Sett av nesten 3000
Dokumentarfilmen til Øyvind Sandberg «Folk ved fjorden», går så bra på Bergen Kino at dei har måtta flytta han til ein større sal.
Endret 11.11.11 17:05
Sidan premieren 28. oktober har nesten 3000 sett den prislønna filmen med kvardagsportrett av Magnhild Dyrdal, mora Maria og Ole Hjelmås.
Rett inn i folkesjela
Filmen, som handlar om nære tradisjonar som er på veg ut av den norske røyndomen, viser seg å gå rett inn i folkesjela.
– Jau, takk, det eksploderte jo litt dette, ler Øyvind Sandberg, som i alle fall ikkje hadde venta nokon pris for filmen.
– Det er jo alltid slik at ein både håpar og fryktar. Denne gongen gjekk det som eg håpa og vel så det, seier han.
Filmen vann som kjent prisen for beste norske dokumentarfilm på Bergen Internasjonale Filmfestival.
Fem om dagen
I tillegg til å måtta flyttast til ein større sal, går filmen no fem gongar om dagen på Bergen Kino. I tillegg vart han nyleg vist for 350 på Nyheim kino på Fammestad. Denne veka har han også vore vist på Lyngheisenteret og i Modalen.
– No er det berre Austrheim att her ute, men det er mange andre kommunar som har vist interesse, seier Sandberg. Voss og Ulvik har allereie bestilt han, legg han til.
Også storbyane Oslo, Trondheim og Stavanger har vist interesse.
– Eg driv og distribuerer filmen på harde livet no, så det vert spennande å sjå kven som vil ha han, seier han.
Til å le og gråta av
Tilbakemeldingane han har fått, har berre vore snille og hyggelege.
– Dersom nokon meiner noko anna, teier dei vel stille, ler han.
Det folk fortel, er at filmen får dei til å både gråta og le, og det tar filmskaparen som eit stort komplement.
– Ingenting er betre enn når ein lukkast med å appellera til alle kjensler. Når det i tillegg viser seg at filmen appellerer til folk i alle aldrar, blir eg utruleg glad, seier han.
Likt i alle aldrar
Sandberg fortel at ei 17 år gammal jente han snakka med, sa det var den beste filmen ho har sett. Ein sjuåring Strilen kjenner til, lurte på kvifor filmen ikkje varte lenger.
– Det er noko med at me alle har røter i denne kulturen. Sjølv dei unge føler det, og det er veldig fint, seier hjelmåsingen, som sjølv er stolt av strilekulturen.
Filmen varer ein time og eitt minutt. Ønskjer nokon å sjå ein smakebit, kan dei gå inn på www.filmweb.no.
«Halve» bygda stiller som nattevandrarar
MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.
Meland veks fortast
Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.
Hamstra brød i Knarvik
Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.
Siste kortnytt
- Trafikkulukke på Hagelsundbrua [16.05.12 16:18]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
- Mistenkjer promillekjøring [03.05.12 15:02]
- Bråk på busstopp og legevakt [03.05.12 15:00]
- Brannvernet sløkkte, mann tente på [03.05.12 14:59]
- Bråk i badevika [30.04.12 10:31]
- Har du mista pengane dine? [30.04.12 10:30]
- Mobilinnsamling heile veka [30.04.12 09:01]
Mest lest
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Bygg som nesten er for lite [20.04.12 21:48]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Til alters etter 28 års prøvetid [14.04.12 15:48]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Tok Roald på senga [18.04.12 11:24]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]













