Strilen / Kultur / – Garveriet vert ikkje lagt ned
Brukernavn 
Passord 
 
– Garveriet vert ikkje lagt ned

– Garveriet vert ikkje lagt ned

Eigar av Garveriet, Ole Tom Ones, understrekar til Strilen at Garveriet slett ikkje skal leggast ned, slik mange har trudd.

Publisert 01.03.10 19:09
Endret 01.03.10 19:08

– Det kjem nye leigetakarar frå første april. Og Garveriet skal vera det same, men med meir matservering på vekedagane, seier Ones til Strilen.

– Vert det livemusikk, slik det har vore tradisjon for på Garveriet? (Biletet viser gitaristane i Jumpin’ Back Flash)

– Ja, det vert livemusikk, seier Ones.

Nokre endringar kjem det nok til å verta når Margunn Solvik takkar av og nye folk tek over. Mellom anna skal lokala «shinast opp», ifølgje Ones.

Han og dei nye leigetakarane er einige om utgangspunktet for ein ny kontrakt.

– Det er profesjonelle folk som driv i bransjen i Bergen. Egil Arne Økland har Torget Music Pub, og samarbeidspartnaren han har med seg driv fleire restaurantar i Bergen, seier Ones, som ikkje vil røpa heilt enno kva for restaurantar me snakkar om.

Han fortel elles at han har hatt tre-fire interessentar berre siste året som har sett på utestaden i Isdalstø.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Skodvin-klasse best i avislesing

Skodvin-klasse best i avislesing

Ingen andre sjuande­klassar var like flinke til å hugsa detaljar.

    Protesterer mot «tvilsam» ankring

    Protesterer mot «tvilsam» ankring

    MASFJORDEN: Dei siste månadene har det stadig lege båtar oppankra ved Haugsøytangen i Masfjorden. Det vil kommunestyret ha slutt på.

    Mar Christina, som hadde ein eksplosjon ombord ved kai i Sandfjord i fjor, er ein av båtane som skal ha ankra opp her. (Foto: Atle Møller, Sandefjord Blad)

      Går for rekorden

      Går for rekorden

      KNARVIK: Tysdag og torsdag i neste veke skal Knarvik-elevane samla inn pengar til Aserbajdsjan.

        – Tenk nytt, ikkje nedlegging!

        – Tenk nytt, ikkje nedlegging!

        Nytenking og spissing av tilbodet var rådet frå dei som skal bestemma. Støttegruppa vil like mykje ha eit breidt tilbod og nybygg ved Austrheim vidaregåande.

          «Folk ved fjorden» på kino i Oslo

          «Folk ved fjorden» på kino i Oslo

          Øyvind Sandberg sin siste dokumentarfilm opnar på to kinoar i hovudstaden denne helga.

            Skøyteis på Fossemyra

            Skøyteis på Fossemyra

            «Skøytebana» på Fossemyra opnar i kveld

              Siste kortnytt

              Eldre artikler