– Opptur med lesarpris
– Eg må vera ærleg å seia at valet vart ein nedtur, så å få Strilen sin lesarpris vart ei god oppmuntring.
Endret 17.11.11 09:16
Det seier Lindås sin avtroppande varaordførar Bjarte Vatnøy etter at Strilen−lesarane kåra han til «Beste politikar».
I oktober var det noverande og tidlegare politikarar som var oppe til dyst i Strilen si uhøgtidelege kåring. Også resten av året i Strilen sitt jubileumsår vert det kåringar kvar månad.
– I førre veke var eg inne og såg at eg hadde 254 stemmer og Astrid (Aarhus Byrknes) hadde 255, etter at Strilen skreiv på nettsida om «Tett løp» i kåringa. Så reiste eg på hjortejakt i Gulen og kunne ikkje følgja så nøye med, seier Vatnøy.
SMS−gratulasjonar
– Vart det nokon fangst i skog og mark?
– Eg skaut ein flott kronhjort, ein 13−taggar i valdet me har tilgang til, opplyser Vatnøy.
Då han kom heimatt fredag, tok han til å få SMS−meldingar med gratulasjonar.
– Eg må berre få takka alle som har røysta på meg, seier Vatnøy. Han har drive PR blant anna ved å gjera merksam på avrøystinga på sida si på Facebook.
– Eg synest det var viktig å få blest om avrøystinga, som er eit bra initiativ frå Strilen. For meg vart sluttresultatet ei gledeleg overrasking.
– Kanskje spesielt etter eit labert lokalval?
– Eg trur ikkje at det har vore sympatistemmer. Det eg har opplevd i ein del politiske saker, er å verta oppringt av folk som har bede om hjelp. Samstundes som folk seier dei tilhøyrer andre parti, seier dei at dei trur Frp kan hjelpa dei betre. Det har vel spesielt vore i strandsone−saker, der deira parti er meir restriktive enn me er! seier Vatnøy med eit smil.
Nedtur vart opptur
Han vedgår at valet i Lindås vart ein personleg nedtur.
– Difor vart denne prisen ei oppmuntring til å stå på vidare, synest Vatnøy.
Elles saknar han framlegg på ein del andre og markerte lokale politikarar.
– Eg hadde venta namn på lista som Ole Lysø, Olav Steinar Namtvedt, Håkon Matre, Gisle Handeland og stortingspolitikarane Tove Linnea Brandvik og Gjermund Hagesæter. Eg synest Nordhordland har ei god breidde av politikarar. I det selskapet som deltok, var eg i alle høve glad for å vinna, seier Vatnøy.
– Vert det tøft å løfta partiet att ved neste lokalval?
– I eit lokalval får ein som regel «som fortent». Me har sikkert gjort nokre feil. Sjølv har eg vald å ikkje vera konfliktsky. Eg har engasjert meg i vanskelege saker også. Som lokalpolitikar må ein stå for noko. I skulesaka meiner eg framleis me gjorde det rette valet. Men kjem det opp nye løysingar frå andre parti, vil me vera med å diskutera dei. Målet vårt er å få betre oppslutning om fire år, og eg håpar me finn fram til saker som kan gje oss større støtte, seier Vatnøy.
Slik vart resultatet:
«Beste politikar»
Kåra i september av Strilen sine lesarar.
Stemmene fordelte seg slik:
Jostein Vike 24
Kari Skår Sørheim 40
Astrid Aarhus Byrknes 632
Arnold Tveit 201
May−Eva Sandvik 45
Helge Dyrkolbotn 51
Bjarte Vatnøy 917
Kari Utkilen 30
Totalt 1940 stemmer
«Halve» bygda stiller som nattevandrarar
MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.
Meland veks fortast
Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.
Hamstra brød i Knarvik
Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.
Siste kortnytt
- Trafikkulukke på Hagelsundbrua [16.05.12 16:18]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
- Mistenkjer promillekjøring [03.05.12 15:02]
- Bråk på busstopp og legevakt [03.05.12 15:00]
- Brannvernet sløkkte, mann tente på [03.05.12 14:59]
- Bråk i badevika [30.04.12 10:31]
- Har du mista pengane dine? [30.04.12 10:30]
- Mobilinnsamling heile veka [30.04.12 09:01]
Mest lest
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Bygg som nesten er for lite [20.04.12 21:48]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Til alters etter 28 års prøvetid [14.04.12 15:48]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Tok Roald på senga [18.04.12 11:24]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]













