Trafikkulukke på Hagelsundbrua

KNARVIK: Like før klokka fire onsdag ettermiddag small det på Hagelsundbrua, men ingen vart skadde.

 

[16.05.12 16:18]

Pågreip rusa bråkmarkar

ALVERSUND: Ein 27 år gamal mann vart tysdag kveld pågripen og sett i drukkenskapsarresten for trugsmål og ordensforstyrring i Alversund.

[16.05.12 09:14]

Vil ha vekk etterlaten bil

LINDÅS: Nokon har gløymt att golfen sin like nord for Kjevikdalen.

[16.05.12 09:13]
Brukernavn 
Passord 

Pdf-avis

Kjøp Strilen i
pdf-utgåve HER.

http://static.buyandread.com/thumbnail/strilen/strilen.jpg

Tida vil visa

«Ein milepæl» - på engelsk «milestone» - var ordet statsminister Jens Stoltenberg sette på testsenteret som han opna på Mongstad måndag.

Last ned Jubileumsavisa
for Nordhordland
Handverk- og industrilag:


Strilen vert redigert i samsvar med norsk lovgivning, redaktørplakaten og dei prinsipp som er nedfelte i Vær Varsom-plakaten av Norsk presseforbund.

Om lesarar føler at Strilen har begått overtramp, bed vi dei kontakta konstituert redaktør Hans Egil Storheim

Pengedryss til  gode føremål

Pengedryss til gode føremål

Del | |

Frivillige lag bør kvessa pennen, no er det tid for å søka om støtte!

Publisert 08.02.12 13:36
Endret 08.02.12 13:38

Eller forresten, gløym pennen og finn fram datamaskina. No er det nettet som gjeld, også for kommunale kulturmidlar. På nett finn du informasjon om dei ulike som gjev pengar, og du ordnar også sjølve søknaden via tastaturet.

Den første søknadsfristen som passerer, er fristen for å søka om kroner frå Sparebankstiftelsen DNB Nor. Denne stiftinga er nest største eigar av banken DNB, og utbyttet frå aksjane går som støtte til allmennyttige føremål, også i Nordhordland.

I siste tildelingsrunde i 2011 fekk Lindås Ungdomsklubb 43.000 til kanoar og anna utstyr, Eikanger bygdelag 20.000 kroner til tilrettelegging av turstiar, og UL Nybrot 60.000 kroner til arbeid på den Trondhjemske postvei.

Stiftinga har to søknadsfristar, 15. februar og 15. september, og i 2012 prioriterer dei kunst og kultur, og nærmiljø, idrett og leik. Så her er det alle moglegheiter for lokale frivillige lag til å søka om støtte. Pengane kan ikkje gå til drift, løn, husleige eller liknande, og banken styrer også unna religion, politikk og næringsverksemd.

Meir info og søknadsskjema finn du på www.sparebankstiftelsen.no.

 

Breiddemidlar

Eit anna selskap som snart har søknadsfrist er kraftprodusenten BKK. Dei sponsar både storklubbar og Kirkens Bymisjon, men også mangfald og breidde innanfor idrett, kultur, og veldedige føremål, i selskapet sine eigar- og anleggskommunar. Dette siste omfattar både Nordhordland og Gulen, så før fristen 1. mars er det berre å finna fram til www.bkk.no og søka i veg.

Kraftselskapet gjev støtte til organisasjonar, lag og foreiningar som driv ulike kulturelle, humanitære og sportslige tiltak. Organisasjonen/laget/stiftinga må vera politisk og religiøst uavhengig, og ha ein ryddig økonomi. Støtte vert ikkje gjeve til enkeltpersonar.

For slike generelle sponsormidlar, som vert kalla «BKK Lokal», kan ein søka fire gonger i året: 1. mars, 1. juni, 1. september og 1. desember.

 

Kulturmidlar

Også kommunane er ein viktig bidragsytar til frivillig arbeid i idrettslag og velforeiningar, gjennom tidleingar av kulturmidlar.

I Lindås kommune vert det gjeve driftstilskott (søknadsfrist 1. mars), tilskot til drift/mindre investeringar i bygg/anlegg og til utstyr (søknadsfrist 1. mars), og aktivitets- og prosjekttilskot (søknadsfrist fortløpande og seinast 1. oktober). Kommunen har teke i bruk nettet til levering av søknadsskjema, dette finn du på www.lindas.kommune.no (søk på kulturmidlar når du er inne på sida).

 

Visjonære

Også Sparebanken Vest har ein pengepott som dei ønskjer å dela med lokalsamfunna rundt om. Ordninga heiter Visjon Vest, og der vert det formidla pengar til samfunns- og næringsutvikling, mellom anna til tiltak innan oppvekst og barn/unge.

Søknadsfristen for hovudtildelinga er 1. april, og meir info og søknadsskjema finn du på www.spv.no.

Bildet over viser nokre av dei som fekk pengestøtte i 2010. Frå venstre: Kinosjef for Nyheim Kino Arnljot Bjørge og leiaren i Kløvheim Ungdomslag, Anne Marie Fanebust (t.v.), var godt nøgde med pengegåva dei fekk av DNB i 2010, her overrekt av Tone Langeland, DNB-banksjef i Knarvik.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Hipp hipp hipp hurra!

Hipp hipp hipp hurra!

Litt regn bryr ikkje Victoria (8) og Samuel (11) seg om.

    «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

    «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

    MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

      Meland veks fortast

      Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.

        Hamstra brød i Knarvik

        Hamstra brød i Knarvik

        Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.

          Foten ned for full utbygging

          Foten ned for full utbygging

          AUSTRHEIM: Dersom planar om bustadfelt på Solesjøen skal få grønt lys, må utbyggjaren redusera talet på bustader kraftig.

            Vil du vera reiseleiar i sommar?

            Vil du vera reiseleiar i sommar?

            Er du reiselysten og samstundes interessert i å jobba med born? Då kan du få hjelpa Astrid, Mille, Sander og Eilif med å få oppleva sitt livs eventyr i sommar.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler

              Webkamera

              Klikk på biletet nedanfor for å sjå bilete frå den nye rundkjøringa akkurat no.