100 år over 98 sider
Anne-Lise Eidsnes gav bort ein familieskatt i julegåve.
Endret 03.01.12 12:00
I eit halvt år har Anne-Lise Eidsnes jobba i løynd med ei julegåve utanom det vanlege. I ei fotobok på 98 sider har ho dokumentert familiehistorie sentrert rundt livet til Borghild Eidsnes, farmor til mannen hennar, Egil Magnar Eidsnes.
– Borghild budde i huset her med oss i 19 år. Ho var ei fantastisk dame, elles hadde det ikkje gått så bra å bu ilag. Eg ville æra henne og sy saman historia hennar med slektshistoria vår, slik at dei fem sønene våre og deira etterkommarar får vita ting som elles ville vorte borte, seier Anne-Lise.
Borghild gjekk bort i 2007. Då var ho nesten 102 år gammal.
– Då me rydda i tinga hennar, fann me mange fine bilete. I tillegg hadde ein anna slektning, Hugo, mange bilete, som òg er med i boka, seier Anne-Lise.
Alle hennar fem søner har fått oppleva Borghild, eller Ollo, som dei kallar henne.
– Ho var veldig spesiell for gutane. Dei ålte seg ned på kjøkenet her til Ollo sidan dei var små. Her fekk dei snop og drakk mjølkete, seier Anne-Lise.
Fødd til sjølvstende
Borghild vart fødd på Eikanger 9. juni 1905, same dag som unionsoppløysinga. Ho var det tredje av dei åtte borna Malena og Sivert Eikanger fekk, men då ho vart fødd, var ikkje Sivert heime, men stasjonert som offiser på Ulven.
Det må ha vore spesielt å kunna heisa det norske flagget for første gong, same dag som dottera kom til verda. Han sendte i alle fall heim eit bilete, tatt 9. juni 1905, av det norske flagget på flaggstonga på Ulven. 20 år seinare, skreiv Sivert dette diktet til Borghild:
Kjære Borghild mi!
Tjuge aar ein milepæl
du for framum just i dag.
Du kan tru, eg sansa vel
me paa Ulven skifte flag.
Unionens merke ramla
Noreg vart for nordmenn samla.
Kunne dei paa denne dag
riva burt eit onnort merke:
Union med syndig lag
verta med dei frie sterke.
Daa vert livet ljost og milt
hjarta også trygt og stilt.
Lukka finns i Jesus Krist.
Dette, Borghild, veit eg visst.
I dag med mine beste tankar
fadarhjarta for deg bankar!
16 sysken
Mor Malena døydde i barsel etter å ha fødd tvillingar då Borghild var 6 år gammal. Malena vart gravlagd saman med den eine tvillingen, som døydde to dagar gammal.
Borghild reiste då for å bu med tante Anna i Tellevik. Sivert gifta seg oppatt med Brita Jacobsdatter Helland og fekk åtte born til.
«Der Sivert kom var der alltid liv» skriv Anne-Lise i boka. Han var munter, men kunne vera streng.
– Sivert var eventyrlysten. Han reiste fleire turar til Amerika, var lensmann i Hamre frå 1928 til 1945 og reiste nokre gonger rundt som emissær, fortel Anne-Lise.
Han dikta, las bøker og var tidleg ute med film og kamera. Alt i 1938 filma han med smalfilm. Lesegleda smitta over på dottera Borghild.
– Borghild var så glad i bøker. Ho las både norske og engelske bøker til ho var godt oppi 90-åra, for ho hadde budd i Amerika i fem år og kunne engelsk godt, seier Anne-Lise.
Svigermor over senga
Kvar sommar fekk svigerforeldra til Borghild amerikabesøk til garden på Bakko på Eidsnes. Portrettbileta av Ingeborg og Lars Eidsnes heng i dag på heidersplass i stova i huset.
– Bileta var over senga til Borghild i alle år, men då Borghild var i 90-åra, vart det slutt på det. «No er eg så trøytt av at ho heng der og stirrar på meg» sa ho, og så flytta me dei ned her, ler Anne-Lise.
Borghild var fødd Eikanger, men gifta seg til å heita Eidsnes. Svigerinna hennar heitte òg Borghild, men ho var fødd Eidsnes og gifta seg til å heita Eikanger.
Dei var gode venninner i alle år og hadde ikkje problem med namneforviklingar før dei hamna på same rom på sjukeheimen. Då var dei 99 og 101 år gamle og personalet byta om gebissa deira fordi det stod «Borghild» på begge glasa. Borghild (Ollo) var 99 då ho flytta på sjukeheimen. Ho var oppteken av å ikkje vera til bal for nokon.
– «Ikkje sei meg at gamle folk ikkje er til bal» sa ho då me forsøkte å overtyda ho om at ho ikkje var noko byrde for oss. Men ho hadde jo pleia både svigerfaren, «Tollefs-Lars», og hans mor, Brita Romarheim Eidsnes, då dei trong det i alderdommen, så ho visste kva ho snakka om, fortel Anne-Lise.
– Ein skatt
Fotoboka fortel om dette og mykje meir. Det står om naboar, bryllaup, gravferder, born fødde og born som ikkje vaks opp.
Etterkommarane har òg fått sin plass, inkludert siste skot på Eidsnes-stammen, Leonardo. Han er Anne-Lise sitt første barneborn og kjem no inn i stova i huset på Bakko for å eta frukost med mamma Marita og pappa Espen Eidsnes.
– Dette er ein utruleg fin og verdifull julegåve å få. Det er jo ein skatt me har fått, seier Marita.
«Halve» bygda stiller som nattevandrarar
MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.
Meland veks fortast
Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.
Hamstra brød i Knarvik
Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.
Siste kortnytt
- Trafikkulukke på Hagelsundbrua [16.05.12 16:18]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
- Mistenkjer promillekjøring [03.05.12 15:02]
- Bråk på busstopp og legevakt [03.05.12 15:00]
- Brannvernet sløkkte, mann tente på [03.05.12 14:59]
- Bråk i badevika [30.04.12 10:31]
- Har du mista pengane dine? [30.04.12 10:30]
- Mobilinnsamling heile veka [30.04.12 09:01]
Mest lest
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Bygg som nesten er for lite [20.04.12 21:48]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Til alters etter 28 års prøvetid [14.04.12 15:48]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Tok Roald på senga [18.04.12 11:24]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]






