Målpris til tre forfattarar
Tre lokale forfattarar fekk målprisen og stemninga var god då Alversund Mållag laga til songkveld. – Songane skaper fellesskap og glede, meiner programleiar Håkon Træland.
Endret 06.02.12 16:22
Søndag arrangerte Alversund Mållag for sjette gong «Håtta du songjen?»-songkveld, med utdeling av målprisen seinare på kvelden. Tradisjonen tru dukka det i år opp endå fleire engasjerte strilar enn året før.
I tillegg til lystig allsong med pianist Otto Aksnes og opptreden frå Kåre Håland og ordføraren, stilte Håkon Træland opp som programleiar, og Astrid Skumsnes heldt ein flott tale. Dei fleste såg ut til å vera i god stemning, medrekna Kjersti Hodnekvam, som syntest det var veldig kjekt å syngja.
Elskar song
– Eg er sjølv med i kor, Alvidt/Manger Songlag, seier Hodnekvam under kaffipausen.
– Eg elskar å syngja og er her hovudsakleg på grunn av allsongen, smiler ho.
Hodnekvam syntest òg det var stas å få høyra ordføraren Astrid Aarhus Byrknes og Kåre Håland syngja, og gledde seg til målprisutdelinga.
– Eg er generelt veldig engasjert i nynorsk. Det er fantastisk mange fine songar og dikt på nynorsk, meiner ho.
Hodnekvam har vakse opp med nynorsk, og har lenge vore med i Noregs Mållag.
– Engasjer deg
– No for tida syng ikkje folk så mykje, men før song dei seg friske. Kanskje kjenner de forskjell etter å ha vore her i kveld, sa Astrid Skumsnes under talen.
Ho fortalde at det for tida bles friske vindar i måldebatten.
– Men me vestlendingar er vane med litt friske vindar, poengterer ho med eit smil.
Skumsnes kom med ein klar bodskap under talen si, der ho meinte at alle burde engasjera seg som best dei kan for nynorsken.
– Snakk nynorsk, arbeid for målsaka på jobben og meld deg inn i Noregs Mållag, var meldinga.
Kunngjorde vinnarane
Etter Skumsnes sin tale gjekk kvelden vidare med allsong og god underhaldning, før Aarhus Byrknes heldt tale der ho mellom anna skrytte av kor flott og viktig arbeid mållaget gjer. Dernest song ho «Skigardsvise» og «Vi vandrar saman». Mot slutten herska det spent stemning då det endeleg var klart for Skumsnes å kunngjera vinnarane av målprisen for 2012.
– Om Ivar Aasen hadde levd i dag, ville han nok ha besøkt tre spesielle forfattarar. Dei same som i år har vunne målprisen, seier ho, og erklærer at vinnarane er Berit Vatne Vik (79), Asbjørn Rydland (36) og Atle Berge (26).
Edel meining
Under den korte presentasjonen av kvar av dei prisvinnande forfattarane kom det fram mykje imponerande, mellom anna at Berit Vatne Vik både har drive galleri på Osterøy, skrive seks bøker, og at ho på 70- og 80-talet har gjeve ut dikt og forteljingar i Strilen. Vik byrja då ho var 66 å gje ut bøker, og i eit intervju har ho mellom anna sagt at ho «har lyst til å formidla noko som gjer verda betre».
Klok satsing
Om Asbjørn Rydland fekk me vita at han har markert seg sterkt i kjølvatnet av fantasy og Harry Potter, og at det var modig av han å tora å satsa på fantasy-sjangeren. Rydland held på med ein serie på fem bøker om stallguten Koll, og har gjeve ut bøkene «Drake-guten» og «Med eld i hjartet». Under «Lelitt – festivalen» i fjor besøkte han mange ungdomsskular og las frå bøkene. Skumsnes siterte ei utsegn om at Rydland skriv så bra at bokmålselevar gløymer at dei skriv nynorsk, og at språket er ein god rollemodell for nynorskelevar.
Fekk stipend
Om Atle Berge kom det fram at han sende inn sitt første manuskript til forlag då han var berre fjorten år gamal.
– Her ser me eit stort spenn, smiler Skumsnes, og peikar på forskjellen mellom å vera fjorten år og Vik sin debut då ho var sekstiseks, og at det aldri er for seint.
Berge ga ut sin første roman «Muntergang» i 2010, og har fått Sparebanken Vest sitt stipend på 50 000 kroner for si første bokutgjeving.
Medrivande
Av målprisvinnarane var det berre Asbjørn Rydland som var til stades, men mor til Berge, og Vik sin tremenning Kjersti Kjenes Rydland, tok imot prisen i deira stad.
– Det er artig å få prisar, sjølv om det ikkje er akkurat difor eg har blitt forfattar, smiler Asbjørn Rydland under takketalen.
– Det er nok ikkje denne aldersgruppa eg skriv for, spøkjer han før han les eit utdrag frå den første boka si.
Velfortent
– Det var ein vel fortent pris, og dei er svært gode representantar for nynorsken i Nordhordland, meiner programleiar for kvelden, Håkon Træland.
Træland fortel at han synest det er veldig bra at mange har tatt med seg foreldre og besteforeldre på songkvelden.
– Songane skaper fellesskap og glede, og er ein fin måte å bruka målet på, legg han til.
Otto Aksnes, som flittig spelte piano heile kvelden og song fleire songar, kunne òg fortelja om eit vellukka arrangement.
PÅ BILDET OVER ER: Forfattar Asbjørn Rydland, mor til Atle Berge og tremenningen til Berit Vatne Vik tok søndag imot målprisen. T.h. Astrid Skumsnes.
«Halve» bygda stiller som nattevandrarar
MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.
Meland veks fortast
Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.
Hamstra brød i Knarvik
Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.
Siste kortnytt
- Trafikkulukke på Hagelsundbrua [16.05.12 16:18]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
- Mistenkjer promillekjøring [03.05.12 15:02]
- Bråk på busstopp og legevakt [03.05.12 15:00]
- Brannvernet sløkkte, mann tente på [03.05.12 14:59]
- Bråk i badevika [30.04.12 10:31]
- Har du mista pengane dine? [30.04.12 10:30]
- Mobilinnsamling heile veka [30.04.12 09:01]
Mest lest
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Bygg som nesten er for lite [20.04.12 21:48]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Til alters etter 28 års prøvetid [14.04.12 15:48]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Tok Roald på senga [18.04.12 11:24]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]













