– Ikkje lærar, men lærarinne
LINDÅS: Målsak, språk og kjønn var tema for 8. mars-markeringa i Knarvik.
Endret 11.03.10 12:22
– Korleis har det seg at det mannlege namnet lærar er gjort kjønnsnøytralt og gjeldande for både kvinner og menn, når fleirtalet av lærarane er kvinner?
Spørsmålet kjem frå Oddny Miljeteig, som gjerne hadde sett at det i staden heitte ei lærarinne.
– Og så kunne ein sagt ei mannleg lærarinne om det var ein mann.
SV-politikaren frå Bergen hadde fleire døme til dei 35 kvinnene, og fem mennene, som hadde teke turen til Lindås folkeboksamling måndag kveld. Kvinnedagen vart markert med eit arrangement i regi av Lindås folkeboksamling og Alversund mållag.
– Ta no til dømes sosionomar. Det burde heita ei sosionioma, og eventuelt ei mannleg sosionoma dersom det var ein mann, sa Miljeteig.
– Me må tenkja over kva språket eigentleg tener til.
Språk og kjønn
Mellom dei muntre og treffande poenga hadde Miljeteig også nokre alvorlege døme, på korleis språket dekkar over sanninga.
– Det vert snakka om familievald. Men all statistikk viser at dette ikkje er kjønnsnøytralt i det heile, det er vald mot kvinner og barn. Og det er ikkje noko som har kome med innvandring, det har pågått i hundrevis av år frå den norske mannen, sa Oddny Miljeteig.
– Når det er slik, er det fordi det er patriarkatet sitt språk.
Hennar eige likestillingsengasjement vart tent alt i barndommen, då foreldra kom heim frå eit jubileum i sparebanken, og mora sitt namneskilt var merka «fru Ola O. Miljeteig».
– Først tenkte eg at det var feil, sidan det på far sitt heitte «herr Ola O. Miljeteig», sa Oddny Miljeteig.
– Det var vel då eg vart feminist.
Målkvinner
Oddny Miljeteig er aktiv i arbeidet for nynorsken, og har vore engasjert i Noregs Mållag. Den andre innleiaren måndag, Eli Bjørhusdal, fortalde om arbeidet til den tidlege målrørsla, der kvinnesak og målsak gjekk hand i hand.
– Nikka Vonen (1836-1933) dreiv skule på Dale, og jentene der var dei første i landet som fekk opplæring i sløydfaget, fortalde Eli Bjørhusdal.
– Ho var også kjent som målkvinne, og samla lokale eventyr og segner som vart trykte i Aa. O. Vinje si avis «Dølen».
Bjørhusdal er doktorgradsstipendiat i norsk ved Høgskulen i Sogndal, og refererte litt frå hovudoppgåva ho har skrive, som er gjeven ut i bokform med namnet «Målkvinner før 1900».
– Og så er det Fredrikke Marie Quam, som var heilt sentral mellom annan i arbeidet med å gjera Venstre til eit målparti.
Quam (1843-1938) var engasjert i ei rekkje kvinnesaksorganisasjonar, og hadde leiar- og styreverv i Norsk Kvinnesaksforening, Norske Kvinners Sanitetsforening, Norske Kvinners Nasjonalråd og Landskvinnestemmerettsforeningen.
– Fredrikke Marie Quam var også ei av ikkje veldig mange kvinner på skipingsmøtet til Mållaget, i 1906.
Skuggen av Garborg
Eli Bjørhusdal har i «Målkvinner før 1900» vist at mange nynorskkvinner kom i skuggen av Hulda Garborg (1862-1934). Garborg var motstandar av det som var moderne kvinnesak på den tida.
– Garborg framstiller i skjønnlitteraturen og i avisartiklar kvinna som driftsvesen, som kjønn, som elskande og mor, og som ingenting utan denne kjærleiken til mannen eller omsorga for borna.
