– Umuleg å gløyma korpstida
Gamle musikantar i Skodvin skulemusikk fann tonen att på reunionsøving på skulen.
Endret 10.06.10 12:51
– Hugsar de første korpsturen. Knut Harald bretta opp dressbuksa og spelte fotball i klogger.
– Ja, og då me vann NM i -86. Det var det beste av alt. Me var så stolte. Det gløymer eg aldri.
Praten gjekk ivrig då tidlegare musikantar i Skodvin skulemusikk var samla til kombinert øving og gjenforeningsfest.
20 år sidan sist
Korpset vart stifta i 1976, og har samla mange håpefulle musikantar opp igjennom åra.
– Mange av dei som er samla her i dag var med frå starten av. Ein del av oss har kome saman til tidlegare jubileum, men nokon av dei som er her i dag har ikkje sett kvarandre på 20-25 år. Du kan trygt seia at praten går ivrig, seier Asbjørn Hauge.
Han tok initiativ til samlinga, og angra ikkje.
Planlegg konsert
– Eg fann ut at det var på tide at me fekk mimra litt og me må sjølvsagt spela litt også for å sjå kva me hugsar att frå gamle dagar. Øvinga er rein moro, men dersom det går bra, stiller me på konsert med dagens skulekorps i oktober, seier Asbjørn optimistisk.
Når Strilen spør korleis repertoaret vert bestemt, stikk han fingeren opp i lufta og gliser.
– Me ser kva veg vinden bles.
– Ja, me har meldt inn ønskje, seier Toril Ones nøgd.
– Og dei vart nedstemt, flirer Asbjørn.
– Null fråvær
Knut Harald Rydland studerer det heile frå avstand. Han er ikkje i tvil.
– Dei er nett so før. Dei har ikkje forandra seg det minste.
Han kan stadfesta historia med kloggane og dressbuksa.
– Me har hatt veldig mykje moro. Eg begynte som dirigent for Skodvin i 1978. Då var me like grøne både eg og musikantane. Sidan gjekk det berre ein veg, og det var rett oppover. Den gjengen som var i korpset på 1980-talet hadde ein spesielt bratt læringskurve. Dei var kjempemotiverte og gav alt. Eg hugsar me dreiv og registrerte fråvær. To år på rad kunne me skriva null. Det var heilt spesielt. Folk trudde ikkje på at det kunne vera sant, seier dirigenten, som leia korpset på Skodvin fram til i fjor.
Båstadlundguttenes marsj
– Eg aner ikkje kor mange musikantar som har vore innom her, men det er ikkje få. Mange heldt fram med å spela i andre korps då dei måtte gå av for alderen her.
– Og fleire av dei har funne vegen hit i dag?
– Å, ja. Det er ein flott gjeng som er kome hit i dag. Det har kome folk heilt frå Lillesand og Haugesund for å vera med. Nokre har lang fartstid i elitekorps, andre har ikkje tatt i eit instrument sidan dei slutta i skulekorpset. Det er ei spesiell blanding.
– Korleis taklar ein slik?
– Det går så bra så. Å spela er som å sykla. Har du først lært det så kjem det alltid tilbake, seier Knut Harald og tek plass på dirigentkrakken.
– Gjer klar for Båstadlundguttenes marsj.
HELDT ROEN: – Dei er nett som før, flira Knut Harald Rydland. Han har lang fartstid som dirigent og helt roen sjølv om nokon av musikantane var litt rustne.
Protesterer mot «tvilsam» ankring
MASFJORDEN: Dei siste månadene har det stadig lege båtar oppankra ved Haugsøytangen i Masfjorden. Det vil kommunestyret ha slutt på.
Mar Christina, som hadde ein eksplosjon ombord ved kai i Sandfjord i fjor, er ein av båtane som skal ha ankra opp her. (Foto: Atle Møller, Sandefjord Blad)
Går for rekorden
KNARVIK: Tysdag og torsdag i neste veke skal Knarvik-elevane samla inn pengar til Aserbajdsjan.
– Tenk nytt, ikkje nedlegging!
Nytenking og spissing av tilbodet var rådet frå dei som skal bestemma. Støttegruppa vil like mykje ha eit breidt tilbod og nybygg ved Austrheim vidaregåande.
Siste kortnytt
- Pågripen med narkotika [03.02.12 15:29]
- Stoppa tvilsam mopedist [03.02.12 12:57]
- Kjørte utfor [03.02.12 10:05]
- Truleg hjartesvikt bak dødsulukke [03.02.12 14:51]
- Kjerringslepp fredag [02.02.12 13:05]
- I fjellveggen på E39 [02.02.12 09:33]
- Rolls Royce måtte evakuerast [01.02.12 14:49]
- Hadde 94 i 60-sona [01.02.12 14:50]
- Raud jolle på frifot [31.01.12 15:31]
- Ikkje slepp hundane fri [31.01.12 12:26]
- Bølla seg rett i kasjotten [30.01.12 10:37]
- Innbrot i rådhuset [30.01.12 10:37]
- Travel helg for politiet [29.01.12 19:20]
- Lindåshallen opnar måndag [29.01.12 19:07]
- Ope møte om Austrheim VGS [29.01.12 19:22]
- Truga med kniv [26.01.12 10:51]
- Bilbrann på Mongstad [26.01.12 10:50]
- Stadig færre vil driva kvalfangst [26.01.12 10:49]
- Endå ein båt på rek [25.01.12 15:46]
- Kjørte på rullestol [23.01.12 13:02]
Mest lest
- Leiteaksjon ved Haglsundbrua [17.01.12 14:19]
- Lindås-dame millionær på Joker [16.01.12 12:45]
- 63 Lotto-millionar til Austrheim-mann [19.01.12 10:12]
- «Heilt utruleg» [13.01.12 20:55]
- Maks gøy å få møta Jan Thomas [09.01.12 17:09]
- Redda jenter med handjern [21.01.12 11:53]
- Kranbil i grøfta [22.01.12 10:05]
- Tom båt låg midt i skipsleia [21.01.12 16:02]
- Ekstremt glatte vegar [22.01.12 10:05]
- 130 let seg inspirera [14.01.12 16:23]
- Redda av BKK [22.01.12 11:12]
- Kjøpefest med sur svie [06.01.12 18:22]
- Massivt nei til vindkraft [18.01.12 09:36]
- Til toppjobb i Bergen [26.01.12 10:47]
- Snøvêr og godt humør [08.01.12 12:58]
- Omkom i dykkarulukke [30.01.12 11:33]
- Spurte biskopen om alkohol, abort og homofili [18.01.12 16:28]
- – Dette får de til viss de berre vil [13.01.12 17:40]
- Har overteke Bestefarstova [31.01.12 11:44]
- Bil på taket på Sletta [13.01.12 20:52]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]






