Trillingmor in spe tolmodig ventande
Endret 28.11.07 18:51
Den store magen fortel at her er noko i vente, og i dette tilfellet er det ikkje berre eitt, men tre.
– Eg visste at eg skulle ha meir enn eitt barn frå før, men eg trudde det var tvillingar. Då ultralyd-undersøkinga i juni viste at eg skulle ha tre, vart eg ganske overraska og overvelda, seier Denise.
Då var ho på sjukehuset i Kirkenes, der ho var på turnus som nyutdanna lege. Men turnus-tenesta tok ein brå slutt då det viste seg at ho og mannen Vegard venta trillingar.
Til svigermor
Eigentleg skulle ho vidare til distrikts-turnus i Tana i Finnmark, men det vart ikkje noko av.
– Og sidan huset følgjer turnus-legen, stod me brått utan hus og, fortel den vordande trilling-mora.
Då var det greitt å kunna flytta heim til svigermor i Andvik i Masfjorden, og der bur familien no.
– Og der fekk dotter vår barnehageplass på dagen, kan mora fortelja.
Dottera heiter Freya og er to og eit halvt år.
– Ho veit kva som er i vente. Ho fortel i barnehagen at mamma ikkje kan løfta henne fordi ho har tre babyar i magen.
Sjukemeld
Denise Pairry Hagen må på grunn av svangerskapet halda seg på hotellrommet. Mannen og dottera er stort sett på besøk i helgane.
– Det er ikkje så stor plass her på rommet når alle tre er her, seier ho.
Ein kan høyra at Denise ikkje er oppvaksen her i landet, sjølv om ho snakkar godt norsk. Ho er frå USA, men har budd her i landet sidan 1999, då ho gifte seg med sin Vegard.
Forelska i Noreg
– Eg kom hit i 1995, då eg var på besøk hos ei veninnne frå Stavanger som hadde vore utvekslingsstudent i USA. Det var ein veldig flott sommar, og eg vart heilt forelska i landet, seier ho.
Forelska i Vegard vart ho via internett ikkje så lenge etter. Han tok turen til USA, og så var det gjort. Vegard er utdanna innan data og jobbar i firmaet EDB Business Partner i Bergen, men har no heimekontor i Masfjorden.
Spent
Naturleg nok er Denise Pairry Hagen spent på korleis det vidare svangerskapet skal gå.
– Eg har nett passert 27. svangerskapsveke, men veit ikkje kor lenge legane vil venta før dei tek keisersnitt. Men naturleg nok er borna mindre enn dei normalt ville vera på denne tida, seier ho.
Ho fortel at ho såg trillingfødselen som vart vist på fjernsynet nyleg, sjølv om ho ikkje hadde tenkt å sjå det.
– No ser alt bra ut, men ein trillingfødsel er komplisert. Men eg håpar at eg om nokre veker har fire døtrer, seier Denise.
Ultralyden har vist at alle fostera er jenter.
Til Knarvik
Sjølv om familien no bur i Andvik, reknar ikkje Denise med at dei vert buande der.
– Eg har tenkt å spesialisera meg innan noko i medisin, og det er ikkje så lett om ein bur i Masfjorden. Før dette dukka opp, hadde me tenkt å busetja oss i Knarvik etter at eg var ferdig med turnus-tenesta, seier ho.
Så viss nokon har eit ledig hus der, er det berre å ta kontakt.
Den første tida etter fødselen vil begge foreldra ta seg fri, og sidan det er snakk om trillingar, er permisjonstida lenger enn ved vanlege fødslar.
Men først må ventetida verta over.
– Eg les, strikkar, høyrer radio og ser på fjernsyn. Og så har eg vorte svært ivrig på sms igjen, noko venene mine merkar, seier den blide trilling-mora.
Nicholas (15) skal leia polosatsing
MELAND: Sist helg fekk Nicholas Eliassen Tveit spela kajakkpolo med dei beste i Noreg. No vil han freista andre til å prøva ein spennande sport.
Meiner media har låst Overå-saka
Ankesaka til tidlegare kateket i Ostereidet sokn, Leikny Overå, starta måndag i Gulating lagmannsrett. Advokatane Nils Kristian Ormestad Lie og Anne Marie Due representerer kvar sin part.
Siste kortnytt
- Planstart for kabelferje [07.09.10 11:35]
- Droppar rapportering [07.09.10 11:34]
- Nevekamp ved Shell [07.09.10 11:32]
- Slagsmål på UtenRick’s [06.09.10 18:20]
- To nye bilinnbrot [06.09.10 18:18]
- Arbeidsulukke på Statoil [06.09.10 14:43]
- I fjellveggen på Flatøy [06.09.10 14:40]
- Ingen morgonpromille [06.09.10 14:37]
- Modalen har plass til alle [03.09.10 18:10]
- Berre rykte [03.09.10 18:08]
- Ni bilinnbrot [03.09.10 18:05]
- Folkemøte om prestestriden [01.09.10 18:21]
- Vurderer 50-sone [01.09.10 18:20]
- Havsportveka skjenka mindreårige [01.09.10 18:19]
- Holmaas vann i NCC-leikane [31.08.10 14:07]
- Kjørte påverka [31.08.10 14:05]
- Stal brannslukkingsapparat i tunnel [31.08.10 14:06]
- E39 stenger [30.08.10 18:21]
- Med pappskilt og utan førarkort [30.08.10 18:20]
- Eitt førarkort og 18 bøter [30.08.10 18:19]
Mest lest
- Det er ikkje eit naust [28.08.10 15:16]
- Facebook-gruppe støttar Overå [30.08.10 18:14]
- Hamna i fjellveggen [16.08.10 11:07]
- Tanita i X Factor [31.08.10 14:29]
- Føler seg mobba av bispen [24.08.10 10:50]
- Eit folkehav [05.09.10 17:56]
- Passar munnen etter heftig symjetur frå Fedje [17.08.10 10:53]
- Asfalt for millionar [13.08.10 17:17]
- Toppar fjoråret [13.08.10 18:25]
- Brua er på plass [03.09.10 13:17]
- Tobias (12) vann bil [05.09.10 16:36]
- Ekstrem moro [16.08.10 13:40]
- I fengsel for svindel [28.08.10 15:17]
- Byggjer ei bru, neste må venta [16.08.10 18:14]
- Smell ved flytebrua [25.08.10 09:13]
- – La Mongstad redda Bergen og skåna Hardanger! [06.08.10 17:38]
- Lindås på veg mot 15.000 [20.08.10 17:38]
- No startar kystsogevekene [11.08.10 12:53]
- Kritisk til trafikksikringplan [11.08.10 18:08]
- Poesi i blæst [21.08.10 18:55]
Mest tipset
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Anne klar for Grand Prix [30.12.07 13:19]











