Trafikkulukke på Hagelsundbrua

KNARVIK: Like før klokka fire onsdag ettermiddag small det på Hagelsundbrua, men ingen vart skadde.

 

[16.05.12 16:18]

Pågreip rusa bråkmarkar

ALVERSUND: Ein 27 år gamal mann vart tysdag kveld pågripen og sett i drukkenskapsarresten for trugsmål og ordensforstyrring i Alversund.

[16.05.12 09:14]

Vil ha vekk etterlaten bil

LINDÅS: Nokon har gløymt att golfen sin like nord for Kjevikdalen.

[16.05.12 09:13]
Brukernavn 
Passord 

Pdf-avis

Kjøp Strilen i
pdf-utgåve HER.

http://static.buyandread.com/thumbnail/strilen/strilen.jpg

Tida vil visa

«Ein milepæl» - på engelsk «milestone» - var ordet statsminister Jens Stoltenberg sette på testsenteret som han opna på Mongstad måndag.

Last ned Jubileumsavisa
for Nordhordland
Handverk- og industrilag:


Strilen vert redigert i samsvar med norsk lovgivning, redaktørplakaten og dei prinsipp som er nedfelte i Vær Varsom-plakaten av Norsk presseforbund.

Om lesarar føler at Strilen har begått overtramp, bed vi dei kontakta konstituert redaktør Hans Egil Storheim

Hoppande glade for ny bane

Hoppande glade for ny bane

Del | |

Turnarar på Radøy har lenge ønskja seg ei tumblingbane. No er bana på plass.

Publisert 23.10.11 19:24
Endret 23.10.11 19:23

– Det har vore litt av eit liv på trening i det siste. Borna er veldig ivrige og den nye bana gjer kvardagen vår mykje kjekkare, kan Heidi Marås fortelja.

Søndag inviterte turngruppa i Radøy idrettslag til basar til inntekt for ei ny tumblingbane.

Tumblingbana kostar 100.000 kroner. Etter å ha jobba for dette i lengre tid, har klubben endeleg våga å kjøpa ei. Den måtte sjølvsagt både visast fram og testast ut av unge turnarar på basaren.
 
Tryggare og meir effektiv trening
Idrettslaget har to turngrupper- ei på Sæbø og ei på Sletta. Begge gruppene skal få nytta bana. Dei som turnar på Sæbø har alt fått testa den nokre gongar og tilbakemeldinga er at dette er supere greier. Tumblingbana er ei lang oppblåsbar bane som gjer det lett å spretta og tryggare og mjukare å landa.

– Dei fleste turngrupper rundt om kring har slike matter og det er også det som møter ungdommane våre når dei er rundt på ulike turnarrangement. Ei slik matte er tryggare og sidan den er så stor gjer den også treninga med større grupper meir effektiv, seier Marås.

Det fekk også foreldre, søsken og besteforeldre sjå då nokre av turnarane stilte seg på rekkje og demonstrerte høge hopp, salto og anna gøy.
 
Sponsa av lokale
Til saman er det rundt 40 born som går på turn på Sæbø og 80 på Sletta. Turngruppene gjev eit tilbod til born og unge frå 4 til 18 år og lokale bedrifter som Fiskenett og Stevnebø har vore med å sponsa idrettslaget slik at dei skulle få råd til bana. I tillegg gjekk inntektene frå basaren på skulen denne helga til føremålet, og det møtte opp bra med folk.

– Me har fått veldig mange flotte gevinstar frå lokale butikkar og privatpersonar og oppmøtet er over all forventning. Me har ikkje arrangert ein slik basar tidlegare og hadde ikkje venta på langt nær så mykje folk. Eg er redd me kjem til å gå tom for kaffimat, seier Marås.
 
Vann sjal og leggvarmarar
Stemninga blant borna i salen tydde også på at gevinstane fall i smak.

Lea Cecilie Grandahl (7), Nathalie Sæbdal og Jeanette Grandahl hadde i alle fall vinnarlukka med seg.

– Me har vunne sokkar og leggvarmarar og eit sjal, kunne dei fortelja.

På eit bord litt lenger borte sat det også tre glade vinnarar.

Karina Andersen Øren (10) kunne visa fram ein stilig servietthaldar som ho hadde vunne.
– Det er til og med serviettar med, sa ho.

Elise Chun Skråmestø og Sander Wii Skråmestø hadde fått pennar, raude sokkar og ei rosa veske.

– Me har ikkje vunne noko, men farmor har vunne og så har ho gitt gevinstane til oss på deling, får Strilen vita.
 
 
 
 


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Hipp hipp hipp hurra!

Hipp hipp hipp hurra!

Litt regn bryr ikkje Victoria (8) og Samuel (11) seg om.

    «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

    «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

    MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

      Meland veks fortast

      Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.

        Hamstra brød i Knarvik

        Hamstra brød i Knarvik

        Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.

          Foten ned for full utbygging

          Foten ned for full utbygging

          AUSTRHEIM: Dersom planar om bustadfelt på Solesjøen skal få grønt lys, må utbyggjaren redusera talet på bustader kraftig.

            Vil du vera reiseleiar i sommar?

            Vil du vera reiseleiar i sommar?

            Er du reiselysten og samstundes interessert i å jobba med born? Då kan du få hjelpa Astrid, Mille, Sander og Eilif med å få oppleva sitt livs eventyr i sommar.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler

              Webkamera

              Klikk på biletet nedanfor for å sjå bilete frå den nye rundkjøringa akkurat no.