Open kamp om skulenedlegging
Foreldre og born frå Kløvheim, som ordførar Astrid Byrknes i Lindås her snakkar med, er truleg dei som kan kjenna seg tryggast i høve til å behalda skulen sin.
Endret 17.11.09 09:37
Leif Sleire (H) står førebels åleine om å gå inn for samanslåing av Myking og Kløvheim skular. Men det endelege utfallet i kommunestyret er ope, viser tilrådinga frå formannskapet.
Vinn rådmannen sitt framlegg gjennom, kan Hege Bårdsen, Anne Marie Fanebust og andre foreldre frå Kløvheim pusta letta ut for oppretthalding av Kløvheim skule. Både dei og utsendingar frå Myking var på plass på tilhøyrarbenk då formannskapet torsdag ettermiddag skulle koma med si tilråding om skuleplanen og dermed fleire barneskular si framtid.
– Det er klart me er spente, så me må følgja med, seier Hege Bårdsen, som hadde med seg 10 månader gamle Johanne.
Om Kløvheim kan verka blant dei sikre, påpeika ordføraren på at det er avrøystinga i kommunestyret 26. november som avgjer. Og alt tyder no på at nokre skular i Lindås vert nedlagde, etter at formannskapet delte seg i to hovudblokker.
Frp og Ap med totalt fire røyster står samla bak framlegget om å kutta talet på barneskular med fire, slik rådmannen rår til: Festo, Eikanger, Myking og Eikanger. I kommunestyret utgjer partia 15, ein for lite til å ha fleirtal.
Fire politikarar går og inn for det såkalla 0-alternativet - ikkje nedlegging av skular: Ordførar Astrid Aarhus Byrknes (KrF), Jostein Hellestveit og Anna K. Valle i Sp og Nils Træland i Høgre.
– Me vil ikkje vera med på ei utarming av bygdene til fordel for sentrale strok, sa Jostein Hellestveit.
Leif Sleire (H) beklaga at han hadde uttalt seg uklart i førre møte i formannskapet, blant anna rundt Eikanger skule. Hans utgangspunkt er at Skodvin og Eikanger ikkje skal leggjast ned og at Myking og Kløvheim vert slått saman til ein skule. Ei sak om plassering vil Sleire ha tilbake frå rådmannen.
Rådmannen streka på nytt under at han vil ha eit stort kvalitetsløft for attverande skulebygg ved å leggja ned fire skular.
– Frå verneombod og andre er det med jamne mellomrom klager på arbeidsmiljøet ved skulane. I budsjetta viser det set at politikarane gong på gong utset å rusta opp fleire av skulane. Men når ein vil retta opp arbeidstilhøva, men det fører til nedleggingar, er det lenger ikkje så viktig med utbetringane av skulane det gjeld. Då kan dei venta med å verta opprusta, sa rådmann Øistein Søvik.
«Halve» bygda stiller som nattevandrarar
MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.
Meland veks fortast
Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.
Hamstra brød i Knarvik
Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.
Siste kortnytt
- Trafikkulukke på Hagelsundbrua [16.05.12 16:18]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
- Mistenkjer promillekjøring [03.05.12 15:02]
- Bråk på busstopp og legevakt [03.05.12 15:00]
- Brannvernet sløkkte, mann tente på [03.05.12 14:59]
- Bråk i badevika [30.04.12 10:31]
- Har du mista pengane dine? [30.04.12 10:30]
- Mobilinnsamling heile veka [30.04.12 09:01]
Mest lest
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Bygg som nesten er for lite [20.04.12 21:48]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Til alters etter 28 års prøvetid [14.04.12 15:48]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Tok Roald på senga [18.04.12 11:24]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]













