Pågripen med narkotika

LINDÅS: Ein mann midt i tjueåra er pågripen og sett i fengsling forvaring mistenkt for omgang med narkotika.

[03.02.12 15:29]

Stoppa tvilsam mopedist

LINDÅS: Utan førarkort, og på ein moped utan lys og bremser og med slarkete framhjul, møtte ein bilførar torsdag ettermiddag politiet i Mundalsbergtunnellen.

[03.02.12 12:57]

Kjørte utfor

LINDÅS: Ingen vart skadd då ein bil kjørte utfor vegen mellom Mongstad og Lauvås på FV57 fredag morgon.

[03.02.12 10:05]
Brukernavn 
Passord 

Pdf-avis

Kjøp Strilen i
pdf-utgåve HER.

http://static.buyandread.com/thumbnail/strilen/strilen.jpg

Må få orgel!

Lindås kommunestyre skal neste torsdag avklara den økonomiske ramma for den nye kyrkja i Knarvik. Frå formannskapet kjem det ikkje mindre enn tre tilrådingar:

Last ned Strilen sine
næringssider 260112


Strilen vert redigert i samsvar med norsk lovgivning, redaktørplakaten og dei prinsipp som er nedfelte i Vær Varsom-plakaten av Norsk presseforbund.

Om lesarar føler at Strilen har begått overtramp, bed vi dei kontakta konstituert redaktør Hans Egil Storheim

Suveren siger til Assefa

Suveren siger til Assefa

KNARVIK: Fjorårsvinnar Girma Assefa (bilde) frå Etiopia var i ein klasse for seg i halvmaraton under Knarvikmila laurdag. Audhild Hestad vann kvinneklassa.

Publisert 04.09.10 19:59
Endret 06.09.10 14:34

– Det var ei tyngre løype enn i fjor, og det er vanskeleg å få god tid når du spring åleine, så eg er fornøgd med resultatet, sa Girma Assefa til Strilen etter at han hadde gått i mål på halvmaraton i suveren stil.

Tida vart 1.04.58, som er akkurat eitt og eit halvt minutt svakare enn i fjor. Men då var konkurransen i toppen mykje hardare.

Assefa har også vore skada, og det var litt tungt på springa i motvind, så han var nøgd med tida. Persen hans ligg på 1.01.

Betre enn i fjor

Bjarte Eikanger, som spring for Viking i Bergen, kom på ein nesten like klar andreplass, men over ni minutt bak vinnaren. Tida hans vart 1.14.02. For Eikanger var det ei klar forbetring frå i fjor, då han vart nummer ti på tida 1,17.42.

Tredjeplassen gjekk til Alamyehu Sitotaw på tida 1.16.27. Han vart nummer åtte i fjor, men tida då var vel eit minutt betre.

Frå Førde

Audhild Hestad, som er busett i Førde, men spring for Gaular, gjekk til topps i kvinneklassa på tida 1.25.28. Ho fortel til Strilen at ho har delteke i Knarvikmila før, men ikkje i halvmaraton. Det er den distansen ho likar best, og ho tykte løypa var fin. Men det vart litt tungt å springa over Haglsundbrua, sidan der var både motbakke og motvind.

Gro Svendal frå BFG Fana vart nummer to og Nancy Sommer nummer tre. Ho vart nummer fem i fjor.

226 deltakarar fullførde halvmaraton i år, om lag det same som i fjor.

Strilen kjem tilbake med fullstendige resultatlister i tysdagsavisa.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Skodvin-klasse best i avislesing

Skodvin-klasse best i avislesing

Ingen andre sjuande­klassar var like flinke til å hugsa detaljar.

    Protesterer mot «tvilsam» ankring

    Protesterer mot «tvilsam» ankring

    MASFJORDEN: Dei siste månadene har det stadig lege båtar oppankra ved Haugsøytangen i Masfjorden. Det vil kommunestyret ha slutt på.

    Mar Christina, som hadde ein eksplosjon ombord ved kai i Sandfjord i fjor, er ein av båtane som skal ha ankra opp her. (Foto: Atle Møller, Sandefjord Blad)

      Går for rekorden

      Går for rekorden

      KNARVIK: Tysdag og torsdag i neste veke skal Knarvik-elevane samla inn pengar til Aserbajdsjan.

        – Tenk nytt, ikkje nedlegging!

        – Tenk nytt, ikkje nedlegging!

        Nytenking og spissing av tilbodet var rådet frå dei som skal bestemma. Støttegruppa vil like mykje ha eit breidt tilbod og nybygg ved Austrheim vidaregåande.

          «Folk ved fjorden» på kino i Oslo

          «Folk ved fjorden» på kino i Oslo

          Øyvind Sandberg sin siste dokumentarfilm opnar på to kinoar i hovudstaden denne helga.

            Skøyteis på Fossemyra

            Skøyteis på Fossemyra

            «Skøytebana» på Fossemyra opnar i kveld

              Siste kortnytt

              Eldre artikler

              Webkamera

              Klikk på biletet nedanfor for å sjå bilete frå den nye rundkjøringa akkurat no.