Thomas (12) kjempar
for trygg skuleveg

  • SKRIV BREV: Etter at Thomas velta på sykkelen bestemte han seg for å kjempa for gang og sykkelveg. Han har sendt brev til alle han trur kan hjelpa, både Statens vegvesen, ordføraren, statsministeren, politiet og Trygg trafikk.

LINDÅS: I haust velta Thomas Vågenes på sykkel i 80-sona. Ingen stoppa for å hjelpa. Då bestemte han seg for å kjempa for gang- og sykkelveg. 

- Eg har skrive brev til Statens vegvesen, Trygg trafikk, ordføraren i Lindås og til statsministeren, og så har eg hatt kontakt med Skyss, Politiet og Utrykningspolitiet.

Thomas Vågenes ramsar opp og viser fram ein bunke med brev. 12-åringen bur i Torvene i Lindås kommune. Frå huset der familien hans bur er det om lag to kilometer til Skodvin skule. Men visst Thomas og tvillingbroren Mikael skal gå eller sykla til skulen, må dei ut i vegbana på Fv 57 der trailerar på veg til Mongstad susar forbi.

- Det kjører 4.400 bilar forbi her kvar dag, seier Thomas.

Eg har skrive brev til Statens vegvesen, Trygg trafikk, ordføraren i Lindås og til statsministeren, og så har eg hatt kontakt med Skyss, Politiet og Utrykningspolitiet.

- Vanskeleg å nekta

Thomas går i sjuande klasse på Skodvin skule, og har sykla og gått til skulen i halvtanna år.

- Før det fekk eg ikkje lov, seier han.

Mamma Torill Vågenes likar ikkje at sønene ferdast langs vegen.

- Men kva skal du gjera. Som mor vil eg gjerne beskytta dei, men samtidig må dei jo få lov til å leva, seier ho.

Dei to sønene hennar fekk begynna å sykla langs vegen etter at dei hadde hatt eit opplegg på skulen der dei hadde mykje fokus på sykling.

- Ein periode hadde skulen også ein kampanje der borna vart oppfordra til å gå eller sykla til skulen, og der dei fekk poeng etter kor aktive dei var. Våre born har lyst å gå til skulen sjølve, og då synest eg det vert feil å nekta dei. Det vert jo snakka så mykje om at det er bra for folkehelsa, og at det er viktig at dei held seg i aktivitet. Men det er jammen ikkje lett å få til når det ikkje vert lagt til rette med gang- og sykkelstiar, seier ho.

Har kjempa i 30 år

Stepappa Frank Åge Iversen fortel at folk i området har kjempa for gang- og sykkelveg i årevis.

- Det har sikkert vore eit tema i 30 år. Eg hadde same skulevegen sjølv. Me gjekk alltid til skulen. Det var skummelt allereie den gongen, og det er mykje meir trafikk her no, seier han.

Frank Åge har engasjert seg ein del for gangvegen tidlegare, men det er ikkje dei vaksne som har oppfordra Thomas til å skriva brev.

Det har han kome på sjølv. Han skriv alle breva og tek alle telefonane sjølv. E-postadresser og telefonnummer til dei forskjellige instansane har han funne på nettet.

- Me visste ikkje nokon ting, før han kom heim ein dag og fortalte at han hadde sendt e-post til Statens vegvesen, seier mamma Torill.

Ho er imponert over det sonen har fått til.

- Det er tydeleg at folk tek han på alvor. Han har fått mange svar. Eg trur han får betre svar enn det me vaksne hadde gjort, om me hadde sendt brev, seier ho.

Velta under autovernet

Thomas skreiv det første brevet til Statens vegvesen i september i fjor.

