Sjekk den vêrmeldinga!

Meteorologisk institutt melder sol heile neste veke.

Sol, sol, sol og meire sol!

Me er nok mange som har lengta etter ho i vinter, og endeleg kjem ho. I alle fall om ein skal tru Meteorologisk institutt. Vêrmeldinga for neste veke er til å bli hoppande glad av.

Store deler av landet skal få fint vêr. I Knarvik skal temperaturane halda seg ein stad mellom eit par plussgrader og ein liten minusgrad gjennom veka og vinden skal liggja på mellom 3 og 5 m/s.

Her er tekstvarselet frå Meteorologisk institutt for Hordaland og Sogn og Fjordande for dei neste dagane:

Sundag: Aust og søraust frisk bris utsette stader, søndag ettermiddag aukande til liten kuling. Stort sett opphaldsver, periodar med sol.

Måndag: Søraust frisk bris utsette stader, om ettermiddagen auking til stiv kuling. Stort sett pent ver.

Tysdag: Sørøstlig bris, kuling utsatte steder. Kan hende litt snø lengst sør, ellers opphold og til dels pent vær.