Trafikkulukke på Hagelsundbrua

KNARVIK: Like før klokka fire onsdag ettermiddag small det på Hagelsundbrua, men ingen vart skadde.

 

[16.05.12 16:18]

Pågreip rusa bråkmarkar

ALVERSUND: Ein 27 år gamal mann vart tysdag kveld pågripen og sett i drukkenskapsarresten for trugsmål og ordensforstyrring i Alversund.

[16.05.12 09:14]

Vil ha vekk etterlaten bil

LINDÅS: Nokon har gløymt att golfen sin like nord for Kjevikdalen.

[16.05.12 09:13]
Brukernavn 
Passord 

Pdf-avis

Kjøp Strilen i
pdf-utgåve HER.

http://static.buyandread.com/thumbnail/strilen/strilen.jpg

Tida vil visa

«Ein milepæl» - på engelsk «milestone» - var ordet statsminister Jens Stoltenberg sette på testsenteret som han opna på Mongstad måndag.

Last ned Jubileumsavisa
for Nordhordland
Handverk- og industrilag:


Strilen vert redigert i samsvar med norsk lovgivning, redaktørplakaten og dei prinsipp som er nedfelte i Vær Varsom-plakaten av Norsk presseforbund.

Om lesarar føler at Strilen har begått overtramp, bed vi dei kontakta konstituert redaktør Hans Egil Storheim

Stort engasjement for Flatøy skule

Stort engasjement for Flatøy skule

Del | |

MELAND: Å kasta eit framlegg om å leggja ned Flatøy skule inn i budsjettdebatten, er forhasta og uansvarleg. Det meinte både bygdefolk og politikarar på folkemøte måndag.

Publisert 10.11.09 12:29
Endret 10.11.09 12:28

– Kva tidsperspektiv er det de politikarar opererer med? Burde de ikkje sjå minst 10-15 år fram i tid. Korleis kan de påstå at der vil vera plass til Flatøy-elevane på Sagstad skule når ein ser på all bustadbygginga som er planlagd på Frekhaug dei næraste år, sa FAU-leiar Vibecke Samuelsen då bygdefolket på Flatøy møtte melandspolitikarane i kantina hos Frank Mohn Flatøy måndag kveld.

Bakgrunnen for møtet var sjølvsagt rådmannen sitt framlegg om å leggja ned Flatøy skule frå neste haust for å spara pengar. Det har sett sinna i kok hos folk på Flatøy, og det var ikkje vanskeleg å tolka stemninga i salen: «Ikkje legg ned skulen vår».

 

Lite tal

Samuelsen stillte store spørsmålsteikn ved rådmannen sine tal, som viser at ein skal kunna spara 3,5 millionar kroner i året på å flytta elevane til Sagstad.

– Eg har prøvt å få fram tal som underbyggjer dette og har brukt mykje tid på å gå frå kontor til kontor på rådhuset, men ingen kan koma med dei tala eg har bede om, sa Samuelsen.

Ho etterlyste mellom anna sikre prognosar over kor mange elevar som vil gå på Sagstad skule i åra framover.

Ho trudde skulen snart vil vera sprengd, og i tillegg kjem utgifter til skyss , trafikksikring og SFO viss Flatøy-elevane må flytta.

 

Trygge

Både Samuelsen og fleire i salen trekte også fram at elevane kjenner seg trygge på Flatøy skule. Alle kjenner alle, og skule og barnehage ligg like ved kvarandre, slik at overgangen frå barnehage til skule er enkel.

Det vart og peika på at busstoppen på Flatøy er svært trafikkert, og at det difor kan oppstå farlege situasjonar, og at borna i lesarinnlegg i lokalavisene har gjeve uttrykk for at dei er redde for å hamna på feil buss.

 

Ikkje rett måte

Bygdefolket fekk full støtte frå Marie Morken frå Samarbeidslista, som meinte måten denne saka har kome opp på, er kritikkverdig.

– Saka har ikkje vore behandla i det politiske systemet. Skal ein gjera endringar i skulestrukturen, må det ver resultat av ein grundig prosess. Det kan ikkje berre kastast inn i ein budsjettdebatt nokre veker før vedtak. Me kjem ikkje til å røysta for nedlegging av Flatøy skule frå neste haust, og det seier eg ikkje fordi eg bur på Flatøy. Det same ville gjelda andre skular i kommunen, sa Morken og hausta stor applaus for det.


Tæring etter næring

Sigmund Larsen frå Framstegspartiet utgjorde det andre ytterpunktet i debatten.

– Meland kommune har drive med store underskot år etter år fordi politikarane ikkje har gjort jobben sin. No må me setja tæring etter næring, og då kan me verta nøydde å gjera upopulære vedtak. Eg kan ikkje utelukka at Framstegspartiet vil gå inn for å leggja ned skulen på Flatøy, i alle fall for nokre år, sa Larsen til total stille i salen.

 

Brukt opp fond

Larsen fekk langt på veg støtte frå Ragnar Bratland i Høgre.

– Kommunen har i ei årrekkje gått med underskot, og me har også brukt opp nærare 40 millionar frå fond i drifta, sa Bratland, som og forsvarte at rådmannen hadde kasta denne saka inn  i budsjettdebatten.

Han viste og til at kommune har eit mål om å kutta 17 millionar kroner i drifta, og at skulesektoren skal stå for seks av desse.

Store ein fordel

Bratland meinte og at store skular har større ressursar, og dermed kan gje eit betre læremiljø, og brukte Knarvik vidaregåande som eit døme på det.

Sjølv om Høgre i partiprogrammet sitt har skrive at skulestrukturen i kommunen skal liggja fast, ville ikkje Bratland garantera at partiet vil seia nei til nedlegging. Men han lova å ta argumenta frå folkemøtet med i vurderinga. Men etter folkemøtet hadde Høgre gruppemøte, der dei vedtok å gå mot nedlegging av Flatøy skule.


Bra med engasjement

Alle partia i kommunestyret møtte på folkemøtet, som samla rundt hundre personar, og alle gav ros til bygdefolket for det engasjementet dei viste for skulen. Dei fleste partia signaliserte og at dei ikkje vil gå inn for å leggja ned skulen, men ville likevel ikkje gje garantiar før dei har drøfta saka i formannskapet på møtet på Voss seinare denne veka.

Frå salen kom det også spørsmål om kva utbygginga av rådhuset har kosta, og Torstein Flatøy viste til at kommunalsjef Stein Flataker har gjeve Flatøy gode skussmål og rosa læremiljøet.

Petrin Kvam, som er leiar i klubben for lærarane på skulen, påpeika at dei har rett til å uttala seg når det vert gjort vedtak som påverkar arbeidssituasjonen deira. Ho meinte eit vedtak om å leggja ned skulen frå hausten av. vil vera eit brot på avtaleverket.

– Nedlegging av Flatøy skule er ein kanin som vert trekt opp av hatten kvar gong kommunen skal spara. No er det på tide å leggja den denne kaninen død, meinte Haakon Aase frå Samarbeidslista og hausta applaus for det.

Møtet var arrangert av Flatøy bygdelag.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




«Halve» bygda stiller som nattevandrarar

«Halve» bygda stiller som nattevandrarar

MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

    Meland veks fortast

    Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.

      Hamstra brød i Knarvik

      Hamstra brød i Knarvik

      Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.

        Foten ned for full utbygging

        Foten ned for full utbygging

        AUSTRHEIM: Dersom planar om bustadfelt på Solesjøen skal få grønt lys, må utbyggjaren redusera talet på bustader kraftig.

          Vil du vera reiseleiar i sommar?

          Vil du vera reiseleiar i sommar?

          Er du reiselysten og samstundes interessert i å jobba med born? Då kan du få hjelpa Astrid, Mille, Sander og Eilif med å få oppleva sitt livs eventyr i sommar.

            Bøndene aksjonerer

            Bøndene aksjonerer

            LINDÅS: Vakne bilistar har sett «traktoregg» og banner fleire stader i distriktet i dag. Dei er del av bøndene sin aksjon mot jordbruksoppgjeret.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler

              Webkamera

              Klikk på biletet nedanfor for å sjå bilete frå den nye rundkjøringa akkurat no.