Trafikkulukke på Hagelsundbrua

KNARVIK: Like før klokka fire onsdag ettermiddag small det på Hagelsundbrua, men ingen vart skadde.

 

[16.05.12 16:18]

Pågreip rusa bråkmarkar

ALVERSUND: Ein 27 år gamal mann vart tysdag kveld pågripen og sett i drukkenskapsarresten for trugsmål og ordensforstyrring i Alversund.

[16.05.12 09:14]

Vil ha vekk etterlaten bil

LINDÅS: Nokon har gløymt att golfen sin like nord for Kjevikdalen.

[16.05.12 09:13]
Brukernavn 
Passord 

Pdf-avis

Kjøp Strilen i
pdf-utgåve HER.

http://static.buyandread.com/thumbnail/strilen/strilen.jpg

Tida vil visa

«Ein milepæl» - på engelsk «milestone» - var ordet statsminister Jens Stoltenberg sette på testsenteret som han opna på Mongstad måndag.

Last ned Jubileumsavisa
for Nordhordland
Handverk- og industrilag:


Strilen vert redigert i samsvar med norsk lovgivning, redaktørplakaten og dei prinsipp som er nedfelte i Vær Varsom-plakaten av Norsk presseforbund.

Om lesarar føler at Strilen har begått overtramp, bed vi dei kontakta konstituert redaktør Hans Egil Storheim

Koriade-siger til Seim Songkor

Koriade-siger til Seim Songkor

Del | |

SEIM: Seim Songkor nappa vandrenoten. Andreplassen vart delt mellom Hjelmås mannskor og Lindås Songlag.

Publisert 13.11.11 14:51
Endret 15.11.11 08:27

Dei dansa, song drikkeviser, spelte blokkfløyte, kledde seg ut og flørta med dommarane.

Alt var lov då ni lokale kor laurdag møttest til historias første Koriade arrangert av Seim Songkor.

I to og ein halv time serverte dei kvar sine minishow for å få første napp i den nydreia vandrenoten laga spesielt for den uhøgtidelege underhaldningskonkurransen.

Resten av kvelden var det korfest og premiedryss.
 
Ein tøff jobb
Dei påmelde kora var Lindås Songlag, Måltrastena frå Meland, Radøy damekor, Songkoret Spleis frå Masfjorden, Songkoret Vågen frå Meland, Songlaget Alvidt/Manger frå Alversund, Songkoret Albatross frå Kløvheim, Hjelmås Mannskor og Seim Songkor.

Dommarane hadde ein tøff jobb med å kåra vinnarane og vedgjekk at det var fleire kor som overraska.

Men etter lange diskusjonar om tekniske og kunstnariske ferdigheiter, sceniske og generelle uttrykk, vart det arrangørane sjølve som enda opp som sigerherrar.

Med Tove Annette Holter som dirigent, serverte Seim Songkor drikkevisene «Das Königslied – Ein König ist der Wein» og «Ei mere vinen drikke» med humor, stor kraft og innleving.
 
Gav seg dansen i vald
Andreplassen vart delt mellom Lindås Songlag og Hjelmås mannskor.

Lindås, som var først i elden, tok andreplassen for si forrykande tolking av «Scandinavian Shuffle» der dei mannlege songarane gav seg dansen i vald i ein hemningslaus flørt med publikum.

Koret vart dirigert av Ann Christin Hoen og Jon Halstein Tjore kompa på piano.
 
Publikumsprisen
Som einaste mannskor, visste også Hjelmås mannskor korleis dei skulle tekkjast publikum og dommarar.

Med Åse Hagesæter som dirigent, serverte dei først ei vise kalla «Koriaden», med ein knakande god tekst av Reidar Konglevoll.

Og etter «Så länge skutan kan gå», fekk dirigenten hivande nok med å halda orden på karane under songen «Vakra flickor».

Sjarmøretappen enda ikkje uventa med at koret innkasserte publikumsprisen.
 
Dirigentprisen
Dirigentprisen gjekk ikkje uventa til Kristine Fluge, fordi ho dirigerte heile tre av kora i konkurransen.

Det var Måltrastena og Songkoret Vågen frå Meland, og Songkoret Albatross.

Kora måtte denne gongen nøya seg med deltakardiplom.
 
Veldig variert
Trass i dommarsmørjing i form av både twist, frukt og varme kyss, nådde ikkje resten av kora opp denne gongen.

Men det er ingen tvil om at dei har hatt det like kjekt under førebuingane og på scena som dei andre kora.

Med treffande kostymer og glimt i augo, serverte dei alt frå «Eit eventyr» med tekst av Aslaug L. Lygre og «Slapp reggae» til argentinske folkemelodiar og «Kyrie Eleison» av Iver Kleive.

Nokre av kora la litt meir i kostymet enn dei leverte songmessig, og andre overraska omvendt.

Men etter møtet med dei andre kora, er nok idear til neste års Koriade allereie i emning.
 
Dommartrioen
Dei tre dommarane var songarane Tore Kloster frå Halsnøy, Sølvi Helen Kvalheim Mjøs frå Radøy og Dag Hugaas frå Askøy busett på Seim.

Kloster er utdanna ved Griegakademiet og The Royal Academy og Music i London.

Kvalheim har leia Hordabø Barnekantori i ti år og syng elles der ho får sjansen.

Hugaas har dei siste ti åra sunge i fleire kor/vokalgrupper i Bergensområdet, og har vore dirigent for Feiekostane og Breistein mannskor.

Kristen Kvalheim frå Radøy, gjorde ein veldig underhaldande og sjarmerande jobb som konferansier. Kvalheim syng i Seim Songkor.
 
Ein ny tradisjon
Med Koriaden ønskjer arrangørane, Seim Songkor, å skapa eit arrangement som syner breidda og variasjonen i kormiljøet i Nordhordland.

Dei håpar Koriaden kan verta ein tradisjon som kan gleda både korsongarar og andre kvar haust framover.



Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Hipp hipp hipp hurra!

Hipp hipp hipp hurra!

Litt regn bryr ikkje Victoria (8) og Samuel (11) seg om.

    «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

    «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

    MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

      Meland veks fortast

      Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.

        Hamstra brød i Knarvik

        Hamstra brød i Knarvik

        Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.

          Foten ned for full utbygging

          Foten ned for full utbygging

          AUSTRHEIM: Dersom planar om bustadfelt på Solesjøen skal få grønt lys, må utbyggjaren redusera talet på bustader kraftig.

            Vil du vera reiseleiar i sommar?

            Vil du vera reiseleiar i sommar?

            Er du reiselysten og samstundes interessert i å jobba med born? Då kan du få hjelpa Astrid, Mille, Sander og Eilif med å få oppleva sitt livs eventyr i sommar.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler

              Webkamera

              Klikk på biletet nedanfor for å sjå bilete frå den nye rundkjøringa akkurat no.