Trafikkulukke på Hagelsundbrua

KNARVIK: Like før klokka fire onsdag ettermiddag small det på Hagelsundbrua, men ingen vart skadde.

 

[16.05.12 16:18]

Pågreip rusa bråkmarkar

ALVERSUND: Ein 27 år gamal mann vart tysdag kveld pågripen og sett i drukkenskapsarresten for trugsmål og ordensforstyrring i Alversund.

[16.05.12 09:14]

Vil ha vekk etterlaten bil

LINDÅS: Nokon har gløymt att golfen sin like nord for Kjevikdalen.

[16.05.12 09:13]
Brukernavn 
Passord 

Pdf-avis

Kjøp Strilen i
pdf-utgåve HER.

http://static.buyandread.com/thumbnail/strilen/strilen.jpg

Tida vil visa

«Ein milepæl» - på engelsk «milestone» - var ordet statsminister Jens Stoltenberg sette på testsenteret som han opna på Mongstad måndag.

Last ned Jubileumsavisa
for Nordhordland
Handverk- og industrilag:


Strilen vert redigert i samsvar med norsk lovgivning, redaktørplakaten og dei prinsipp som er nedfelte i Vær Varsom-plakaten av Norsk presseforbund.

Om lesarar føler at Strilen har begått overtramp, bed vi dei kontakta konstituert redaktør Hans Egil Storheim

Kulturpris til driftige brør

Kulturpris til driftige brør

Del | |

MASFJORDEN: Olaf og Ragnar Sleire (t.venstre) har drive gard på gamlemåten heile livet. Det har imponert langt utover kommunegrensene.

Publisert 23.08.09 12:01
Endret 24.08.09 13:06

Det var ein stolt Masfjord-ordførar som tok ordet under Kraftspela i Matre i helga. Utdelinga av kulturprisen har vore ei årleg hending i 22 år, men sjeldan har nokon vorte så overraska som i år.

Arbeider i det stille
Brørne Olaf og Ragnar Sleire trudde knapt det som hende. I heile sitt liv har dei jobba hardt for å halda slektsgarden på Sleire i hevd. Dei har aldri stukke seg fram og bede om å få noko merksemd. Men arbeidet dei har gjort i det stille, vert lagt merke til.
– Olaf og Ragnar Sleire er tildelt kulturprisen for arbeidet med tradisjonell landbruksdrift. Dei har ivaretatt kulturlandskapet med tradisjonelle metodar, sa ordførar Håkon Matre, og gav karane blomar, diplom og ein sjekk på 10.000 kroner.
Det passa godt i 2009, som er peika ut til å vera det nasjonale kulturminneåret.

Kjærleik til jorda
Ordføraren peika på at dei to gjennom sin veremåte og sin innsats basert på tradisjon, omtanke og kulturvern har vist omverda korleis forfedrane i Masfjorden levde sin kvardag gjennom året. Kjærleiken til jorda og dyra kjem også tydeleg fram i filmen som vart laga om dei to for nokre år sidan.
Filmen, som har fått namnet Odelsgutane, var ein del av programserien Faktor på NRK.

Trufast arbeidskamerat
Gjennom programmet fekk folk i heile landet eit innblikk i kvardagslivet til brørne og den trufaste arbeidskameraten «Tuva». Då filmen vart laga hadde hesten passert 34 år, men merra var framleis med Olaf og Ragnar i det daglege arbeidet på garden. Saman har tre trekt utallige tømmerlass, kjørt ut møk, harva og fått materialar og utstyr til fjells.
Karane brukte også hesten då dei rydda i Markhusdalen etter den store nyttårsorkanen på 1990-talet. Dei brukte fleire år på jobben og turgåarar kan framleis nyta godt av arbeidet deira.
– Dette er den største æra eg har fått i heile mitt liv, sa Olaf på vegne av dei to, som også fekk vera filmstjerner for ein kveld.
 Etter premieutdalinga, vart nemleg filmen om dei to vist i kinosalen, med Ragnar og Olaf som heidersgjestar. Det hausta stor applaus.

Næringspris til skisenter
Også Næringsprisen i Masfjorden vart delt ut under kraftspela. Det skjedde for andre gong. I år var det Stordalen skisenter som fekk prisen. Arne Berg kunne, som representant for senteret, ta imot diplom og pris.

– Stordalen Skisenter har med si raske etablering og utvikling, skapt eit populært tilbod både for Masfjordingar og tilreisande, sa ordføraren og fortalde om ei besøksauke frå 4000 til 6000 menneske på eit år.
– Stordalen Skisenter AS er eit flott «fyrtårn» for Masfjorden og bidreg stort til eit positivt omdøme av kommunen, fekk publikum høyra. Det vart også godt mottatt hjå tilhøyrarane.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Hipp hipp hipp hurra!

Hipp hipp hipp hurra!

Litt regn bryr ikkje Victoria (8) og Samuel (11) seg om.

    «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

    «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

    MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

      Meland veks fortast

      Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.

        Hamstra brød i Knarvik

        Hamstra brød i Knarvik

        Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.

          Foten ned for full utbygging

          Foten ned for full utbygging

          AUSTRHEIM: Dersom planar om bustadfelt på Solesjøen skal få grønt lys, må utbyggjaren redusera talet på bustader kraftig.

            Vil du vera reiseleiar i sommar?

            Vil du vera reiseleiar i sommar?

            Er du reiselysten og samstundes interessert i å jobba med born? Då kan du få hjelpa Astrid, Mille, Sander og Eilif med å få oppleva sitt livs eventyr i sommar.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler

              Webkamera

              Klikk på biletet nedanfor for å sjå bilete frå den nye rundkjøringa akkurat no.