Veit du om ein bra skule?
No kan du nominera kandidatar til tittelen Nordhordlands beste skule.
Endret 31.03.11 11:13
Det finst mange meiningar om kva som er ein god skule og det er ikkje nødvendigvis avhengig av karakterar og storleik. I april set me fokus på skulane, og me treng di hjelp til å finna ut kven som fortener litt merksemd.
Dei som følgjer litt med i avisa, har nok fått med seg at Strilen fyller 50 år i år. I løpet av desse åra har tilsette i avisa reist rundt i distriktet og sett og opplevd utruleg mykje flott. I jubileumsåret vil me gjerne framheva positive innslag i distriktet vårt. Difor har me starta ein konkurranse som har fått namnet Nordhordlands beste.
Kvar månad oppfordrar me lesarane våre om å nominera kandidatar til tittelen «Nordhordland beste» i ulike kategoriar. Dette er ikkje ein konkurranse med dei store premiane og omfattande kvalitetsvurdering, men ein konkurranse der lesarane våre gjennom sitt engasjement kan framheva det dei synest er bra.
Til konkurransen denne månaden, er det muleg å nominera alle typar skular. Det kan vera barneskular, ungdomskular, vidaregåande skular eller folkehøgskular.
For å nominera ein skule sender du ein e-post til adressa: beste@strilen.no med ei grunngjeving på kvifor du meiner akkurat denne skulen bør vera med. Det må skje innan fredag 8. april.
Etter denne datoen vil ein jury i avisa vurdera dei innsendte forslaga. Juryen gjer si vurdering ut frå det som kjem fram i grunngjevingane og talet på nominasjonar og plukkar ut eit utval som vert omtalt i avisa.
Dei som får omtale på trykk vert også med i konkurransen om tittelen «Nordhordlands beste skule» og kan stemmast fram på Strilen sine nettsider.
«Halve» bygda stiller som nattevandrarar
MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.
Meland veks fortast
Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.
Hamstra brød i Knarvik
Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.
Siste kortnytt
- Trafikkulukke på Hagelsundbrua [16.05.12 16:18]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
- Mistenkjer promillekjøring [03.05.12 15:02]
- Bråk på busstopp og legevakt [03.05.12 15:00]
- Brannvernet sløkkte, mann tente på [03.05.12 14:59]
- Bråk i badevika [30.04.12 10:31]
- Har du mista pengane dine? [30.04.12 10:30]
- Mobilinnsamling heile veka [30.04.12 09:01]
Mest lest
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Bygg som nesten er for lite [20.04.12 21:48]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Til alters etter 28 års prøvetid [14.04.12 15:48]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Tok Roald på senga [18.04.12 11:24]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]













