Tre skadde i utforkjøring på Litlelindås

  • Det var her på Litlelindås ulukka skjedde.

    FOTO: Maria Trå

AUSTRHEIM: Ein person er sendt til Haukeland i luftambulanse og to med sjukebil etter ei utforkjøring ved Litlelindås.

Ulukka skjedde på fylkesvegen ved Litlelindås og vart meld klokka 14.15.

Det var to unge menn og ei ung kvinne i bilen, ein mann på 19 og dei andre to 17 år gamle. Etter utforkjøringa klarte ikkje dei tre å komma seg ut av bilen sjølve.

- Men dei var medvitne og vart hjelpte ut av brannvernet, fortel operasjonsleiar i Vest Politidistrikt, Lars Geitle.

Klokka 14.39 melde 110-sentralen på Twitter at alle dei tre var ute av bilen, og klokka 14.57 melde politiet på Twitter at ein person er sendt til Haukeland i luftambulanse og to med sjukebil .

Ifølgje Haukeland sjukehus sin presselogg, har dei tre status som lettare skadde.