Kongegull til Eilif B. Løtveit
LINDÅS: Eilif Bertin Løtveit vart onsdag tildelt Kongens fortenstmedalje i gull ved ei høgtid på Troldhaugen i Bergen.
Endret 29.01.10 17:53
Troldsalen på Troldhaugen var fullsett og gratulantane stod i kø då Eilif B. Løtveit (64) onsdag kveld fekk overlevert Kongens fortenstmedalje i gull av fylkesmann Svein Alsaker.
Løtveit har dei tolv siste åra vore tilsett på Troldhaugen, Nina og Edvard Grieg sin heim i Fana, men dei fleste i Nordhordland kjenner han nok som ein engasjert og kunnskapsrik konferansier på konsertar og andre arrangement.
Ja-menneske
Eilif B. Løtveit er utdanna lektor med faga nordisk, tysk og kunsthistorie, og i 20 år hadde han arbeidsplassen sin på Lindås gymnas i Knarvik. Men i 1996 begynte han på Troldhaugen, i første omgang i ei prosjektstilling knytt til Harald Sæverud-jubileet i 1997.
Han var og med på å tilretteleggja Sæverud sin heim Siljustøl som museum og konsertlokale. Frå 1998 har han vore fast tilsett som museumskonsulent på Troldhaugen.
I talane etter overrekkinga vart det nokre ord som gjekk att: Entusiasme, formidlingsevne og ja-menneske.
Herr Troldhaugen
Ein viktig del av jobben på Troldhaugen er å vera omvisar i villaen til Nina og Edvard Grieg, og mange trekte fram Løtveit sin eineståande evne til å skapa interesse for Grieg sin musikk, men og evna til å gjera komponisten levande gjennom å fortelja anekdotar frå Grieg sitt liv.
– Du har nesten vorte ein del av inventaret på Troldhaugen, på linje med plysjsofaene og bilda, vart det sagt i helsingane.
Ord og musikk
Eilif B. Løtveit var med på å skipa Musikken Venner Nordhordland i 1982, og han var i mange år leiar der. Og utallige er konsertane deira han har leia.
Han har og vore leiar i Troldhaugens Venner og vore ei drivkraft i konsertbyrået «Musikkforum-Bergen».
Men han er også oppteken av litteratur, noko som kom godt fram dei åra han var norsklærar på Lindås gymnas.
Tyskland
Det er ikkje berre lokalt ein har fått oppleva Løtveit sitt engasjement. Han har i ei årrekkje vore engasjert i prosjektet «Grieg in der Schule» i Tyskland, og også den norske ambassaden i
Berlin har nytta han i arbeidet sitt. Difor vart det lese opp helsingar både frå Utandriksdepartementet og frå kunstvener i Tyskland under markeringa i Troldsalen. Også norsk-tysk venskapsforeining i Bergen, der Løtveit er leiar, helsa.
Konsert
Festkonserten i Troldsalen vart innleidd med musikk og diktopplesing av profesjonelle utøvarar, og Løtveit sjølv takka varmt både for medaljen og den flotte festkonserten.
– Eg kjenner meg privilegert som får arbeida med det eg interesserer meg for, og det er kjærleiken til kulturen som er drivkrafta. Å formidla dette til andre, gjev meg glede. Denne gleda er mi belønning. sa Løtveit.
Og karakteristisk nok kunne han fortelja at onsdagen var Mozart sin fødseldag.
– I år er det 254 år sidan han vart fødd, sa mannen som er eit levande leksikon når det gjeld musikk og litteratur.
Då passa det fint at festkonserten vart avslutta med «Abendempfindung» av nettopp Mozart, framført at baryton Per Vollestad og pianist Ingunn Ådland.
Sistnemnde hadde også vore med i festkomiteen saman med Reidar Storaas og John Hovland.
Protesterer mot «tvilsam» ankring
MASFJORDEN: Dei siste månadene har det stadig lege båtar oppankra ved Haugsøytangen i Masfjorden. Det vil kommunestyret ha slutt på.
Mar Christina, som hadde ein eksplosjon ombord ved kai i Sandfjord i fjor, er ein av båtane som skal ha ankra opp her. (Foto: Atle Møller, Sandefjord Blad)
Går for rekorden
KNARVIK: Tysdag og torsdag i neste veke skal Knarvik-elevane samla inn pengar til Aserbajdsjan.
– Tenk nytt, ikkje nedlegging!
Nytenking og spissing av tilbodet var rådet frå dei som skal bestemma. Støttegruppa vil like mykje ha eit breidt tilbod og nybygg ved Austrheim vidaregåande.
Siste kortnytt
- Pågripen med narkotika [03.02.12 15:29]
- Stoppa tvilsam mopedist [03.02.12 12:57]
- Kjørte utfor [03.02.12 10:05]
- Truleg hjartesvikt bak dødsulukke [03.02.12 14:51]
- Kjerringslepp fredag [02.02.12 13:05]
- I fjellveggen på E39 [02.02.12 09:33]
- Rolls Royce måtte evakuerast [01.02.12 14:49]
- Hadde 94 i 60-sona [01.02.12 14:50]
- Raud jolle på frifot [31.01.12 15:31]
- Ikkje slepp hundane fri [31.01.12 12:26]
- Bølla seg rett i kasjotten [30.01.12 10:37]
- Innbrot i rådhuset [30.01.12 10:37]
- Travel helg for politiet [29.01.12 19:20]
- Lindåshallen opnar måndag [29.01.12 19:07]
- Ope møte om Austrheim VGS [29.01.12 19:22]
- Truga med kniv [26.01.12 10:51]
- Bilbrann på Mongstad [26.01.12 10:50]
- Stadig færre vil driva kvalfangst [26.01.12 10:49]
- Endå ein båt på rek [25.01.12 15:46]
- Kjørte på rullestol [23.01.12 13:02]
Mest lest
- Leiteaksjon ved Haglsundbrua [17.01.12 14:19]
- Lindås-dame millionær på Joker [16.01.12 12:45]
- 63 Lotto-millionar til Austrheim-mann [19.01.12 10:12]
- «Heilt utruleg» [13.01.12 20:55]
- Maks gøy å få møta Jan Thomas [09.01.12 17:09]
- Redda jenter med handjern [21.01.12 11:53]
- Kranbil i grøfta [22.01.12 10:05]
- Tom båt låg midt i skipsleia [21.01.12 16:02]
- Ekstremt glatte vegar [22.01.12 10:05]
- 130 let seg inspirera [14.01.12 16:23]
- Redda av BKK [22.01.12 11:12]
- Kjøpefest med sur svie [06.01.12 18:22]
- Massivt nei til vindkraft [18.01.12 09:36]
- Til toppjobb i Bergen [26.01.12 10:47]
- Snøvêr og godt humør [08.01.12 12:58]
- Omkom i dykkarulukke [30.01.12 11:33]
- Spurte biskopen om alkohol, abort og homofili [18.01.12 16:28]
- – Dette får de til viss de berre vil [13.01.12 17:40]
- Har overteke Bestefarstova [31.01.12 11:44]
- Bil på taket på Sletta [13.01.12 20:52]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]









