Pusterom for skular som er truga av nedlegging
Nedleggingstruga Lindås-skular kan pusta ut inntil vidare. Enkelte politikarar gledde seg ekstra då heile formannskapet tysdag tilrådde å utsetja skuleplanen til juni 2010.
Endret 24.11.09 14:54
Heile formannskapet var samde om tilrådinga, og det tyder at det ikkje vert noko avrøysting om skuleplanen eller skulenedlegging i kommunestyret førstkommande torsdag.
– Grunnen til ekstramøtet i dag er at me ikkje kom fram til ei fleirtalstilråding sist. Dessutan har rådmannen i helga gått ut med ny informasjon via epost til alle dei folkevalde. Dermed føler eg at me må ta meir tid for å kvalitetssikra skuleplanen, uttalte ordførar Astrid Aarhus Byrknes (Krf).
Ho fekk etter kvart full verbal støtte frå dei andre i formannskapet om å ikkje gjera vedtak på torsdag i kommunestyret.
Verre enn urydding
– At det kom fram informasjon frå rådmannen seinast søndag er i beste fall uryddig, uttalte Anna K. Valle i Senterpartiet.
Varaordførar Bjarte Vatnøy (Frp) var mildare i sine formuleringar.
– Eg vil takka for ny informasjon frå rådmannen, og det er viktig at den kjem fram sjølv om det skjer seint, seier Vatnøy.
Men også Vatnøy var med på ei utsetjing for å få det han kallar ein tryggare og betre prosess.
Fungerande rådmann Ole Georg Hoaas tok ein viss sjølvkritikk på vegner av rådmannen.
– Me har forståing for at de som folkevalde har problem med å setja dykk inn i informasjon som kjem så seint. Men samstundes har poenget frå rådmannen si side også vore å svara på ein del spørsmål som har kome i løpet av debatten, sa Hoaas.
Fann «reserve»
Konsulenten kommunen har brukt, opererer med 7,9 millionar i innsparing. Denne summen har rådmann i stor grad sett av til å dekkja investeringar i nye skuleanlegg - for å gje alle elevane i kommunen ein betra kvalitet. Men rådmannen har og oppfatta fleire spørsmål om innhald i skulen.
Ei meir presis utrekning viser innsparingar på 11,4 millionar kroner per år. Dette er 3,5 millionar meir enn til å dekkja nyinvesteringar, som rådmannen peikar på kan frigjevast til å auka kvaliteten på innhaldet i skulen.
Dette er hovudinnhaldet i informasjonen som søndag gjekk ut til dei folkevalde sine private e-post-adresser.
– Det kan vel også oppfattast som ei «gulerot» til politikarane i og med at rådmannen såg at saka ikkje gjekk hans veg i høve til å leggja ned skular, kommenterte ein av tilhøyrarane på møtet i går.
Utsett til juni 2010
Formannskapet vil no at kommunestyret utset å vedta den nye skuleplanen til møtet 10. juni 2010.
Her er ordlyden vidare i den samrøystes tilrådinga:
– Kommunestyret set ned ei arbeidsgruppe med politikarane Bjørn Brunborg (Ap), Jostein Hellestveit (Sp), Bjarte Vatnøy (Frp) og Nils Træland (H + to frå administrasjonen.
Mandat: Arbeida vidare med kommunedelplanen for skule og presentera/tilrå over kommunestyret sitt møte 22. april 2010 sa som omhandlar følgjande punkt:
1. Kvalitetssikra opplysningar innkomne etter høyringsfristen. Dette gjeld både nye berekningar frå administrasjonen og frå bygdene.
2. Leggja fram oppdatert status gjeldande brannforskrift, HMT, universell utforming og reisetid for den einskilde skule.
3. Føreslå alternativ bruk av eventuelt nedlagde skular.
4. På bakgrunn av arbeidet føreslå ny skulestruktur i Lindås med framdriftsplan ved eventuell nedlegging.
Les meir frå formannskapet i Lindås i torsdagsavisa.
Protesterer mot «tvilsam» ankring
MASFJORDEN: Dei siste månadene har det stadig lege båtar oppankra ved Haugsøytangen i Masfjorden. Det vil kommunestyret ha slutt på.
Mar Christina, som hadde ein eksplosjon ombord ved kai i Sandfjord i fjor, er ein av båtane som skal ha ankra opp her. (Foto: Atle Møller, Sandefjord Blad)
Går for rekorden
KNARVIK: Tysdag og torsdag i neste veke skal Knarvik-elevane samla inn pengar til Aserbajdsjan.
– Tenk nytt, ikkje nedlegging!
Nytenking og spissing av tilbodet var rådet frå dei som skal bestemma. Støttegruppa vil like mykje ha eit breidt tilbod og nybygg ved Austrheim vidaregåande.
Siste kortnytt
- Pågripen med narkotika [03.02.12 15:29]
- Stoppa tvilsam mopedist [03.02.12 12:57]
- Kjørte utfor [03.02.12 10:05]
- Truleg hjartesvikt bak dødsulukke [03.02.12 14:51]
- Kjerringslepp fredag [02.02.12 13:05]
- I fjellveggen på E39 [02.02.12 09:33]
- Rolls Royce måtte evakuerast [01.02.12 14:49]
- Hadde 94 i 60-sona [01.02.12 14:50]
- Raud jolle på frifot [31.01.12 15:31]
- Ikkje slepp hundane fri [31.01.12 12:26]
- Bølla seg rett i kasjotten [30.01.12 10:37]
- Innbrot i rådhuset [30.01.12 10:37]
- Travel helg for politiet [29.01.12 19:20]
- Lindåshallen opnar måndag [29.01.12 19:07]
- Ope møte om Austrheim VGS [29.01.12 19:22]
- Truga med kniv [26.01.12 10:51]
- Bilbrann på Mongstad [26.01.12 10:50]
- Stadig færre vil driva kvalfangst [26.01.12 10:49]
- Endå ein båt på rek [25.01.12 15:46]
- Kjørte på rullestol [23.01.12 13:02]
Mest lest
- Leiteaksjon ved Haglsundbrua [17.01.12 14:19]
- Lindås-dame millionær på Joker [16.01.12 12:45]
- 63 Lotto-millionar til Austrheim-mann [19.01.12 10:12]
- «Heilt utruleg» [13.01.12 20:55]
- Maks gøy å få møta Jan Thomas [09.01.12 17:09]
- Redda jenter med handjern [21.01.12 11:53]
- Kranbil i grøfta [22.01.12 10:05]
- Tom båt låg midt i skipsleia [21.01.12 16:02]
- Ekstremt glatte vegar [22.01.12 10:05]
- 130 let seg inspirera [14.01.12 16:23]
- Redda av BKK [22.01.12 11:12]
- Kjøpefest med sur svie [06.01.12 18:22]
- Massivt nei til vindkraft [18.01.12 09:36]
- Til toppjobb i Bergen [26.01.12 10:47]
- Snøvêr og godt humør [08.01.12 12:58]
- Omkom i dykkarulukke [30.01.12 11:33]
- Spurte biskopen om alkohol, abort og homofili [18.01.12 16:28]
- – Dette får de til viss de berre vil [13.01.12 17:40]
- Har overteke Bestefarstova [31.01.12 11:44]
- Bil på taket på Sletta [13.01.12 20:52]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]









