Fire beltegebyr på Fedje

FEDJE: Fedjingane rakk nok ikkje å varsla kvarandre fort nok tysdag då politiet kom med ferja.

[22.02.12 15:38]

Fekk dårleg samvit

KNARVIK: Ein bilførar melde seg til politiet natt til laurdag og sa han hadde vore borti ein parkert bil utanfor Rema 1000 i Knarvik tidlegare på kvelden.

[22.02.12 15:38]

Fyrverkeri på bensinstasjonen

ALVERSUND: Nokre ungdomar i ein bil fyrte søndag kveld opp fyrverkeri like ved pumpene på bensinstasjonen i Alversund.

[21.02.12 10:22]
Brukernavn 
Passord 

Pdf-avis

Kjøp Strilen i
pdf-utgåve HER.

http://static.buyandread.com/thumbnail/strilen/strilen.jpg

Må takast meir på alvor

Strilen har dei siste avisene peika på to saker som gjeld lokal rasfare. I Gulen tilrår ein konsulent at eit tun i Brekke må sikrast med ein skredvoll. Ein rapport peikar også på behov for sikring i eit hyttefelt i Sollibotn.

Last ned Strilen sine
næringssider 260112


Strilen vert redigert i samsvar med norsk lovgivning, redaktørplakaten og dei prinsipp som er nedfelte i Vær Varsom-plakaten av Norsk presseforbund.

Om lesarar føler at Strilen har begått overtramp, bed vi dei kontakta konstituert redaktør Hans Egil Storheim

Massivt nei til vindkraft

Massivt nei til vindkraft

EIVINDVIK: Motstanden mot utbygging av vindmøller i Gulen var massiv på folkemøtet i Eivindvik måndag kveld.

Publisert 17.01.12 10:00
Endret 18.01.12 09:36

Utbyggjarane fekk lite å gleda seg over på det opne møtet på Eivindvik Fjordhotell. Nesten alle som tok ordet frå publikum, markerte motstand mot planane om vindkraft i kommunen.

Urørd natur vart trekt fram som ein av kommunen sine fordelar, og ei vindkraftutbygginga vil gjera slutt på det, vart det sagt. Også for reiselivet vil vindmøller vera negativt, meinte fleire.

Det vart også uttrykt frykt for at eigedomsprisane på hus og hytter vil falla viss der kjem vindturbinar i nærleiken.

Folk forventa heller ikkje særleg mange arbeidsplassar ved ei utbygging.

Det var NVE (Noregs vassdrags- og energidirektorat) som arrangerte møtet for å presentera konsekvensutgreiingane for dei tre prosjekta som det no er søkt om konsesjon for: Sandøy, Brosviksåta og Dalsbotnfjellet. Representantar for utbyggjarane, SAE Vind AS og Zephyr AS, var til stades og gav ein kort presentasjon av kva konklusjonar konsekvensutgreiingane hadde kome fram til.

Frammøtet var svært godt, truleg rundt 150 personar, og engasjementet hos dei som tok ordet, var stort. Også Kurt Oddekalv frå Norges Miljøvernforbund var til stades på møtet og gav klart uttrykk for at han ikkje hadde noko til overs for vindmøller i Gulen.

Det kjem ein meir utfyllande presentasjon frå møtet i avisa torsdag.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Westland satsar stort

Westland satsar stort

Fornyar og utvidar hotellet fram mot 2018.

    Eit steg vidare for «Gullvegen»

    Eit steg vidare for «Gullvegen»

    Alliansen bak Sambandet Vest imøteser god støtte frå fylkestinget, som skal uttala seg om Regional Transportplan til sommaren.

      Blant Hareides topp tre

      Blant Hareides topp tre

      Knut Arild Hareide er imponert og stolt over kor mange KrF-arar Nordhordland har i den politiske leiinga.

        Godt føre i BKK-rennet

        Godt føre i BKK-rennet

        Andreas Nergård og Claus Sellevoll gjorde det bra på Bulken.

          Frå sofasyklist til sprek sykkelavisredaktør

          Frå sofasyklist til sprek sykkelavisredaktør

          LINDÅS: Som småfeit reklamemann på 50+ utan jobb, tok Karstein Vabø pedalane og pc-en fatt og skapte seg sin eigen arbeidsplass.

            Kjørte på land i fylla

            LINDÅS: Ein berusa båtførar kjørte i halvellevtida laurdag kveld på land med eit brak i Vallevika ved Seim. Mannen vart utruleg nok ikkje skadd.

              Siste kortnytt

              Mest lest

              Eldre artikler

              Webkamera

              Klikk på biletet nedanfor for å sjå bilete frå den nye rundkjøringa akkurat no.