Pågripen med narkotika

LINDÅS: Ein mann midt i tjueåra er pågripen og sett i fengsling forvaring mistenkt for omgang med narkotika.

[03.02.12 15:29]

Stoppa tvilsam mopedist

LINDÅS: Utan førarkort, og på ein moped utan lys og bremser og med slarkete framhjul, møtte ein bilførar torsdag ettermiddag politiet i Mundalsbergtunnellen.

[03.02.12 12:57]

Kjørte utfor

LINDÅS: Ingen vart skadd då ein bil kjørte utfor vegen mellom Mongstad og Lauvås på FV57 fredag morgon.

[03.02.12 10:05]
Brukernavn 
Passord 

Pdf-avis

Kjøp Strilen i
pdf-utgåve HER.

http://static.buyandread.com/thumbnail/strilen/strilen.jpg

Må få orgel!

Lindås kommunestyre skal neste torsdag avklara den økonomiske ramma for den nye kyrkja i Knarvik. Frå formannskapet kjem det ikkje mindre enn tre tilrådingar:

Last ned Strilen sine
næringssider 260112


Strilen vert redigert i samsvar med norsk lovgivning, redaktørplakaten og dei prinsipp som er nedfelte i Vær Varsom-plakaten av Norsk presseforbund.

Om lesarar føler at Strilen har begått overtramp, bed vi dei kontakta konstituert redaktør Hans Egil Storheim

No startar kystsogevekene

No startar kystsogevekene

Havsportveka i Austrheim har tjuvstarta på Kystsogevekene, denne helga startar det også andre stader (Arkivfoto).

Publisert 11.08.10 12:53
Endret 11.08.10 12:53

Om me heldt oss i Austrheim så står havsporten i sentrum der, Havsportveka starta i går og heldt fram til søndag. For dei som ikkje vil padla eller segla, kan kanskje ein tur innom Fonnesdagen laurdag passa bra. Fonnesdagen vert dette året laga til i samarbeid med Havsportveka, og det vert mogleg å ta turar med Rib-båt frå Fonnes.

Minnepris
På Fonneskaien klokka 12.00 laurdag vert det også utdeling av Johannes Kleppevik sin minnepris 2010. Kleppevik si dotter deler ut prisen til ein person eller organisasjon som har gjort ein framifrå innsats for å fremja kystkulturen i Hordaland.
Sjølve den offisielle opninga av Kystsogevekene 2010 er på Valestrand på Osterøy, og er prega av det er Ole Bull-jubileum i år. Det er 200 år sidan fiolinkunstnaren vart fødd, og det skal markerast også under opninga av kystsogevekene, mellom anna med ein smakebit frå spelet om livet hans.
Osterøy har elles lånt seg ein opningstalar frå nordom fjorden, det er nemleg stortingsrepresentant Gjermund Hagesæter som skal stå for den offisielle opninga.

Sellevåg
Laurdag er det open dag i Sellevåg treskofabrikk i Gulen. På treskofabrikken kan ein sjå korleis produksjonen gjekk føre seg. Sjølv om det var stopp i 1972 så står maskinene der enno. Denne sommaren er rørgata restaurert, eit arbeid som har vore støtta av Riksantikvaren.
Det var produksjon av tresko i Sellevåg frå 1899 til 1972, den siste perioden var det også sagbruk. Det vert omvisning i treskofabrikken og filmframvisning som syner fabrikken og det vassdrivne maskina.

Ta sjansen i Eivindvik
Lenger inne i Gulen er det klart for Ta sjansen-konkurranse laurdag. Det er på kaia i Eivindvik folk skal setja utfor, og konkurrera i ulike kategoriar.
Søndagen er det igjen lengre ute i kommunen det skjer, med den årvisse kaidagen i Furneset, med rekebord på kaien, og ulike aktivitetar for born.

Konsert på Sandnes
På Masfjordnes vert det også denne søndagen mogleg å få ei omvising i nothuset, der Arne Høyland fortel om Masfjorden båt- og sjøbrukssamling.
På kvelden er det konsert i Kvamsdals fargeri på Masfjordnes, der Arne Erik Moll trio serverer norskamerikansk rootsmusikk.

Lygra og Seim
På Lyngheisenteret på Lygra er det søndag middelalderdag, der ein kan vera med ut til øya Lurekalven. Her låg ein gard i vikingtid og middelalder, som vart fråflytta etter at Svartedauden kom til Noreg i 1349.
Strilamuseet på Seim er ope søndag, utstillinga som er framme no viser mellom anna tre kjøkkenrom, eit frå omlag 1900, eit frå rundt 1950 og det nyaste frå 2000.

Laks på Radøy
Den offisielle opninga av kystsogevekene i Radøy er i år lagt til Skjærgårdsfisk visningssenter i Marøy. Søndag kan ein der få eit innblikk i historia til oppdrettsnæringa.
Det vert også arrangert båttur ut til Forsøy, der ein kan sjå nærare på ruinane etter leiren der russiske krigsfangar var sperra inne under siste verdskrigen. Også til forsvarsverka på Marøy vert det ein guida tur.
Litt tidlegare på dagen søndag vert det gudsteneste i gamal stil i Hordabø kyrkje, med både gamaldags liturgi og dei gamle salmane. For dei som vil vera med på den offisielle opninga seinare på dagen er det sett opp busstransport til Marøy.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Skodvin-klasse best i avislesing

Skodvin-klasse best i avislesing

Ingen andre sjuande­klassar var like flinke til å hugsa detaljar.

    Protesterer mot «tvilsam» ankring

    Protesterer mot «tvilsam» ankring

    MASFJORDEN: Dei siste månadene har det stadig lege båtar oppankra ved Haugsøytangen i Masfjorden. Det vil kommunestyret ha slutt på.

    Mar Christina, som hadde ein eksplosjon ombord ved kai i Sandfjord i fjor, er ein av båtane som skal ha ankra opp her. (Foto: Atle Møller, Sandefjord Blad)

      Går for rekorden

      Går for rekorden

      KNARVIK: Tysdag og torsdag i neste veke skal Knarvik-elevane samla inn pengar til Aserbajdsjan.

        – Tenk nytt, ikkje nedlegging!

        – Tenk nytt, ikkje nedlegging!

        Nytenking og spissing av tilbodet var rådet frå dei som skal bestemma. Støttegruppa vil like mykje ha eit breidt tilbod og nybygg ved Austrheim vidaregåande.

          «Folk ved fjorden» på kino i Oslo

          «Folk ved fjorden» på kino i Oslo

          Øyvind Sandberg sin siste dokumentarfilm opnar på to kinoar i hovudstaden denne helga.

            Skøyteis på Fossemyra

            Skøyteis på Fossemyra

            «Skøytebana» på Fossemyra opnar i kveld

              Siste kortnytt

              Eldre artikler

              Webkamera

              Klikk på biletet nedanfor for å sjå bilete frå den nye rundkjøringa akkurat no.