Pågripen med narkotika

LINDÅS: Ein mann midt i tjueåra er pågripen og sett i fengsling forvaring mistenkt for omgang med narkotika.

[03.02.12 15:29]

Stoppa tvilsam mopedist

LINDÅS: Utan førarkort, og på ein moped utan lys og bremser og med slarkete framhjul, møtte ein bilførar torsdag ettermiddag politiet i Mundalsbergtunnellen.

[03.02.12 12:57]

Kjørte utfor

LINDÅS: Ingen vart skadd då ein bil kjørte utfor vegen mellom Mongstad og Lauvås på FV57 fredag morgon.

[03.02.12 10:05]
Brukernavn 
Passord 

Pdf-avis

Kjøp Strilen i
pdf-utgåve HER.

http://static.buyandread.com/thumbnail/strilen/strilen.jpg

Må få orgel!

Lindås kommunestyre skal neste torsdag avklara den økonomiske ramma for den nye kyrkja i Knarvik. Frå formannskapet kjem det ikkje mindre enn tre tilrådingar:

Last ned Strilen sine
næringssider 260112


Strilen vert redigert i samsvar med norsk lovgivning, redaktørplakaten og dei prinsipp som er nedfelte i Vær Varsom-plakaten av Norsk presseforbund.

Om lesarar føler at Strilen har begått overtramp, bed vi dei kontakta konstituert redaktør Hans Egil Storheim

Jokeren som kan opna for skulenedlegging

Jokeren som kan opna for skulenedlegging

Fleire skular i Lindås kan verta nedlagte, men Skodvin skule kan overleva. Jokeren er Leif Sleire frå Høgre.

Publisert 05.11.09 15:25
Endret 06.11.09 17:46

Det kom fram i formannskapet torsdag, der Leif Sleire gjekk ut og opplyste at Høgre er splitta, og at han støttar delar av rådmannen si tilråding.

Festo og Eikanger skular er klart i faresona, medan Myking kan overleva på bekostning av Kløvheim.

Avrøystinga om Lindås sin skuleplan er utsett i formannskapet, men debatten avdekka at det kan vera fleirtal i kommunestyret for skulenedlegging.

– Det har vore jobba febrilsk dei siste vekene for å få til eit kompromiss både internt i Høgre og i fleirtalet, men det har ikkje lukkast. Det har gått ut over både nattesøvn og familie, men det er noko av baksida av medaljen ved å vera fritidspolitikar, sa Sleire.

Han signaliserte at han kan støtta delar av rådmannen si innstilling, blant anna å leggja ned Festo skule. For Eikanger er han meir usikker.

Sleire antyda og at det bør vurderast om Kløvheim kan verta nedlagd til fordel for Myking skule. Det ønskjer han at rådmannen må sjå nærare på, blant anna ut frå skuleskyss.

I debatten kom det som venta fram at Frp som utgangspunkt vil støtta rådmannen si innstilling om å leggja ned fire skular. Frå Ap kom det og sinal om støtte for rådmannen sitt opplegg, men ikkje så tydeleg som frå Frp. I ein e-post til Strilen fredag har Sveinung Valle reagert på måten han er sitert på, avdi han kom med framlegg om utsetjing for å sjå skulesaka i samanheng med drøfting av budsjett og økonomiplan på Voss.

«Dette skal me ta stilling til på Voss- og Ap er open for fleire alternativ- også 0 alternativet. Dette fordi (også sagt i møtet), at det er uheldig at ei så viktig sak vert avgjort med knappast mogeleg margin-noko som kan føra til uro og omkampar i lang tid. Ber deg om å nyansera det som sto i Strilen.no til parirutgåva lørdag», skriv Valle i e-posten fredag.

Frp og Ap har 15 av 31 i kommunestyret. Dermed trengst det etter alt å dømma støtte frå ein eller fleire frå fleirtalskoalisjonen om det skal verta nedlegging. Venstre og SV er venta å gå mot nedlegging.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Skodvin-klasse best i avislesing

Skodvin-klasse best i avislesing

Ingen andre sjuande­klassar var like flinke til å hugsa detaljar.

    Protesterer mot «tvilsam» ankring

    Protesterer mot «tvilsam» ankring

    MASFJORDEN: Dei siste månadene har det stadig lege båtar oppankra ved Haugsøytangen i Masfjorden. Det vil kommunestyret ha slutt på.

    Mar Christina, som hadde ein eksplosjon ombord ved kai i Sandfjord i fjor, er ein av båtane som skal ha ankra opp her. (Foto: Atle Møller, Sandefjord Blad)

      Går for rekorden

      Går for rekorden

      KNARVIK: Tysdag og torsdag i neste veke skal Knarvik-elevane samla inn pengar til Aserbajdsjan.

        – Tenk nytt, ikkje nedlegging!

        – Tenk nytt, ikkje nedlegging!

        Nytenking og spissing av tilbodet var rådet frå dei som skal bestemma. Støttegruppa vil like mykje ha eit breidt tilbod og nybygg ved Austrheim vidaregåande.

          «Folk ved fjorden» på kino i Oslo

          «Folk ved fjorden» på kino i Oslo

          Øyvind Sandberg sin siste dokumentarfilm opnar på to kinoar i hovudstaden denne helga.

            Skøyteis på Fossemyra

            Skøyteis på Fossemyra

            «Skøytebana» på Fossemyra opnar i kveld

              Siste kortnytt

              Eldre artikler

              Webkamera

              Klikk på biletet nedanfor for å sjå bilete frå den nye rundkjøringa akkurat no.