Strilen / Kultur / – Kongeleg stempel på Utvandrarsenteret
Brukernavn 
Passord 
 
– Kongeleg stempel på Utvandrarsenteret

– Kongeleg stempel på Utvandrarsenteret

Del | |

Asbjørn Ystebø ­deler St. Olavs­medaljen med dei som har støtta ­ideane hans.

Publisert 15.03.10 18:36
Endret 15.03.10 18:36

Søndag fekk Ystebø tildelt medaljen av fylkesmann Svein Alsaker, under ein seremoni i ei fullsett Emigrant­kyrkje på Sletta.

I takketalen la Ystebø vekt på at sjølv om han har hatt ideane, så har fleire måtte jobba for å få ideane verkeleggjort.

– Og alle her kan gle seg over det kongelege stempelet som no er sett på det arbeidet som er gjort her på Sletta, sa Ystebø.
Vestnorsk Utvandringssenter på Sletta er det mest synlege beviset her i Noreg på det arbeidet Ystebø har gjort, men det er ikkje grunnen aleine for at 64-åringen er tildelt medaljen.

Kulturutveksling
Ystebø har fått St. Olav for det arbeidet han har gjort for sambandet mellom norsk og amerikansk kultur. På skulen Daniel­sen VGS der han jobbar, har Ystebø i løpet av dei siste tjue åra vore med på å senda nesten 600 elevar på utveksling til USA. Han har også stått for ei rekkje temareiser i USA, der han har teke nordmenn med seg på ei rundreise i emigrantane sine fotspor.

I Fylkesmannen si grunngjeving for prisen vert det også vist til at Ystebø har engasjert seg i arbeidet for rusavhengige ungdommar, både her i landet og i utlandet.

– Ser vidare
Vestnorsk Utvandringssenter (VUS) på Sletta omfattar i tillegg til Emigrantkyrkja også fleire andre bygg som er flytte frå USA til Noreg. Frå midten av april tek det til ein avdelingsleiar som skal leia arbeidet ved VUS, og Ystebø håpar at ein skal klara å utvikla senteret vidare.

– Saman med Museums­senter­et Hordaland, som me no er ein del av, så ser me framover her på Sletta, sa Ystebø.

– Uvanleg kreativ
Styreleiar ved VUS, Olav Ståløy, skildra Ystebø som ein uvanleg kreativ mann. Ståløy gav eit lite innblikk i korleis senteret har vorte bygd opp sidan starten.

– Asbjørn Ystebø har sjølv sagt at me aldri har gjort noko rett her, men me har likevel fått til alt dette, sa Ståløy.

– Her på Sletta, slik som emigrantane på prærien, så har ideen og visjonen vore det viktigaste. Me har ikkje alltid hatt budsjett og finansieringsplan, men me har fått det til. Du Asbjørn er uvanleg kreativ, kunnskapsrik, utadvent og inspirerande, var attesten frå Ståløy.

Ystebø fekk også gode skussmål frå Radøy-ordførar Jon Askeland.
– Eg vil seia at du er ei eldsjel. Og ei eldsjel midt i dugnadsbygda Sletta, kva kan vel passa betre, sa Jon Askeland.

– Betalt tilbake
Rektor ved Danielsen VGS Nils Ivar Brennhaug sa i si helsing at skulen hadde gjeve Ystebø «frie taumar» til å jobba med sine prosjekt, mellom dei elevutvekslinga til Minnesota i USA.

– Snart har i alt 600 ungdommar fått ei unik innføring i dette med å tilpassa seg ein annan kultur, sa rektor Brennhaug.

– Elevane har fått møta ein kultur som nok er meir tufta på eit kristent menneskesyn og verdigrunnlag, enn det samfunnet vårt kan by dei.

– Det skulen har gitt deg, det har du betalt tilbake i rikt monn.

– Saman
Asbjørn Ystebø har som namnet tilseier sine røter på Sletta, men som skulegut flytte familien til Hardanger der han vaks opp.

Kona Ella Ystebø er frå Njøten i Austrheim, dei to møttest under skulegang på det som heitte Hordaland fylkeskommunale gymnas. Dei deler interessa for USA, og kona Ella er alltid med når turen går vestover.

– USA er eit fantastisk land, der me trivest veldig godt. Det er eit land utan jantelov, der folket me møter er hjartelege, vennlege og inkluderande, seier Ella Ystebø.

– I neste veke går turen til USA igjen, me skal vera med på ei rundreise saman med elevar og lærarar frå Danielsen VGS.
Ekteparet har tre born, og tre barneborn.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Hipp hipp hipp hurra!

Hipp hipp hipp hurra!

Litt regn bryr ikkje Victoria (8) og Samuel (11) seg om.

    «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

    «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

    MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

      Meland veks fortast

      Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.

        Hamstra brød i Knarvik

        Hamstra brød i Knarvik

        Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.

          Foten ned for full utbygging

          Foten ned for full utbygging

          AUSTRHEIM: Dersom planar om bustadfelt på Solesjøen skal få grønt lys, må utbyggjaren redusera talet på bustader kraftig.

            Vil du vera reiseleiar i sommar?

            Vil du vera reiseleiar i sommar?

            Er du reiselysten og samstundes interessert i å jobba med born? Då kan du få hjelpa Astrid, Mille, Sander og Eilif med å få oppleva sitt livs eventyr i sommar.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler