Strilen / Kultur / – Takk for meg
Brukernavn 
Passord 
 
– Takk for meg

– Takk for meg

Knut Harald Rydland takkar av som ­dirigent, etter over førti år med taktstokken.

Publisert 19.06.09 18:10
Endret 22.06.09 09:28

«Presis? Det er litt for seint». Det brukte Knut Harald Rydland å seia når etterdiltarane ramla inn dørene til korpsøving medan dei punktlige løfta instrumenta for å spela intervall og skala. Og kva er betre måte å møta laurdagsgjesten på, enn å komma akkurat litt for seint til avtalen?

– He, he, det går heilt fint, ler Knut Harald.

Han sit på terrassen sin kloss i vegen på Seim og nyt livet i solveggen.
Og det går faktisk fint.

Vert sakna
Det er ein overraskande avslappa og tilbakelent dirigent som møter Strilen denne junidagen. Den rutinerte, kan henda ein liten legende av ein ­dirigent, skal nemleg leggja frå seg dei avbitne ­dirigentpinnane sine, og overlata barkrakken ved dirigentstativet til nokon andre. Han tek AFP i ein alder av 63.

– Eg går av med ein god følelse, så lenge eg veit at det er ein dirigent som tek over, og ikkje berre ein som slår takten, seier Knut Harald, men utan å overbevisa.

– Har du ein finger med i spelet på kven det vert?
– He, he. Tja. Eg har vel sagt ifrå til nokon at eg skal slutta, seier han med eit lurt glis.

I Skodvin er det alt klart at svigersonen skal føra korpset vidare. På Kløvheim er det heile framleis litt uvisst. Det som er sikkert, er at mange vil sakna dirigenten som har gjort så mykje for skulekorpsa.

Banalt å konkurrera
Sjølv om Knut Harald ser roleg ut, med armane i kross og brillene hengjande om halsen, set han seg plutseleg opp, grip om den omfattande nøkkelhanka og byrjar å tappa dei mot bordet. Han er i rytme og i rute. Snart skal han av garde til siste øving med skulekorpsa sine, før dei skal på scena i Stavanger og spela noregsmeisterskap.

– I fjor var det topp innsats frå begge korpsa og dei plasserte seg begge i toppen. Det skal nesten ikkje gå an det, seier han og ristar nesten overraska på hovudet.

Det er ikkje hemmeleg at dirigentar ofte har ­konkurranseinstinkt. Knut Harald er ikkje noko unntak.

– Å konkurrera i musikk er jo nesten banalt. Men eg har ikkje funne nokon betre måte å tenna musikantane på øving, enn konkurranseelementet.

Kongeleg innspurt
Det er litt av ein innspurt veteranen har hamna oppi. Siste veka som dirigent har han vore på øving i eitt sett. Førre helg dirigerte han korps på kulturskulen si avslutning, og fekk heider. Onsdag diri­gerte han Kløvheim og Skodvin framfor kongen på Håkonshaugen, og jammen fekk han ikkje plass til ein middag med kongen, og 500 andre, også. 

– Eg var så heldig å verta invitert. Og det var så flott. Eikanger-Bjørsvik musikklag spelte heilt fantastisk, seier EBML-tilhengjaren.
På 80-talet gjekk han mykje på øvingane til Eikanger-Bjørsvik for å læra.

– Eg trur eg var på alle øvingane i -81.

No kan han kanskje ta opp att onsdagsbesøka.

– Madammen har klubb annankvar onsdag, det passar fint. Og eg kjem til å gå på konkurransar og konsertar, berre for å nyta. Og gjerne vera litt kritisk, seier han med glimt i auga.

Og dersom nokon skulle vera i tvil – som pensjonist har han lov til å tena ein liten slump pengar.

– Så om nokon har bruk for ein gammal mann til eit prosjekt…

– Knena oppunder haka
Knut Harald kjem frå ein musikalsk familie, der alle utanom mor hans spela. Hans første kontakt med korps, var i Seim musikklag.

– Eg og fatter’n fekk instrument første dagen, minnest Knut Harald.
Han er så og seia sjølvlært og hugsar godt at det var mykje øving.

– Eg sleit som ein helt for å klara skala opp til G. Eg hadde knena nesten oppunder haka. Ein må berre læra å pusta riktig, seier han.

Og det lærte han. I sin ungdom spelte han mykje til dans, med band som Top Trio, Medley og Svein Halvards.

Han byrja også tidleg å dirigera. Ein gong midt på 60-talet, då Knut Harald var tidleg i tjueåra, stod han føre Seim musikklag. Sidan har han dirigert rundt 20 lokale korps, men aller lengst har han stått føre Skodvin skulemusikk. Der byrja han i 1978.

– Agnaren (Konglevoll, red. anm.) kom til meg og spurde om eg ville dirigera Skodvin. Og sia har det gått i eitt.

