Fire beltegebyr på Fedje

FEDJE: Fedjingane rakk nok ikkje å varsla kvarandre fort nok tysdag då politiet kom med ferja.

[22.02.12 15:38]

Fekk dårleg samvit

KNARVIK: Ein bilførar melde seg til politiet natt til laurdag og sa han hadde vore borti ein parkert bil utanfor Rema 1000 i Knarvik tidlegare på kvelden.

[22.02.12 15:38]

Fyrverkeri på bensinstasjonen

ALVERSUND: Nokre ungdomar i ein bil fyrte søndag kveld opp fyrverkeri like ved pumpene på bensinstasjonen i Alversund.

[21.02.12 10:22]
Brukernavn 
Passord 

Pdf-avis

Kjøp Strilen i
pdf-utgåve HER.

http://static.buyandread.com/thumbnail/strilen/strilen.jpg

Må takast meir på alvor

Strilen har dei siste avisene peika på to saker som gjeld lokal rasfare. I Gulen tilrår ein konsulent at eit tun i Brekke må sikrast med ein skredvoll. Ein rapport peikar også på behov for sikring i eit hyttefelt i Sollibotn.

Last ned Strilen sine
næringssider 260112


Strilen vert redigert i samsvar med norsk lovgivning, redaktørplakaten og dei prinsipp som er nedfelte i Vær Varsom-plakaten av Norsk presseforbund.

Om lesarar føler at Strilen har begått overtramp, bed vi dei kontakta konstituert redaktør Hans Egil Storheim

Maks gøy å få møta Jan Thomas

Maks gøy å få møta Jan Thomas

MELAND: Kjendisstylist Jan Thomas overgjekk alle forventningar då han kom heim til Karoline Bastesen Dale og veninnene hennar fredag.

Publisert 09.01.12 17:10
Endret 09.01.12 17:09

– Eg hadde store forventningar, men dette overgjekk alt! jublar Karoline. Ho fortel at det celebre besøket skuldast at ho i haust  vann ein bloggkonkurranse, der ein skulle blogga om eit spesielt minne med venninnene sine. Premien var at Jan Thomas, ansvarleg makeupartist i Max Factor, kom heim i stova med sminkecrew, stylingtips, goodiebags og gåvekort på merkeklede.

– Eg hadde aldri trudd at eg kom til å vinna, men det gjorde eg altså! strålar ho medan ho ventar på at sjølvaste Jan Thomas skal komma inn døra.

Gunnlaug, mora til Karoline, Mathilde, Elise og Kaspar, har laga herleg tapas, som gjengen skal kosa seg med utover kvelden.

– Dette vert ei stor oppleving for meg òg, fortel den stolte mora.

Aldri gjort før
Dei 11 jentene vert elleville når kjendisen dukkar opp. Med seg har han X-teamet Anette Ousdal og Ronja Hauan, og prosjektleiar Tor-Kristian Lund. Jan Thomas fortel litt om seg sjølv, og at han aldri har gjort noko liknande før.

– Det er utruleg å komma her til «Det Kvite Hus» på Frekhaug.  Det er ein ting eg misunner dykk, og det er at når de er yngre, får de oppleva ting for første gong. Det meste eg opplever, har eg på eitt eller anna vis vore borti før. Men dette toppar definitivt lista over ting eg aldri har gjort før, og det er veldig spennande, smilar han.

Prosjektleiar Tor-Kristian Lund har jobba med Jan Thomas i kring fire år, og har mange gode erfaringar å dela.

– Jan Thomas har ein heilt spesiell personlegdom og utstråling, og er inspirerande å jobba saman med. Han har tilført Max Factor mykje, og er kjend over heile verda. Alle ser opp til han, fortel Lund.

Eksklusive tips og triks
Kvelden byrjar med at teamet riggar opp eit ordentleg backstage makeupbord som har blitt sendt i førevegen. Utover kvelden får jentene etter tur stilla spørsmål om sminke og hår. Jan Thomas gir dei trendtips, og ein skreddarsydd look, som X-teamet Ronja og Anette stylar dei opp til.