Sidan Garborg i ettertida har vorte det Bjørhusdal kallar ein «kvinneleg norskdomskjendis», har hennar syn på kvinnesaka dekka for det mangfaldet som verkeleg fanst. Slik
Bjørhusdal ser det var det fleire kvinner som kjempa både for kvinnesak og målsak.
– Det er all grunn til å vera glad for bygdefeminismen og det som dette har gjort for kvinnerettar og likestilling.
FORTALDE EVENTYR: Bente Bing Kleiva las høgt sitt eige eventyr, der jenta slett ikkje ville gifta seg, slik kongen ville ha det.
Protesterer mot «tvilsam» ankring
MASFJORDEN: Dei siste månadene har det stadig lege båtar oppankra ved Haugsøytangen i Masfjorden. Det vil kommunestyret ha slutt på.
Mar Christina, som hadde ein eksplosjon ombord ved kai i Sandfjord i fjor, er ein av båtane som skal ha ankra opp her. (Foto: Atle Møller, Sandefjord Blad)
Går for rekorden
KNARVIK: Tysdag og torsdag i neste veke skal Knarvik-elevane samla inn pengar til Aserbajdsjan.
– Tenk nytt, ikkje nedlegging!
Nytenking og spissing av tilbodet var rådet frå dei som skal bestemma. Støttegruppa vil like mykje ha eit breidt tilbod og nybygg ved Austrheim vidaregåande.
Siste kortnytt
- Pågripen med narkotika [03.02.12 15:29]
- Stoppa tvilsam mopedist [03.02.12 12:57]
- Kjørte utfor [03.02.12 10:05]
- Truleg hjartesvikt bak dødsulukke [03.02.12 14:51]
- Kjerringslepp fredag [02.02.12 13:05]
- I fjellveggen på E39 [02.02.12 09:33]
- Rolls Royce måtte evakuerast [01.02.12 14:49]
- Hadde 94 i 60-sona [01.02.12 14:50]
- Raud jolle på frifot [31.01.12 15:31]
- Ikkje slepp hundane fri [31.01.12 12:26]
- Bølla seg rett i kasjotten [30.01.12 10:37]
- Innbrot i rådhuset [30.01.12 10:37]
- Travel helg for politiet [29.01.12 19:20]
- Lindåshallen opnar måndag [29.01.12 19:07]
- Ope møte om Austrheim VGS [29.01.12 19:22]
- Truga med kniv [26.01.12 10:51]
- Bilbrann på Mongstad [26.01.12 10:50]
- Stadig færre vil driva kvalfangst [26.01.12 10:49]
- Endå ein båt på rek [25.01.12 15:46]
- Kjørte på rullestol [23.01.12 13:02]
Mest lest
- Leiteaksjon ved Haglsundbrua [17.01.12 14:19]
- Lindås-dame millionær på Joker [16.01.12 12:45]
- 63 Lotto-millionar til Austrheim-mann [19.01.12 10:12]
- «Heilt utruleg» [13.01.12 20:55]
- Maks gøy å få møta Jan Thomas [09.01.12 17:09]
- Redda jenter med handjern [21.01.12 11:53]
- Kranbil i grøfta [22.01.12 10:05]
- Tom båt låg midt i skipsleia [21.01.12 16:02]
- Ekstremt glatte vegar [22.01.12 10:05]
- 130 let seg inspirera [14.01.12 16:23]
- Redda av BKK [22.01.12 11:12]
- Kjøpefest med sur svie [06.01.12 18:22]
- Massivt nei til vindkraft [18.01.12 09:36]
- Til toppjobb i Bergen [26.01.12 10:47]
- Snøvêr og godt humør [08.01.12 12:58]
- Omkom i dykkarulukke [30.01.12 11:33]
- Spurte biskopen om alkohol, abort og homofili [18.01.12 16:28]
- – Dette får de til viss de berre vil [13.01.12 17:40]
- Har overteke Bestefarstova [31.01.12 11:44]
- Bil på taket på Sletta [13.01.12 20:52]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]






