meland-musikarane.
Konserten held fram med heftig applaus for to lokale aktørar som stadig imponerer: Lydia Hoen Tjore og Preben Hodneland.

Med roser og raud kjole tok Lydia publkum med storm. Ho tok oss så vakkert inn i operetteverda at Preben ikkje klarte å halda seg bak scena heilt så lenge som han skulle.
Sistnemnde går på teater­skulen, i Jon Eikemo og Arvid Ones sine fotspor, men avslørte nok ein gong imponerande songprakt. Den er blant anna tileigna som student i København.

Som ein lokal «Michael Bublé» utløyste også Preben sine utvalde låtar trampeklapp. Og stemninga berre steig då dei to gjekk saman i duett.

Det har dei også gjort før, blant anna i Which Witch på Håkonshaugen. Og hjarteleg velkomne er dei til å gjera det igjen.

«Prayer» og «Bridge over Troubled Water» kan dei to svært gjerne ha på programmet om dei ein gong seinare står på ei lokal scene.

– Kommentaren «Heilt utru­leg» frå ei dame rett bak oss tek me sjansen på å underskriva på vegner av alle 350 i salen som fekk med seg konserten.

Andre halvdelen av konserten gav feiande kjende og mindre kjende tonar frå ein fast gjest på nyttårskonsertane: Forsvarets Musikkorps Vestlandet, i år med Peter Szilvay som dirigent.

Dei fekk «hjelp» av eit musikkfenomen av ein rappkjefta austlandsk tusenkunstnar ved namn Stian Karstensen.

Dystre austeuropeiske trekk­speltonar, Valdres­marsjen i salsa­takt, ungarsk fløyte, heftig banjo­musikk og rappe vitsar var berre litt av det Karstensen held publikum i ande med.

Ein som får sindige strilar til å stemma i refrenget «Moss Fisk- og Sexleketøy» skulder ved skulder, har godt publikums­tekke.

Karstensen har også så store musikalske talent at han kan vera verd ein konsert heilt for seg sjølv.

Om andre avdeling vart lang nok, var applausen stormande då Karstensen og Forsvarets Musikkorps avslutta med eit muntert og heseblesande samandrag av siste 250 års musikk-historie:

Kjekt og uhyre profesjonelt gjennomført.

– Eit klart «ja» var det ikkje uventa svaret konferansier Inge Alver fekk på spørsmålet om publikum vil ha ein ny nyttårskonsert på Frekhaug. Han hadde heile salen med seg i å gje rose og klem til Marit Tømmermo for å vera primus motor for konsertane.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Westland satsar stort

Westland satsar stort

Fornyar og utvidar hotellet fram mot 2018.

    Eit steg vidare for «Gullvegen»

    Eit steg vidare for «Gullvegen»

    Alliansen bak Sambandet Vest imøteser god støtte frå fylkestinget, som skal uttala seg om Regional Transportplan til sommaren.

      Blant Hareides topp tre

      Blant Hareides topp tre

      Knut Arild Hareide er imponert og stolt over kor mange KrF-arar Nordhordland har i den politiske leiinga.

        Godt føre i BKK-rennet

        Godt føre i BKK-rennet

        Andreas Nergård og Claus Sellevoll gjorde det bra på Bulken.

          Frå sofasyklist til sprek sykkelavisredaktør

          Frå sofasyklist til sprek sykkelavisredaktør

          LINDÅS: Som småfeit reklamemann på 50+ utan jobb, tok Karstein Vabø pedalane og pc-en fatt og skapte seg sin eigen arbeidsplass.

            Kjørte på land i fylla

            LINDÅS: Ein berusa båtførar kjørte i halvellevtida laurdag kveld på land med eit brak i Vallevika ved Seim. Mannen vart utruleg nok ikkje skadd.

              Siste kortnytt

              Mest lest

              Eldre artikler

              Webkamera

              Klikk på biletet nedanfor for å sjå bilete frå den nye rundkjøringa akkurat no.