Vindkraft fram att på Sandøy
Planane om vindkraft er henta fram att på Sandøy. Også Rutledal er inne i bildet, og Sløvåg er kutta ut (Arkivfoto).
Endret 02.06.10 17:58
Det kan verta aktuelt å byggja vindmøller på strekninga Skipavik, Midtbøfjellet og mot Randal. Det er klart etter at Statkraft Agder Energi Vind DA (SAE Vind) har henta fram att planane om å byggja vindmøller på Sandøy.
Hydro hadde tilsvarande planar for ein del år sidan, men dei la planane bort fordi vindmålingar konkluderte med for lite vind.
– Me kjenner til desse målingane, men teknologien har utvikla seg sidan den gongen, og me finn området interessant, seier prosjektleiar Glenn O. Austegard.
Grunneigarmøte
For eit par veker sidan hadde selskapet møte med aktuelle grunneigarar. Møtet var i grendehuset på Sande, og mellom 15 og 20 grunneigarar møtte.
– Som vanleg var det delte meiningar, men fleirtalet av grunneigarane var positive, seier Austegard.
Ein vil no går vidare med kontakten med alle, og ein vil også ha ei synfaring i området seinare denne månaden.
Målingar
Austegard seier at prosjektet er i ein tidleg fase, og det inneber at det er vanskeleg å seia kor mange vindmøller det kan vera snakk om. Men ei utbygging er aktuell heilt frå Skipavik og nordover mot Randal. Ei synfaring skal mellom annan avklara kor yttergrensene for vindparken bør setjast.
Viss konklusjonen er at ei utbygging er aktuell, vil SAE Vind setja opp ei ny målemast for å få nye data på vinden.
Rutledal og
SAE Vind har også undersøkt mogelegheitene for vindmøller i Sløvåg, men har konkludert med at der er for lite vind. Men dei har også eit område aust for fylkesvegen i Rutledal til vurdering.
– Der har me også hatt møte med grunneigarane, og meiningane var delte, seier Austegard.
SAE Vind jobbar også med planar om utbygginga på Brosviksåta. Her arbeider ein no med utforminga av konsekvensutgreiinga.
– Som det leiande selskapet på vindparkar på land har me stor erfaring med vindkraft, og difor ser me Gulen som eit interessant område for utbygging, seier Austegard.
Sogn og Fjordane skal laga ein fylkesplan for vindkraftutbygging. Den vert truleg vedteken til hausten. Før den er på plass, har Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) stansa sakshandsaminga av nye søknader i fylket.
Protesterer mot «tvilsam» ankring
MASFJORDEN: Dei siste månadene har det stadig lege båtar oppankra ved Haugsøytangen i Masfjorden. Det vil kommunestyret ha slutt på.
Mar Christina, som hadde ein eksplosjon ombord ved kai i Sandfjord i fjor, er ein av båtane som skal ha ankra opp her. (Foto: Atle Møller, Sandefjord Blad)
Går for rekorden
KNARVIK: Tysdag og torsdag i neste veke skal Knarvik-elevane samla inn pengar til Aserbajdsjan.
– Tenk nytt, ikkje nedlegging!
Nytenking og spissing av tilbodet var rådet frå dei som skal bestemma. Støttegruppa vil like mykje ha eit breidt tilbod og nybygg ved Austrheim vidaregåande.
Siste kortnytt
- Pågripen med narkotika [03.02.12 15:29]
- Stoppa tvilsam mopedist [03.02.12 12:57]
- Kjørte utfor [03.02.12 10:05]
- Truleg hjartesvikt bak dødsulukke [03.02.12 14:51]
- Kjerringslepp fredag [02.02.12 13:05]
- I fjellveggen på E39 [02.02.12 09:33]
- Rolls Royce måtte evakuerast [01.02.12 14:49]
- Hadde 94 i 60-sona [01.02.12 14:50]
- Raud jolle på frifot [31.01.12 15:31]
- Ikkje slepp hundane fri [31.01.12 12:26]
- Bølla seg rett i kasjotten [30.01.12 10:37]
- Innbrot i rådhuset [30.01.12 10:37]
- Travel helg for politiet [29.01.12 19:20]
- Lindåshallen opnar måndag [29.01.12 19:07]
- Ope møte om Austrheim VGS [29.01.12 19:22]
- Truga med kniv [26.01.12 10:51]
- Bilbrann på Mongstad [26.01.12 10:50]
- Stadig færre vil driva kvalfangst [26.01.12 10:49]
- Endå ein båt på rek [25.01.12 15:46]
- Kjørte på rullestol [23.01.12 13:02]
Mest lest
- Leiteaksjon ved Haglsundbrua [17.01.12 14:19]
- Lindås-dame millionær på Joker [16.01.12 12:45]
- 63 Lotto-millionar til Austrheim-mann [19.01.12 10:12]
- «Heilt utruleg» [13.01.12 20:55]
- Maks gøy å få møta Jan Thomas [09.01.12 17:09]
- Redda jenter med handjern [21.01.12 11:53]
- Kranbil i grøfta [22.01.12 10:05]
- Tom båt låg midt i skipsleia [21.01.12 16:02]
- Ekstremt glatte vegar [22.01.12 10:05]
- 130 let seg inspirera [14.01.12 16:23]
- Redda av BKK [22.01.12 11:12]
- Kjøpefest med sur svie [06.01.12 18:22]
- Massivt nei til vindkraft [18.01.12 09:36]
- Til toppjobb i Bergen [26.01.12 10:47]
- Snøvêr og godt humør [08.01.12 12:58]
- Omkom i dykkarulukke [30.01.12 11:33]
- Spurte biskopen om alkohol, abort og homofili [18.01.12 16:28]
- – Dette får de til viss de berre vil [13.01.12 17:40]
- Har overteke Bestefarstova [31.01.12 11:44]
- Bil på taket på Sletta [13.01.12 20:52]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]