Optimistisk bonde
Ved sida av har Knut Harald og kona Aud Karin også drive odelsgarden han overtok i -72.

– Me satsa på 70-talet og bygde nytt. I fjor la me ned, det var så lite att å bala med, eit ork, fortel han.

I -87 byrja han å arbeida gjennom musikkskulen, og sidan då er det dirigentjobben han har levd av. Det beste med jobben, meiner han er å få sjå utviklinga hjå ungdommen. Og det er ikkje få ungdommar han har hatt innom i skulekorpsa.

– Kjenner du att alle?
– Kjenner att og kjenner att. Eg veit kvar eg har dei frå, seier han og smiler.

Yrke: bestefar
Når kveldane har vore vigde born og unge i korps, ryk det nødvendigvis med mykje tid med familien.

– Ho som eg bur ilag med har nok måtta svidd litt tå da. Ho har vore i floren kvar kveld. Og medan andre kanskje går til naboen og hyggjer seg, så har eg stått på Kløve og vifta med dirigentstokken. Ho har måtta gått åleine på mykje. No skal me ha fri i lag. Me skal til Nordkapp, seier Knut Harald.

Den tidlegare trailersjåføren gler seg til å setja seg bak rattet i bubilen. Han ser heller ikkje vekk ifrå at han vil bruka meir til på familien elles, og særleg barnebarnet Henrik.

– Bestefar, det er eit yrke ein skulle hatt.

– Vert det korps på Henrik då?
– Han er med på konsertar. Her sist sa han at det var kulast med dei med gitar, seier bestefaren, og synest førebels at det er heilt i orden.

Siste kullet
Disiplin har alltid vore eit nøkkelord når Knut Harald har stått framfor eit 30-tals ungar med messinginstrument i fanget og lopper i blodet.

– Eg trur ikkje eg har prylt nokon, spøkjer dirigenten og ler, når han får spørsmål om ikkje han har vore vel streng.

– Men dette med oppdraging er viktig og ein må ha disiplin. Eg startar alltid aspirantundervisninga med å spørja om dei veit kva disiplin er.

– Veit dei det?

– Nei, men det er utruleg kor fort dei lærer. Og når eg seier at barnehagen stengte klokka fem, så vert det stille, seier Knut Harald, og no nikkar nok mange av musikantane hans attkjennande.

Denne veka hadde Knut Harald sin siste opptaksprøve med aspirantar. Han kan ikkje komma med nokon konkret grunn til at han no takkar av.

– Nok er nok, seier han berre. Han er nøgd.

Gammal og seig
Me vågar til slutt å spørja om han trur nokon kan fylla skoa hans når han takkar av.

– Gje dei litt tid til å erfara saker og ting. Dei er dyktige dirigentar, og kan nok mykje meir om musikk enn eg. Og eg har sikkert vore gammal og seig, seier han med eit smil.

– Er det vemodig å gje seg?

– Om det vert like flott å slutta å dirigera som å slutta med dyr og gard, så vert det herleg, seier han, før han igjen samlar nøklane i hendene, ivrig etter å komma seg på øving.

For før han gir seg, skal han rutinert leia sine to skulekorps gjennom ein siste meisterskap for skulekorps med pinne i handa. Som avskjedsgåve ønskjer han seg ikkje sigrar, men to gode konsertar.

– Når korpsa gjev gode konsertar – dei treng ikkje vinna då.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Skodvin-klasse best i avislesing

Skodvin-klasse best i avislesing

Ingen andre sjuande­klassar var like flinke til å hugsa detaljar.

    Protesterer mot «tvilsam» ankring

    Protesterer mot «tvilsam» ankring

    MASFJORDEN: Dei siste månadene har det stadig lege båtar oppankra ved Haugsøytangen i Masfjorden. Det vil kommunestyret ha slutt på.

    Mar Christina, som hadde ein eksplosjon ombord ved kai i Sandfjord i fjor, er ein av båtane som skal ha ankra opp her. (Foto: Atle Møller, Sandefjord Blad)

      Går for rekorden

      Går for rekorden

      KNARVIK: Tysdag og torsdag i neste veke skal Knarvik-elevane samla inn pengar til Aserbajdsjan.

        – Tenk nytt, ikkje nedlegging!

        – Tenk nytt, ikkje nedlegging!

        Nytenking og spissing av tilbodet var rådet frå dei som skal bestemma. Støttegruppa vil like mykje ha eit breidt tilbod og nybygg ved Austrheim vidaregåande.

          «Folk ved fjorden» på kino i Oslo

          «Folk ved fjorden» på kino i Oslo

          Øyvind Sandberg sin siste dokumentarfilm opnar på to kinoar i hovudstaden denne helga.

            Skøyteis på Fossemyra

            Skøyteis på Fossemyra

            «Skøytebana» på Fossemyra opnar i kveld

              Siste kortnytt

              Eldre artikler