– Når ein er backstage, skjer det ting heile tida, og det er alltid nokon i sminkestolen, seier den ansvarlege makeupartisten for Max Factor.

På same måte er det to og to jenter om gongen som får på seg proff sminke på makeup-forspielet, som Jan Thomas kallar det.

– Godt lys er veldig viktig når ein legg på makeup, seier han.

Han fortel mykje interessant om makeup, og lærer jentene korleis riktig bruk kan gjera underverk. Ofte er det berre litt skuggelegging og lysning på dei rette stadane som skal til, og vips, så har eit rundt hovud blitt smalt, og ei stor hake blitt lita.

Skal bli makeupartist
Jan Thomas fortel at det for dei fleste kunne verka sprøtt å skulle utdanna seg til makeupartist for ti år sidan, men at det no er gode moglegheiter for kunna å leva av det. Og det er nettopp makeupartist Karoline har tenkt å bli.

– Eg har søkt på FaceStockholm og Frisørinstituttet, og byrjar til hausten, om eg kjem inn på ein av skulane, seier ho.

I mellomtida skal 21-åringen fortsetja å jobba på Rema 1000 på Frekhaug, der mange kjenner ho igjen frå bloggen.

– No skal eg òg byrja å jobba på ein klubb for utviklingshemma, fortel ho.

Før Jan Thomas går, deler han ut ein stor goodiebag frå Max Factor til kvar. I tillegg får jentene eit gåvekort på 1000 kroner frå Moods of Norway, kort med autografen på, og ein god klem. Så fortset sminkinga. Når kvelden er over, gliser Karoline frå øyre til øyre.

– Eg hadde store forventningar, men dette overgjekk alt. Eg trudde det kom til å bli litt stivt og nervøst, røpar ho. Men både ho og søstera Elise er samde i at det vart ei veldig god og naturleg stemning.

Det jentene likte mest, var då Jan Thomas gav sminketips.

– Og sminka passa veldig bra til alle saman, samtykkjer dei.

– Eg er veldig glad for at alle venene mine fekk vera med på dette, smiler Karoline.

– Me kjem sikkert aldri til å oppleva dette igjen, og det er det ikkje sikkert at nokon andre kjem til å gjera heller. Dette var «once in a lifetime», og eg har nytt det i fulle drag, strålar ho.

Verdas beste kveld
21-åringen driv bloggen paaslankiing.blogg.no, der ho skriv om sminke og slanking, og legg ut oppskriftar på sunn mat.

– Eg er veldig opptatt av mote, og aller mest av sminke, fortel ho.

Bloggvinnaren har hatt eit par månaders pause.

– Om eg har mykje å gjera, så klarer eg ikkje å skriva. Men no skal eg blogga mykje om denne unike opplevinga, og legga ut mange bilde! smiler ho.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Westland satsar stort

Westland satsar stort

Fornyar og utvidar hotellet fram mot 2018.

    Eit steg vidare for «Gullvegen»

    Eit steg vidare for «Gullvegen»

    Alliansen bak Sambandet Vest imøteser god støtte frå fylkestinget, som skal uttala seg om Regional Transportplan til sommaren.

      Blant Hareides topp tre

      Blant Hareides topp tre

      Knut Arild Hareide er imponert og stolt over kor mange KrF-arar Nordhordland har i den politiske leiinga.

        Godt føre i BKK-rennet

        Godt føre i BKK-rennet

        Andreas Nergård og Claus Sellevoll gjorde det bra på Bulken.

          Frå sofasyklist til sprek sykkelavisredaktør

          Frå sofasyklist til sprek sykkelavisredaktør

          LINDÅS: Som småfeit reklamemann på 50+ utan jobb, tok Karstein Vabø pedalane og pc-en fatt og skapte seg sin eigen arbeidsplass.

            Kjørte på land i fylla

            LINDÅS: Ein berusa båtførar kjørte i halvellevtida laurdag kveld på land med eit brak i Vallevika ved Seim. Mannen vart utruleg nok ikkje skadd.

              Siste kortnytt

              Mest lest

              Eldre artikler

              Webkamera

              Klikk på biletet nedanfor for å sjå bilete frå den nye rundkjøringa akkurat no.