Grovt innbrot på avrusingskollektiv

  • Her er hybelhuset på Floenkollektivet.

- Dette er grådig trasig. Musikkutstyret blir brukt av husbandet vårt, og er eit populært aktivitetstilbod.

Det seier seksjonsleiar Aase Frammarsvik ved Floenkollektivet på Toska på Radøy. Ein gong i løpet av seine kvelden onsdag 1. februar eller natt til torsdag 2. februar har frekke tjuvar vore på besøk og stole store verdiar frå kollektivet, som er ein del av Helse Bergen si avdeling for rusmedisin.

LES OGSÅ: Børna til brannvesenet kom, avslørt etter knalltabbe

- Dei har tatt gitarar, forsterkarar, mikrofonar og ein miksar. Me synest det er ille at brukarane våre no står utan musikkutstyr, seier Frammarsvik.

Ho har allereie varsla politiet om saka, og skal i dag fredag melda tjuveriet formelt.

Politioverbetjent Kurt Inge Hordvik stadfestar ovanfor Strilen at dei har fått nyss i saka. Dei vil no starta etterforsking.

- Det er tatt såpass mykje utstyr at tjuvane må ha hatt bil eller båt. Bil er vel det mest sannsynlege på denne årstida.

Politiet ønskjer tips frå publikum.

- Om nokon har sett ukjente bilar i området eller noko anna mistenkeleg, vil me gjerne at dei tar kontakt, seier Hordvik.

 

Floenkollektivet

Rusmedisin Floen tilbyr medisinfri og relasjonsbasert rusbehandling til personar i aldersgruppa 18-30 år.

Behandlingstilbodet er delt inn i fire fasar og er basert på ein terapeutisk samfunnsmodell, der ein kan seie at ein nyttar «fellesskapet som metode».

Floen tilbyr, gjennom «Jobb først», arbeidsretta oppfølging for alle elevar i behandling vedFloen kollektivet.