Kven eig denne båten?

Ein 14 fots Pioner-båt, som truleg er stolen, er funnen i Mastrevik.

- Båten kom inn der måndag 6. februar og har ein 9,9 hestar Yamaha påhengsmotor, men inga bensinkanne, seier politioverbetjent Glenn Ulrik Våge.

Han legg til at det er grunn til å tru at båten er stolen fordi det ifølgje han som melde om båten, ser ut som fortøyningstaua er skorne av.

No ønskjer politiet å komma i kontakt med eigar.