Spøtar for harde livet
LINDÅS: Trass i leddgikt og parkinson, har Aslaug Titland strikka over tjue huer og ti par sokkar til prematurborn i Tanzania.
Endret 14.09.11 09:30
– Eg er ikkje ferdig enno, konkurransen var heilt til 21. september, smiler den snart 87 år dama frå Fosse lurt.
Konkurransen ho snakkar om, er den avdelingane på Knarvik sjukeheim har gåande om kven som klarer å strikka flest babyhuer og sokkar til nyføddavdelinga ved Haydom Lutheran Hospital i Tanzania.
Likar utfordringar
Konkurransen vart sett i gang av aktivitøren på sjukeheimen etter at dei i sommar hadde besøk av nokre sjukepleiarelevar som har praksis i Tanzania.
– Dei spurde om det var nokon som kunne tenkja seg å strikka litt til dei for tidleg fødde borna der nede, seier Aslaug.
Sjølv i Tanzania treng dei varme klede for å overleva, understrekar ho og viser fram den vesle sokken ho held på med.
– Det ser ut som eg strikkar mønster, men det er garnet som er sånn.
Er det ikkje artig? spør ho og viser hua som er ferdig.
Det meste av garnet pasientane brukar, har dei fått hjå Garn og Broderi, får me vita.
Beinhard konkurranse
Aslaug trur sjukepleiarelevane kjem til å få sjokk når dei ser kor mange sokkar og huer ho har i posen.
Aslaug er nemleg hovudstasjonen på avdelinga og samlar alt dei andre på avdelinga kjem med.
Men kor mykje avdelinga har strikka totalt, vil ho ikkje ha i avisa.
– Då kan jo dei andre avdelingane setja i gang og strikka dag og natt for å slå oss, og det vil me ikkje ha noko av, ler sjefsstrikkaren på avdeling 3.
Vinn-vinn
Aslaug synest det er veldig kjekt å ha noko meiningsfylt å gjera.
I tillegg er det god trim for leddgikta å strikka.
Men korleis ho klarer å handtera fem strikkepinnar med berre 6 og 8 masker på kvar pinne, må fuglane vita.
– Nja, det hender no det forsvinn ei maske eller to, men eg finn dei no som regel att, ler ho.
Det gjer ho også med andre ting som forsvinn, får me vita.
– Ein kan no ikkje plaga pleiarane med alt, seier ho og demonstrerer korleis ho for eksempel får ei stoppenål opp frå golvet.
– Eg brukar denne perlekjeda eg fekk til jul. Den har magnetlås, så eg berre fiskar nåla opp sånn, skrattar ho.
Eg har no enkelte lyspunkt, og ein lærer så lenge ein lever, legg ho til.
Låg strak ut i fem år
Aslaug har vore enkje i tretten år, men klart seg sjølv heime på Fosse inntil for fem år sidan.
Då snubla ho i gåstolen og knekte begge overarmane.
Og som om det ikkje var nok, hadde ho seg eit rundkast for to år sidan og knekte ryggen.
– Eg har lagt med open dør heilt til i vår, ute av stand til å trykkja på alarmknappen ein gong.
Det einaste eg har kunna brukt er munnen, og den verkar fint. Det har du vel merka, ler ho.
Les meir om den sprudlande optimisten i papiravisa torsdag.
«Halve» bygda stiller som nattevandrarar
MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.
Meland veks fortast
Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.
Hamstra brød i Knarvik
Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.
Siste kortnytt
- Trafikkulukke på Hagelsundbrua [16.05.12 16:18]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
- Mistenkjer promillekjøring [03.05.12 15:02]
- Bråk på busstopp og legevakt [03.05.12 15:00]
- Brannvernet sløkkte, mann tente på [03.05.12 14:59]
- Bråk i badevika [30.04.12 10:31]
- Har du mista pengane dine? [30.04.12 10:30]
- Mobilinnsamling heile veka [30.04.12 09:01]
Mest lest
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Bygg som nesten er for lite [20.04.12 21:48]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Til alters etter 28 års prøvetid [14.04.12 15:48]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Tok Roald på senga [18.04.12 11:24]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]













