Trafikkulukke på Hagelsundbrua

KNARVIK: Like før klokka fire onsdag ettermiddag small det på Hagelsundbrua, men ingen vart skadde.

 

[16.05.12 16:18]

Pågreip rusa bråkmarkar

ALVERSUND: Ein 27 år gamal mann vart tysdag kveld pågripen og sett i drukkenskapsarresten for trugsmål og ordensforstyrring i Alversund.

[16.05.12 09:14]

Vil ha vekk etterlaten bil

LINDÅS: Nokon har gløymt att golfen sin like nord for Kjevikdalen.

[16.05.12 09:13]
Brukernavn 
Passord 

Pdf-avis

Kjøp Strilen i
pdf-utgåve HER.

http://static.buyandread.com/thumbnail/strilen/strilen.jpg

Tida vil visa

«Ein milepæl» - på engelsk «milestone» - var ordet statsminister Jens Stoltenberg sette på testsenteret som han opna på Mongstad måndag.

Last ned Jubileumsavisa
for Nordhordland
Handverk- og industrilag:


Strilen vert redigert i samsvar med norsk lovgivning, redaktørplakaten og dei prinsipp som er nedfelte i Vær Varsom-plakaten av Norsk presseforbund.

Om lesarar føler at Strilen har begått overtramp, bed vi dei kontakta konstituert redaktør Hans Egil Storheim

Laga kaos på buss-stopp

Laga kaos på buss-stopp

Del | |

MELAND: Flatøy-borna kom på lang rekkje på busstoppen i går morgon. Det  gjorde dei for å visa kor trongt det vil verta om skulen vert lagt ned og alle må ta skulebuss på same tida.    Side 3

Publisert 30.11.09 18:25
Endret 30.11.09 18:25

– Sjå kor fullt det er her no. Det er 62 elevar på barneskulen i tillegg kjem elevar som skal på ungdomsskule, vidaregåande skule og andre busspassasjerar. Det er sikkert 80-90 menneske her no. Dette er ikkje noko festleg og slik kan det verta kvar dag, seier Britt-Iren Birkeland i FAU ved Flatøy skule

– Skummelt
Klokka 08.00 i går møtte elevar på Flatøy skule opp på busstoppen for å visa korleis kvardagen deira kan verte om skulen vert lagt ned.
Formannskapet i Meland har gått inn for å senda Flatøy-elevane med buss til Sagstad skule. Det vekkjer sinne og frustrasjon i bygda.
Demonstrantane stilte i refleksvestar med bodskapen «Ikkje legg ned Flatøy skule». Dei var godt synlege i morgonrushet
– No er me mange vaksne her som passar på. Men eg synest likevel det er skummelt. Eg tenkjer med gru på kva som kan skje om eit av borna snublar eller forvirrar seg ut av fortauet. Dei kan jo hamna under ein buss, seier FAU-leiar Vibecke Samuelsen.

Redd for veslesøstera
Fleire av borna på staden var lite lystne på ny skuleveg.
 – Det går bra i dag, men eg har ikkje lyst å stå her kvar dag. Det er mykje folk og så er det kaldt og mørkt. Eg har ei søster som er eitt år yngre enn meg. Eg har ikkje lyst til at ho skal stå her åleine, seier Ida Herland (7).
Heller ikkje Ingrid (9) og Ida S. (7) og Sanna (7) synest det var moro å stå på busstoppet.

Fryktar mørke og snø
Fleire foreldre fortalte at dei vil vurdera å kjøra borna til bussen i vinterhalvåret.
– Eg tek bussen frå stoppet her sjølv for å koma meg på jobb. Ein vinterdag gjekk eg på gangvegen då det kom ein brøytebil oppe på E39. Plutseleg vart eg slengt i bakken. Eg vart dynka i våt slaps og snø og gjekk rett i asfalten. Tenk om det hadde skjedd med eitt av borna her. Eg tru ikkje at det er den einaste gongen brøytebilane har sendt snø over autovernet der, seier Anders Ljung.
Han likar ikkje tanken born ned i seksårsalderen skal stå eit overfylt busstopp i mørke og regn.
FAU har sjekka bussrutene og telt kor mange bussar som er innom Flatøy i tidsrommet 07.55 til 08.15. Det har kome fram til at det er snakk om 13 bussar. – Me vil ikkje senda borna våre ut i eit slikt kaos, seier Vibecke Samuelsen.

 – Grei markering
Demonstrasjonen varte vel 15 minutt og Foreldreutvalet hadde invitert lokale politikarar til å koma å sjå. Ordførar Nils Marton Aadland kom for å slå av ein prat med demonstrantane.
– Det er mykje folk her. Det kjem ikkje som ei overrasking. Flatøy-bygda er kjent for eit stort engasjement. Det er positivt at folk står på for det som opptek dei. Eg synest det er greitt at dei markerer si meining på denne måten, seier ordføraren som var med då formannskapet gjekk inn for skulenedlegging frå hausten 2010.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




«Halve» bygda stiller som nattevandrarar

«Halve» bygda stiller som nattevandrarar

MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

    Meland veks fortast

    Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.

      Hamstra brød i Knarvik

      Hamstra brød i Knarvik

      Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.

        Foten ned for full utbygging

        Foten ned for full utbygging

        AUSTRHEIM: Dersom planar om bustadfelt på Solesjøen skal få grønt lys, må utbyggjaren redusera talet på bustader kraftig.

          Vil du vera reiseleiar i sommar?

          Vil du vera reiseleiar i sommar?

          Er du reiselysten og samstundes interessert i å jobba med born? Då kan du få hjelpa Astrid, Mille, Sander og Eilif med å få oppleva sitt livs eventyr i sommar.

            Bøndene aksjonerer

            Bøndene aksjonerer

            LINDÅS: Vakne bilistar har sett «traktoregg» og banner fleire stader i distriktet i dag. Dei er del av bøndene sin aksjon mot jordbruksoppgjeret.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler

              Webkamera

              Klikk på biletet nedanfor for å sjå bilete frå den nye rundkjøringa akkurat no.