- Det begynte med at eg velta med sykkelen. Eg var på veg heim frå skulen. Eg bruker alltid refleksvest og lys på sykkelen slik at bilane skal sjå meg. Denne dagen kom det fleire bilar bak meg og fleire bilar mot meg. Eg ville legga meg så langt ut på sida som det gjekk an å koma. Då hamna eg utfor asfaltkanten. Då eg skulle oppatt i vegen, begynte sykkelen å vingla, og eg velta under rekkverket. Det var berre tilfeldig at eg datt den vegen. Eg kunne like godt ha velta ut i vegen og blitt overkjørt av ein bil, seier Thomas.

Han fortel at han krabba vekk for å få beina ut av vegbana.

- Berre politiet stoppa

- Eg slo meg og stod der skadd. Det var heilt tydeleg at eg trengte hjelp, men det var ingen bilar som stoppa. Absolutt ingen stoppa, men etter ei stund kom det ein politibil forbi. Dei stoppa, seier Thomas.

Han synest det var så ekkelt at han skreiv eit lesarbrev til Bergens Tidende. I lesarbrevet oppfordra han bilistane til å tenkja seg om, og så begynte han å skriva brev til alle han han kom på som kanskje kunne hjelpa med å få bygd ein sykkelveg.

Planlegg sykkelvegen i år

- Statens vegvesen har skrive til meg og fortalt at dei vil prioritera å planlegga gang- og sykkelveg frå Skodvin til Vågseidet no i 2015. Det er kjempefint. Men då eg spurte når vegen kunne stå ferdig, fekk eg til svar at det normalt tar to-tre år frå vegen er planlagt til han kan vera ferdig, seier Thomas.

Han vart veldig glad då han fekk høyra om planane.

- Med gang og sykkelveg frå Skodvin til Vågseidet kan eg sykla mange plassar. Då kan eg sykla heilt til venene mine på Hundvin, og når eg begynner på ungdomsskulen, er det faktisk mulig å sykla heit dit. Det blir kjempegøy, seier han.

Men Thomas kan ikkje forstå kvifor folk må kjempa så lenge for å få ein gang- og sykkelveg, og at det må ta så lang tid frå vegen er planlagt til den står ferdig.

Skal sykla med ordføraren

Thomas har invitert både Lindås-ordførar Astrid Aarhus Byrknes og statsminister Erna Solberg med på sykkeltur for å diskutera problemet.

- Ordføraren har sagt ja. Ho skal sykla med meg i mars, og eg skal få vera med henne på eit møte. Eg har snakka mykje med henne. Ho er kjempehyggeleg. Statsministeren har eg ikkje høyrt noko frå, seier Thomas.

- Bør få gratis skuleskyss

Han har også snakka med Skyss på telefonen og skrive e-post til dei om busskort.

- Då eg var yngre, hadde eg rett på fri skuleskyss, men no når eg er eldre seier Skyss at eg ikkje har det lenger. Eg har for kort veg til skulen. Det er berre to kilometer, men dei sa til meg at eg kunne søkja kommunen om å få det likevel på grunn av farleg skuleveg. Og visst ikkje eg har farleg skuleveg, så skjønar eg ingenting, seier Thomas.

No i vinter kjører mamma Torill borna på skulen, og så følgjer dei stort sett skulebussen heimatt sjølv om dei ikkje får gratis busskort. Men Thomas vil eigentleg ikkje ta bussen. Visst han får velja vil han gå eller sykla til skulen kvar dag på ein trygg og god veg. 

 

 

 

Bilder

MIDT I VEGEN: Thomas Vågenes og tvillingbroren Mikael bur berre to kilometer frå Skodvin skule, men for å gå eller sykla til skulen må dei ut på Fv 57 der bilar og trailerar suser forbi i 80 km/t. I fjor haust velta Thomas under autovernet fordi han prøvde å passa seg for bilane.

SKUMMELT: Torill Vågenes og Frank Åge Iversen synest det er skummelt å sjå borna sykla mellom bilane. Som mor vil du gjerne beskytta dei, men kva skal du gjera. Dei må jo få lov å leva, seier Torill.