Talte varmt for vindkraft
GULEN: Anders Sæternes meiner vindmøller på Setenesfjellet vil vera flott. Men mange på folkemøtet i Eivindvik i går, tysdag, markerte skepsis eller motstand.
Endret 22.10.08 12:54
– Tenk kor flott det vil vera når det vert vert veg til Setenesfjellet. Då vil mange kunna nyta den storslagne utsikta der, sa Anders Sæternes.
Han er ein av grunneigarane der den planlagde vindmølleparken skal liggja. Og han har ingen innvendingar mot å få vindturbinar som nabo, sjølv om dei vil te igjen i landskapet.
Sæternes er busett i Bergen, men nyttar eigedommen i Gulen i feriane.
- Vindkraft er ei miljøvenleg energiform, og samfunnet treng meir energi, seier han til Strilen etter møtet.
Han få full støtte frå ein av dei andre grunneigarane, som og var på møtet.
I alt er der seks grunneigarar på Setenesfjellet.
Seteneset verst
Men Sæternes var slett ikkje representativ for alle dei frammøtte på folkemøtet, som NVE (Noregs vassdrags- og energidirektorat) hadde kalla inn til. Der fekk dei to selskapa som har planar om vindkraft i Gulen: Fred Olsen Renewables på Setenesfjellet og Agder Energi på Brosviksåta, presentera planane sine.
– Setenesfjellet er omtrent den verste plasseringa i heile Gulen fordi vindmøllene der vil vera synlege frå så mange kantar, sa Leiv Henriksbø frå Nettverk mot vindmøller i Gulen.
Unikt landskap
Henriksbø synte bilde som mellom anna viste at vindmøllene på Setenesfjellet vil vera synlege både frå Gulatingsstaden og Skjerjehamn. Han var heller ikkje positiv til vindmøller på Brosviksåta.
– Me har eit unikt kystlandskap i Gulen, og det bør me ta vare på. Og vil me satsa på turisme, er ikkje vindmøller noko pluss, meinte han.
Thingvellir
Og Henriksbø fekk støtte frå fleire av dei rundt 40 frammøtte.
– Islendingane ville aldri finna på å byggja vindmøller på Thingvellir, sa Ørjan Sandnes som ein parallell til Gulatinget.
Sandnes har og har markert seg klart mot vindmøller i Gulen i fleire lesarinnlegg.
Også Aage Olav Sandal, kommunestyremedlem for KrF, markerte at han var negative til vindkraftplanane i Gulen.
– Skal me marknadsføra oss som eit område for rekreasjon og turisme, trur eg ikkje det er rette måten, sa han.
Torbjørn Kolås, som er leiar i Sogn og Fjordane Venstre, sa også eit klart nei til planane på Setenesfjellet.
Veg og støy
Også Gaute Baarøy frå Brandangersund Interessegruppe hadde spørsmål til utbyggjarane på Setenesfjellet.
– Korleis skal ein få turbinane opp på fjellet? Skal det byggjast kai på Brandanger? ville han vita.
Han lurte også på kor mykje støy det ville vera frå turbinane, og støy var noko fleire var opptekne av.
– Etter dei opplysningane me har fått, vil støyen vera innanfor dei grensene som Statens forurensingstilsyn har sett, svarte seksjonssjef Arne Olsen frå NVE.
Tor Helge Kjelby frå Fred Olsen Renewables understreka at når det gjeld tekniske løysingar i tilknyting til vindmøllene på Setenesfjellet, er dei opne for innspel frå lokalmiljøet.
Både for og mot
På møtet kom det også spørsmål om korleis tilhøvet er mellom den kommunale behandlinga av søknadene og NVE si behandling. Kommunen er no i gang med ein arealplan, og der vil det verta avgjort om Setenesfjellet og Brosviksåta framleis skal vera avmerka som område aktuelle for vindkraft.
Assisterande rådmann Harald Haugejorden oppfordra folk til å koma med innspel til arealplanen viss dei hadde synspunkt på dette.
– Handsaminga i kommunen og hos oss vil føregå parallelt, og det er klart at me tek kommunale innspel med i vurderinga, sa Arne Olsen.
Han lova at søknadene skal få eit grundig og behandling.
– Det er ikkje slik at NVE seier ja til alle søknader, slik enkelte hevdar, sa han og viste til at mange utbyggjarar hadde fått nei, eller at planane hadde vorte endra.
– Men Stortinget har gjort vedtak om at det skal satsast på vindkraft her i landet, og ein stad må desse vindmøllene stå, påpeika han og.
«Halve» bygda stiller som nattevandrarar
MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.
Meland veks fortast
Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.
Hamstra brød i Knarvik
Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.
Siste kortnytt
- Trafikkulukke på Hagelsundbrua [16.05.12 16:18]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
- Mistenkjer promillekjøring [03.05.12 15:02]
- Bråk på busstopp og legevakt [03.05.12 15:00]
- Brannvernet sløkkte, mann tente på [03.05.12 14:59]
- Bråk i badevika [30.04.12 10:31]
- Har du mista pengane dine? [30.04.12 10:30]
- Mobilinnsamling heile veka [30.04.12 09:01]
Mest lest
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Bygg som nesten er for lite [20.04.12 21:48]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Til alters etter 28 års prøvetid [14.04.12 15:48]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Tok Roald på senga [18.04.12 11:24]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]













